Thursday, January 31, 2013

Mom & I

I går var mor og barn på kids kafe sammen med tre kjekke mødre og deira flotte born. Kjempekjekt for både store og små!
Turen gjekk til Mom & I Kids Kafe som ligg i hovudgata i Gohyeon. Her var der massevis med leikar for born i alle aldrar, og det var svært godt tilrettelagt for borna. Her var også kafé for foreldra sjølvsagt ;)

Kiwijuice er dei knallgode på her
Eit eige rom der ein kan arrangere bursdagsselskap og liknande

Eg trur Sigrid storkosa seg, og ho slo seg laus og herja i leikedingsen som mor sette ho oppi :) Alle borna kosa seg med både store leikebilar, dukker, sklie og det eine og det andre.
Gler meg til Sigrid er eldre og kan springe rundt i kafeen og undersøke alle krinkar og kroker her, for der var mykje å sjå og leike med. Mor var littegranne misunneleg på at det ikkje var slikt då ho var lita, for her hadde nok 5 år gamle mor kosa seg også ;)





Ellers er frøkna 5 månader i dag! Hurra for Sigrid :)



1 comment:

  1. Wow! så gøy! Her kunne eg tenkt meg å vert med =P Men vert ikkje i dag ... :o*

    ReplyDelete