Far i huset er på jakt etter ein bil som vi kan ha her, og blir stadig like frustrert over at dei har så mange fleire bilmodeller her enn heime i Norge. Også bilprisane her blir han frustrert over. Bilane er jo såååå billige her i forhold til heime. Difor er det visst veldig fristande å kjøpe ein bil her, ein svær bil, ein slik bil som koster masse penger heime. Her har bilforhandlarane også gjennkjøpsavtaler, det vil sei at ein kan selje bilen tilbake til bilforhandlaren etter eit år eller to, og få ein forhåndsavtalt pris for bilen, feks. 65-75 % av kjøpesummen, noko som er veldig gunstig for oss arbeidsinnvandrarar.
Då far gjekk forbi nokre bilforhandlarar i helga kunne han difor ikkje dy seg, og måtte inn for å høyre kva desse herlighetane kosta og slike ting.
Første tur gjekk til Hyundai. " I wondered, what is the price of this car? Do you have a buyback agreement on this car, and what is the buyback price?" spør far. Mannen i butikken svarer på koreansk. Far forstår at han må moderere seg litt. " I buy car, you buy back?" Mannen svarer nok ein gang på koreansk, men får plutselig ein god ide! Google translate! Så, via google translate har far og mann ein lengre samtale om biltype, pris, buybackavtale, og når ein i såfall kan få bilen! Thank you Google, eller Kasahamnida google, 감사합니다 구글 :)
På neste butikk, Kia, fekk far rett og slett beskjed om å be nokon koreanere på jobb om å ringe dei på vegne av han. Gjerne like greit, så slepp ein at noko av informasjonen kanskje forsvinn i google translate-universet.
Far prøvde også å ringe bilutleigefirma som vi leiger bil hjå no for å høyre om langtidsleige. Her fekk han beskjed om at "your phone rings monday" då samtalen gjekk litt tregt.
Litt språkproblemer med andre ord når vi utlendinger ikkje kan koreansk og dei ikkje kan engelsk :p
Det går altså i Hyundai og Kia her, me også nokre andre koreanske bilmerker ( som far ikkje vil ha). Far har prøvd å diskutere med mor kva bil vi skal ha, og viser ho den eine bilen etter den andre. Skal vi ha Hyundai Santa fee, eller ein Kia Sorrento, eller kanskje ein Kia Sportage? Mor har ikkje den store interessen for bil, og ser lite forskjell på dei anna enn om fargen er forskjellig. Ho gruer seg uansett til ho skal lukeparkere med eit slikt beist, og har satt krav om ryggeassistanse i bilen! Ho ser likevel behovet for stor bil, då trafikkreglane kun er veiledande her. Greit å ha ein bil som tåler ein støyt om noko skulle skje :)
Vi får sjå kva vi gjer, om det blir kjøp av bil eller om det blir langtidsleige. Far tek saken :)
No comments:
Post a Comment