Tuesday, January 15, 2013

Markedsdag

kvar mandag er det eit lite marked i eine gata i boligkomplekset som vi bur i. Her blir solgt både fisk, kjøtt, frukt og grønnsaker, men også mykje anna. Der måtte sjølvsagt eg og Sigrid ta oss ein liten tur.

Sidan det kan være litt mykje folk der, gjekk vi korean style, med Sigrid i sele på magen ;)  
Veldig spennande å gå og sjå på alt det dei har der. Vi kjøpte mellom anna med oss ein del gode grønnsaker frå markedet.
Dei har også som sagt fisk og kjøtt her. Fisken blir solgt heile. Skulle gjerne kjøpt ein fisk eller to, men eg desverre ikkje så god til å tilberede anna fisk enn den som er ferdig filletert :p Kom til samme problemet ved ei dame som solgte heile kyllinger.Tenkte eg sku prøve likevel, men når ho sa dei kunne "slice" kyllingen, tenkte eg at problemet var borte. Men, dei slica og deisa kyllingen til eg ikkje kjente den igjen, så no veit eg iallefall ikkje ka eg skal gjere med den! Tips blir motatt med stor takk ;)
Det var ein gang ein kylling...


Ellers har eg lagt min elsk på nokre pølser med ein slags deig utanpå, som så blir frittert. Smaker knallgodt ;) Her er også ein form for småkaker som blir frittert, dei ser farlig gode ut, men synet bedrar, heldigvis! Ein del varmmat selger dei også, neste mandag trur eg vi må prøve oss på middag fra markedet, for det ser veldig godt ut :)
Store gryter med varmmat
Der er også ein eigen sokkebod på markedet. Sokkar har dei mykje av her, både i butikker og på markeder, og dei kjem i alle former og størrelser.
Og sjølvsagt selger dei også ein del typer ris her, samt bønner og frø. Ein eigen bod med snacks (trur eg) er her også. Har ein del snacks av puffa ris som er ganske godt :)




Snopebod, trur eg

Veldig kjekt marked, vi kjem nok til å ha fast oppmøte der om mandagene :)

2 comments:

  1. Å dele opp ein kylling er ikkje så veldig vanskelig, men du mister fort litt kjøtt dei første gangane. Det viktiste er å bruke ein skarp kniv og å ikkje bruke for mykje makt, la kniven gjera jobben. Skroget kan du koke kraft på etterpå :)

    Fant ein fin video: http://www.klikk.no/mat/spise/article449089.ece

    Du gjer det stort sett på samme måte dersom du har steikt kyllingen heil, og skal dele den opp etter at den er steikt, men då er det endå lettare, og du kan plukke ut alle kjøttbitane.

    Å filetere fisk er heller ikkje noko heksekunst, men det og blir bedre med trening. I begynnelsen er det lett å skjøre gjennom beina i staden for å skjære langs beina ,og det blir ofte litt kjøtt igjen på skinnet. Igjen er skarp kniv veldig kjekt.

    Fant ein video her og: http://www.nrk.no/mat/1.7206652

    Generelt er videoer veldig god hjelp, berre søk på google eller youtube, så finn du stort sett det du treng.

    ReplyDelete
  2. Takk for tips :)
    Yngve ska visa meg litt med fisken og, ska ned på makedet straks å få tak i ein fisk elle to ;) Kyllingen kjøpe eg heil fra no av, ikkje slik som sist. Var litt mas å reinskjære kvar lille bit. Kunne kokt suppe av den, men var redd det blei litt mykje plukk å ete.. Så ska kikke på videoen når da skal skjærast kylling ;) Får satse på at frøkna søv når operasjonen skal foregå, for dette kan ta tid :p

    ReplyDelete