Tuesday, February 5, 2013

Muju ski resort

Torsdag forrige veke var det tid for teambuilding i Valemon. Turen gjekk ca 2 timar nord for Geoje til Muju Ski Resort. Uheldigvis var det kun for dei ansatte utan familie, så Sara og Sigrid måtte bli igjen heime. Spent på korleis skiresortar ser ut i Korea var det eit aldri så lite sjokk å sjekke inn på Hotel Tirol! Stort hotell i ekte sveitserstil rett nedanfor bakken.
Visste jo at dei kan å kopiere her borte, men dette var jo nett som å sjekke inn i kva som helst slags alpelandsby.
Utanfor hotellet


Flott inngangsparti



Første dagen gjekk med til ein fin tur i bakken med leigd utstyr, då eg typisk nok lot utstyret ligge igjen heime i Norge. Totalt bestod anlegget av vel 12 stolheisar og ei gondolbane. Gondolbana kosta visstnok litt penger, men frekk turist som eg er sneik eg meg ombord. (Riktignok ganske ubevisst sniking skal seiast).

Stemningsbilder




Det var ikkje så mykje snø at det gjorde noko, men Koreanarane kan sin kunstsnø. Det mest utfordrande var vel egentlig dei 11 plussgradene som var i lufta. Heldigvis var det solfylt og lite vind, så me overlevde :)

Dag 2 kom regnet, så det var like greit å være inne.


Etter ei fin økt i bakken bar det ned til ein god middag i lystige lag.
Dag to bar på den meir formelle biten med presentasjonar og gruppearbeid. Alt i alt ein god samling.



På toppen (etter ein sniktur i gondol)



Så om ein skulle være lysten på ein alpeferie med ein liten twist, kan jo Korea være no for deg!

No comments:

Post a Comment