Saturday, April 13, 2013

Fotballkamp mellom Samsung og Statoil

Kvar tirsdag dei siste månadane har far spela fotball saman med kollegaer etter arbeidstid med eitt mål for auge: fotballkampen mellom Statoil og Samsung! Onsdag var det endeleg duka for denne store begivenheten., klokka 17.30 var det avspark på Samsung Arena, med far som venstre back.


Her blir taktikken for 2. omgang lagt.

Det var eit veldig kjekt arrangement rundt kampen, med mat- og drikkeservering på tribunen. Her blei mellom anna servert fiskekaker på pinne, kimchipannekaker og pølser. Mange Samsungansatte var møtt opp for å sjå på, det samme hadde familiene til Staoilfolket gjort.


Litt trøtt frøken som heier på pappa!
Rundt heile bana var det samsungansatte som spela fotballvolley. Vi har sett dette fleire stader, så dette er tydelegvis ein svært populær sport.


Samsung og Statoil var svært jamne, og det stod 0-0 til pause. Etter pause sette derimot Statoil inn støtet. 1-0 målet kom ved ein liten keepertabbe, og statoildelen av tribunen var i ekstase! Like etterpå blei ein statoilspelar felt inne i 16meteren, og straffe var eit faktum. Denne blei satt sikkert i mål, og stillinga blei 2-0. Dette var også sluttresultatet på denne til tider svært spennande kampen.




Det skal spelast ein ny kamp i haust også, så då blir det spennande å sjå om Statoil klarar å halde oppe nivået sitt, eller om kanskje Samsung slår hardt tilbake! 




No comments:

Post a Comment