Vi visste ikkje heilt kvar den låg, så vi gjekk oss ein liten tur innover dalen for å sjå oss rundt. Då kom vi oss også litt ut av bybebyggelsen her, og meir ut mot landsbygda.
Bilde tatt innover i dalen. |
Soowol Skyline, vi bur i blokkområdet ca i midten av bildet |
Det var veldig interessant å gå litt utanfor bybebyggelsen også. Det er jo berre 10-15 min frå der vi bur, men likevel har vi ikkje vore innover der før no. Vi gler oss til det begynner å gro på åkrane og i hagane. Då må vi nok ha oss ein ny tur innover :)
Etter ein del gåing fram og tilbake fann vi endeleg Naranda Cafe, som viste seg å berre ligge nett borti høgget frå der vi bur. Damene hadde heilt rett, dette var ein veldig koselig kafe. Kafeen hadde også terrasse, som heilt sikkert er fin å sitje på når det blir varmare i været.
Naranda Cafe |
No comments:
Post a Comment