Saturday, January 12, 2013

1. veke på Geoje

No har me allereie vore her i over ei veke! Yngve har fått komme litt inn i jobben på Samsungverftet og mor og barn har vore med på ein del aktiviteter på dagtid og ellers sett seg rundt i nabolaget. Vi prøver å få litt rutine i kvardagen igjen etter ein lang og god juleferie heime.
Middagene her bærer preg av improvisasjon, sidan me ikkje heilt har fått taket på kva dei ulike matvarene er på koreansk. Vi går rundt med google translate på telefonen og prøver å oversette det som vi lurer på. Sara har også begynt å ta bileter av skilt og andre tekster som ho lurer på kva betyr, slik at det kan oversetjast i heime i leiligheten :) Google translate er med på det meste, og har hjelpt oss med både porttelefonen, steikeovnen, vaskemaskina og andre finurligheter som hjelper oss i kvardagene.

Yngve er veldig flink til å ete med pinner!

Sara spiser med pinner på sin eigen måte!
Google translate neste...
Ellers har vi hatt nokre små kulturkollisjoner allerede.
I Sør-Korea er det ikkje så vanlig med barnevogn til små babyer, her bærer mor dei i bæresele stort sett. Viss dei har vogner så er dei iallefall ikkje så store som vår Emmaljunga! Er også usikker på om dei bruker bilstol til borna eller om dei har dei på magen når dei kjører bil også, har sett begge deler her..
Så då Sigrid og Sara skulle ta taxi tirsdagen, med både barnevogn og bilstol, fekk vi eit par blikk. Taxisjåføren som eg til slutt klarte å få oppmerksomheten til (han prøvde først å oversjå oss når han såg alt vi hadde med oss...)  kikka lenge på vogna og lurte på om den kunne legges sammen. Forbipasserande stoppa faktisk opp, peika og lo når han skulle prøve å få dette inn i bilen, og det samla seg ein liten ring med folk rundt for å sjå på. Eg såg ikkje heilt problemet før eg såg at han hadde bagasjerommet fullt av sine eigne ting.. oups. Men men, fekk det til til slutt, med ein delen av vogna i baksetet og andre delen i bagasjerommet. Neste gang trur eg at eg bærer ho på koreansk vis ;)
Dei er veldig glade i vestlege babyer her. Vi lurte litt på kva vi skulle gjere då ei dame i ein butikk vi var i plutselig kom bort til oss og "stjal" Sigrid ut av hendene våre! Men men, Sigrid smilte og lo og det gjorde dama også, så det gjekk jo bra. Og vi fekk ho tilbake til slutt ;)

Siste nytt hos Sigrid at ho no klarer å snu seg!! Ho har jobba lenge med å flytte på seg, og no på onsdag snudde ho seg endelig! Trur ikkje ho heilt forstod kva som skjedde anna enn at mor blei veldig veldig glad! Men, frøkna liker seg jo ikkje så godt på magen, så torsdag snudde ho seg frå mage til rygg igjen. Foreløpig ruller ho berre fram og tilbake, så det blir ikkje den store forflyttinga heilt enno, men me har måtte utvide puslespill-matta hennes allerede slik at ho held seg oppå den og ikkje på golvet :)



Ellers er været flott og fint,står opp til sol kvar morgon. Har enno denne norske "oo, no er det fint vær, vi må ut og nyte det med ein gang"-følelsen, så har gått ein del turer i nabolaget og sett oss rundt i fineværet. Det er riktignok ganske kaldt, og også ein del kald vind, men veldig fint turvær :)

Håper alt står bra til der heime :)

Til slutt kjem ein liten beskjed frå Sigrid:

1 comment: