Hipp hurra for pappaen min
Han er veldig snill og fin
Hei hurra for Yngvefar
Som er så snill og rar :)
Sitat: Sigrid
Vi starta feiringa i går med kake til dessert. Far fekk velge kake på bakeriet, og valgte sjølvsagt sjokoladekake. Kaka var god den, men kanskje ikkje like god som den såg ut som :)
Då vi kom heim fekk far pakke. Far er litt større enn ein gjennomsnitts koreaner, så det var litt vanskelig for mor å finne noko klær i riktig størrelse. Heldigvis fann vi ein finfin genser som passa fint til far. Han fekk også to par sokker, det er jo slikt som alle pappaer får til bursdagen, er det ikkje? :)
Til slutt var det litt skyping med familie som ville gratulere bursdagsbarnet :)
Alt i alt ein fin og rolig bursdag :)
Hipp hurra for pappaen =)))
ReplyDelete