Wednesday, December 26, 2012

reiseforberedelser

No er det ikkje lenge att før flyet letter og vi reiser i retning Sør-Korea!

Men før vi kan reise har der vore ein del forberedelser som har måtte gjerast. Målet var å få unna alt som måtte gjerast før jul, slik at vi kunne slappe av og kose oss sammen med familie i romjula. Heldigvis ser det ut som om det har gått bra.



Samsung Heavy Industries, der Yngve skal jobbe
I begynnelsen av november var vi på ein liten scoutingtur til Sør-Korea for å sjå korleis det var der, kor vi skulle bu, korleis vi skulle forberede oss og liknande. Vi var berre i tre dager, så vi rakk akkurat å bli døgnville (dei ligg 8 timer framfor oss.. ) før vi skulle heimatt. Far og mor var på forhånd veldig nervøse for korleis flyturane skulle gå for lille Godjenta, og ikkje minst korleis medpassasjerane skulle reagere om det blei nokre babylydar undervegs. Men turen var veldig bra og flyturane med Sigrid gjekk over all forventning!
Ser ut som vi bør lære oss litt koreansk..
Ellers fann vi oss ein fin leilighet, fekk sett litt i butikkane for å sjå kva som var der, prata med nokre norske som bur der no, kjent litt på stemningen  i byen, og gjort nokon oppdagingar. Koreanarar er svært glade i babyer, og kikka på Sigrid opp og ned og i mente samme kvar vi var :) Kjekt det, kjekt å vise fram den fine jenta vår ;)







Kong Vinter på Sola
Den største som måtte gjerast var å selge leiligheten og flytte ut av den. Overlevering av leiligheten var
mandag 17. desember. Det blei litt meir kaos enn vi hadde tenkt sidan Rogaland fekk overraskande besøk av kong vinter den helga! Flyttebilen som skulle komme om morgonen fredag, havna i grøfta og kunne difor ikkje hente flyttelasset før morgon samme dag som utflytting. Så utvasken vart gjort rundt kasser med pø og rask, og siste rest måtte takast etter at flyttelasset endelig var ute mandag. Flyttehjelperene mamma og pappa Tvedt fekk seg ei natt på hotell i Haugesund på veg nedover, då ferja mellom Årsvågen og Mortavika vart innstilt heile natt til lørdag pga storm. Dei kom seg heldigvis over fjorden lørdags morgon, og hjalp oss med rydding og vask. Tusen tusen takk for hjelpen!! Også tusen takk til favorittnaboane for hjelpen underveis :)
Flyttelasset står klart
Lykkelig uvitande lita jente midt i flyttekaoset
Yngve i aksjon

Godt å få flyttinga gjort, men svært vemodig å flytte frå ein så fin leilighet og ikkje minst gode naboer og venner. Vi har hatt det svært fint i Rogaland og kjem definitivt til å sakne å bu der.

Ellers er flyttelasset som skal til Korea også unnagjort. Vi har fått ein del hjelp frå nokon som bur der nede no med å finne ut kva vi treng å ta med ned, og kva vi kanskje kjem til å sakne. Så vi har pakka med litt eigne ting og ellers vore på shopping og kjøpt ekstra klær til Sigrid, litt matvarer som er vanskeleg å få tak i der nede, bukser til våre noko ukoreanske kroppsfasonger og ellers anna knask som kanskje kan vere kjekt å ha. Ellers får vi tilpasse oss om det er noko anna vi føler mangler.

No er det romjul og familiekos i Sogn, medan det blir nyttårsfeiring på Ostereidet. Så no skal vi slappe av og kose oss fram mot avreise 2. Januar!

GOD JUL og GODT 2013!!

No comments:

Post a Comment