No har endelig flyttelasset vårt frå Norge komme!! Så no har Sigrid også fått seg seng, etter å ha sove i vogna til no. Det var jo litt spennande å finne ut kva vi hadde pakka med oss, sidan det herska litt kaos då vi pakka ned leiligheten.. Ser heldigvis ut som om vi har tenkt litt rasjonelt iallefall, vi har mellom anna tatt med litt krydder av ulike slag, tepper, MME, ein haug med klær og sko, og ein del bilder og nokre duker. Vi hadde ikkje pakka med så mykje babygraut til Sigrid, så det må mor mekke til sjølv på kjøkkenet. Får håper de fell i smak hos frøkna :)
|
Risgraut er nam ;) |
Laurdag var vi ein liten tur ute på jakt etter litt ekstra møbler til leiligheten. Mor ønsker seg ei bokhylle som ho kan pynte litt i, og far ønsker seg ein godstol eller to. Sigrid er ikkje så materialistisk, så ho ønsker seg berre kos og oppmerksomhet :) Og det får ho også ;)
Jakta på møbler har ikkje fått noko resultat enno, men vi er på sporet ;)
Vi har fått oss det alle husmødre drømmer om, VASKEHJELP!! Dei (dei er nemlig 2 stk) kjem kvar onsdag og gjer leiligheten rein og fin på ein måte som mor aldri hadde gjort! Sengetøy blei bytta og vaska, (dei kunne vaske kleda våre også, men mor er litt kresen og ville vaske det sjølv ), dei vaska opp, dei rydda i boden, la sammen kleda til Sigrid som låg der, la sammen det som hang på stativet, dei kunne stryke skjorter og sånt også viss me ville det, dei har rydda i kjøkkenskapa, til og med i kjøleskapet har dei rydda, dei har støvsugd og også tømt støvsugeren, gått med søppelet, altså, det var ein fryd å komme heim etter at dei hadde vore her! :)
Mor og barn gjekk ut på tur medan dei held på, men skulle gjerne vore floge på veggen her då dei såg skokosten i oppvasken, eller når dei såg at vi visst nok hadde oppvaskesåpe som håndsåpe på ein badet :p
|
Rydda leikene til Sigrid :) ( og tøflene til far ) |
|
Slik ser det ikkje ut i mor sitt skap for å sei det sånn... |
Ellers går livet sin vante gang i dette som etter kvart er begynt å følast som heimen vår. Mor og far tenker å lære seg litt av språket, så vi har fått tak i eit internettkurs som vi sit og hermer etter på kveldane etter at frøkna er lagt. Foreløpig har vi berre lært oss bokstavene og eit par basisord, slik som hei, takk, farvel... Vi ser at det kan være praktisk å kunne for eksempel tal, og andre "turistfraser" også, men vi får sjå korleis dette går. Språket er svært annleis enn norsk, så det er ikkje så lett..
Under kjem eit par bilder frå kvardagslivet i Sør-Korea.
|
Solstrålen vår |
|
Praktisk med barnevogn når ein er ute og handler, berre så synd det ikkje er plass til barnet i den... |
Så ho må vi ta på armen...
Håper de har det fint heime, har fått med oss at det er kaldt og flott i Norge no :)
Dei rydda i boden?? Makan te luksus!
ReplyDeleteFine bilder av fin familie! :)
Så artig å lese om tilværelsen i korea!! Håper dere har det supert :-)
ReplyDelete