Sunday, April 21, 2013

Asaleafjellet

Laurdag 13. april var det tid for ny fjelltur med Statoilgjengen. Denne gangen gjekk turen til Asaleafjellet, eller Mt. Daegumsan som det eigentleg heiter. Dette fjellet blir kalla Asaleafjellet grunna alle aaleablomane som er i åssida her. Blomstringen var dessverre på sitt beste veka før, slik at ein del god del av blomane no var borte. Likevel var det ein god del lilla blomar igjen.






På veg opp stoppa vi ved ein stor gravplass. Her i Sør-Korea blir alle gravlagde i skråninger under ein gravhaug, og som oftast med eit monument av noko slag like ved. Over alt i fjellet og i åssider ser ein slike hauger, ofte to haugar atmed kvarandre. Her var ein offentleg gravplass, så her var graver i heile denne lille dalen. Alltid spesielt å være på ein gravplass, men dette var ein veldig fin plass å være.




Været var flott denne dagen, så det var mange som hadde tatt turen til fjellet. Det var vei ganske langt opp mot fjellet, men vi parkerte lengre nede og gjekk langs vegen istadenfor. Etter kvart delte vegen seg, og det var fleire moglege ruter mot toppen. Mor, far og Sigrid gjekk saman med Bodil og Lars Magne på den lettaste vegen.

Veg inn til eit gardstun

To munkar som sang på veg opp mot fjellet
Då vi kom opp til åssida til fjellet opna det seg opp fantastisk utsikt. Denne utsikta blei berre finare og finare jo nærare toppen vi kom.





Det var svært mange folk på fjellet denne nydelege dagen, så det blei ein del køgåing på veg mot toppen. Heilt oppe var det også svært mange folk, og sjølvsagt var Sigrid midtpunktet, igjen.. Koreanerene har ikkje det samme forholdet til "personal space" som vi nordmenn har, så dei blei litt nærgåande til tider. Då ein benk blei ledig nytta vi difor sjansen til å "gøyme" ho litt der, så vi fekk litt ro. Veldig kjekt med oppmerksomhet altså, men det kan bli litt voldsomt av og til...

Sigrid i nyemeisen :)




Koreanerene er ganske fancy når dei er ute på tur. Det gjeld både når dei skal gå tur langs vegen og når dei prøver å bestige fjelltopper. Her er ingen joggebukser fra nittitalet å sjå, ei heller utvaska gratisT-skjorter, her  finn ein heller det siste nye innan turklær, hanskar, hattar, turstavar, ryggsekkar osv... Mor er også svært imponert over standarden på lunchen til koreanerene. Dei har med seg fulle koreanske måltider, med kimchi og det heile. Det ser svært godt ut (bortsett frå kimchien då så klart...)




Etter at vi var ferdige med turen, tok vi turen til Vapiano i Gohyeon, der vi hadde ein fin liten "after hike". 
Vi gler oss til neste fjelltur saman med lørdagslerkene :) 





No comments:

Post a Comment