Friday, April 5, 2013

Besøk fra Ostereidet :)

No er me komme tilbake til kvardagslivet etter ei kjempeflott påskeveke med besøk frå bestemor og bestefar Tvedt, onkel Ingvar og onkel Edvard. Sigrid har storkosa seg saman med besøket, og har fått leika med dei alle, blitt mata av både onklar og besteforeldre, blitt bært på og kosa med. Mor og far har også hatt det veldig kjekt med besøk av familien :)
Dei kom seint laurdags kveld, etter å ha landa i Busan i åttetida. Sigrid var derfor godt inne i drømmeland då dei kom, og fekk ikkje helst på besøket før søndags morgon. Men då var det stor gjensynsglede både for Sigrid og Tvedtane :) Vi har jo prata med dei på skype, samt at mor ofte har vist ho bilder av dei, så ho kjente dei litt igjen, sjølv om det var nesten 3 mnd sidan vi flytta bortover.





Søndag tok vi dei med til Geoje POW camp (Prisoner of war). Gjennom Koreakrigen var det fangeleir i heile det området som no er byen vi bur i. Heile 170 000 fanger frå Nord Korea og Kina var her fram til krigen tok slutt i 1953! Det var ein veldig interessant park, og her var ein god del informasjon på engelsk også her. Pluss for det! :) Noko av det som blei gjentatt fleire gonger i parken var at campen fulgte standarder ihht. Genevekonvensjonen, og at fangane fekk betre mat enn soldatane.
Geoje POW Camp
Brua som leda inn og ut av campen.

Her kan ein sjå korleis byen har utvikla seg frå fangeleir i 1951, til  jordbruksby i  1980 og til den byen det er blitt i dag.
Slik såg det ut her under Koreakrigen. Vi bur i Suwol nede til høgre her,  medan Gohyeon ligg på andre sida av fjellet i midten av biletet. 

Illustrasjon av kvardagsgjøremål i campen
Kjøkken
Eg har ein misstanke om at det ikkje var sjølve parken som var høgdepunktet for enkelte besøkande den dagen, Sigrid var ein vel så stor attraksjon :)
Mandag gjekk me oss ein tur i Suwol der me bur, før me gjekk på markedet her i Xii. Her fekk familien smake på favorittsnacksen min her, pølse med noko frityrgreier utanpå :) Dei fekk også smake pannekake med sukker og kanel inni, rett og slett snop! Men eg veit ikkje heilt om dei var like inponerte over dette som mor er :p



Tirsdag bestemte vi oss til take away til middag, og mor sendte far ut for å finne noko mat. Han sluttar ikkje å overraske. Må vel eigentleg sei at han er ganske modig også. Han kom nemleg heim med SUSHI til svigers!! Trur the Tvedst var ganske skeptiske i begynnelsen, men dei prøvde det alle sammen, og blei positivt overraska over denne eksotiske middagen :)

Onsdag gjekk vi til Gohyeon til hovudgata der. Her gjekk det plutseleg eit slags tog forbi med damer. Vi veit ikkje heilt kva som var annledningen for dette toget, men det var uansett moro å få med seg.
Markedsgatene i Gohyeon måtte vi også få med oss. Bestemor Tvedt kjøpte mellom anna ein slik fin solhatt som alle koreanere brukar for ikkje å få sol på seg, så ho glei rett inn i mengden ;)





På kvelden skulle mor og far endeleg få gå ut på date, og bestemor og bestefar var barnevakter. Dette var første gang vi hadde barnevakt for Sigrid, så far var litt skeptisk til det heile. Vi gjekk difor på ein viatnemesisk restaurant som ligg like oppe i gata her, og som vi har høyrd mykje bra om. Maten var veldig god og vi kosa oss på date, sjølv om vi lurte litt på korleis det gjekk heime. Når mor sende melding til bestemor om korleis ståa var, fekk vi svar om at "dette greier me". Når vi lurte på om det var grining eller sutring, var svaret "Slapp av og kos deko". Det gjekk ikkje superbra med andre ord.. Då vi kom heim rundt halv ti låg ei trøtt lillefrøken og bestemor på golvet, då dei hadde gitt opp heile legginga. Frøkna var begynt å bli forkjøla også den kvelden, så det gjorde nok ikkje jobben lettere for besteforeldra. Dei får ha betre lykke neste gang, dei skal nok få fleire moglegheiter ;)

Torsdag starta litt seint, då stakkars forkjøla frøken dings holdt eit lite show sånn ca midt på natta som vekka alle i leiligheten pluss nokre til reknar eg med. Så etter at vi alle hadde fått sove litt frampå og ete god frukost, reiste vi til Geoje Shipbuilding Marine Cultural Center. Geoje har som sagt to store skipsverft, så her var det utstillingar om båtens historie i verden og i Korea, båtbyggingsteknologi, og også korleis ein ser for seg at havet kan bli brukt i framtida. Vi var egentleg positivt overraska over museet, og spesielt den mannlege delen av familien syns dette var interessant.




Sigrid er populær blant koreanerene. Eller kanskje det er pappaen dei beundrer? ;)
Heile gjengen :)
Bestemor og bestefar i baksetet <3

Fredags morgon reiste heile gjengen til Busan for å ha ei hotellhelg der. Dette skriv vi om i neste blogginnlegg, følg med ;)




No comments:

Post a Comment