Sunday, January 6, 2013

Welcome to Korea

Då er vi endelig framme! Eller, vi har vore framme no eit par dager, komme oss inn i leiligheten vår og fått litt ting på stell. Deilig.
Vi kom fram torsdags morgon. Flyturen med Sigrid gjekk egentlig veldig bra, igjen! Vi har ein flink liten turkamerat :) Ho fekk ikkje sove så mykje på flyturen, så når me kom fram til leiligheten sov både ho og mor eit par timer. Veldig lurt for Sigrid, ikkje fullt så lurt for mor, då jetlagen meldte sin annkomst klokka 02.00 natt til fredag.. Men ikkje så gale at det ikkje er godt for noko, fekk prata med bestemor Tvedt den natta, og det var jo kjekt. Sør-Korea ligg 8 timer framfor Norge, så er litt planlegging og rekning på timar når vi skal prate med dei i gamlelandet..
No trur eg alle tre har komme greit inn i døgnrytmen her, og Sigrid søv som eit barn om natta ;)



Ellers er vi veldig fornøgde med leiligheten vi skal bu i! Her er så mykje plass som vi aldri har hatt før, med 2
bad, massevis med garderobeplass, eit stort og godt kjøkken/stove og 3 soverom + kontor. Her trur eg vi kjem til å trivast :) Nokre finurligheter er her jo som vi ikkje er vande med. Her er for eksempel vannbåren varme i alle golv BORTSETT frå på bad! Dei er iskalde!! Sikkert fint om sommeren når det er godt og varmt ute, men no når det er vinter og minusgrader er det ganske kaldt.
Toalettet på eine badet er ganske høgteknologisk, og kan spyle deg både her og der trur eg. Vi har ikkje våga oss på å prøve andre funksjoner enn nedoverspylinga enno :p
Ellers er sengene steinharde. Men, det trur vi at vi kjem til å bli vande med. Om ikkje får vi få tak i overmadrasser.
Jenterommet er allerede klart :)
Kjem fleire bilder når vi har fått satt vårt "personlige preg" på leiligheten. Nett no er den litt for personlig med alle tinga våre liggande litt for mykje rundt om kring.. :p

Vi har også prøvd oss litt på butikken her og handla mat og litt ting til heimen. Dette går for såvidt greit, men litt språkproblemer blir det jo. Spesielt når det meste av teksten står på koreansk og ser slik ut:
식리 사라 이와
Det har resultert i litt bomkjøp her og der, vi vasker visst opp med ein skobørste blandt anna, og eg er ikkje heeeilt sikker på om det er oppvaskemiddel vi bruker eller håndsåpe. Vi endte også opp med instant kaffi med melk, mannen var ikkje heilt fornøgd med det :p Men ellers har vi klart oss greit til no trur vi :) Det er heldigvis bilder på dei fleste pakkene som gir eit lite hint til kva som er inni.

Satser på at dette er gode greier ;)
Lørdag var vi i Sjømannskyrkja i Okpo og spiste risengrynsgraut og vafler :) Her fekk vi møtt ein del andre norske som er her også. Dei som hadde vore her ei lita stund kom med litt tips og råd til for eksempel kvar vi får tak i ting, korleis ulike funksjoner fungerer osv.. og også kva vi heimeværande kan gjere på om dagane og kvar det skjer ting :) 
Trur det kjem til å bli ein veldig fin plass å møte folk :) 

Godt å endeleg vere i gang med livet i Sør-Korea. Vi gler oss til fortsettelsen :)


4 comments:

  1. Detta vert spennande å følga med på! Eg har veldig lyst til å sjå bilde av skobørsta de vaskar opp med! :)

    ReplyDelete
  2. Kjekt å lesa. Gler meg te fortsettelsen, vil veldig gjerne lesa koss det gjekk me resten av spylefunksjonane i doen, hahaha ;-)

    ReplyDelete
  3. Morsomt å lese om Korea-eventyret deres! Høres kjempespennende ut :) Klem fra Trondheim

    ReplyDelete
  4. hehe, var så lei av å leite etter ein oppvaskkost, så tok den som ligna mest :p
    Og spylefunksjonane kan de kommentere sjølv når de kjem nedover, Cecilie ;)

    ReplyDelete