Friday, April 26, 2013

Vår på Geoje

Dei siste dagane har det vore ordentlig norsk sommarvær på Geoje, med over 20 grader og skyfri himmel :) Her har det vore vårstemning ei stund allerede, med blomar, kirsebærblomstring og lauv på trea, og no har endeleg varmen komme skikkeleg også. Geoje har endeleg vakna frå vinterdvalen :)

Tidlegare i vår var det vakker cherry blossom her. Vi fekk desverre ikkje tatt så mange bilder av dette, så dette er dessverre det beste vi hadde.



Vi bur som sagt i eit stort boligområde som kallast Xii. Det består av 15 boligblokker med til saman ca 700 leiligheter og med fine uteområder mellom blokkene. Her er det blitt vakkert vår. Mor og barn har difor vore ute og knipsa nokre bilder som vi vil vise dykk.

Her er blokka vår

Nokre av hagane rundt i komplekset



Xii har tre store og fine leikeplassar. Her er den tøffaste, med sjørøverskute. Gler oss til Sigrid kan springe rundt og leike her.


Vi har ikkje terrasse i leilighetane, men her er ein liten platning som vi bruker istadenfor og som nok kjem til å bli brukt mykje i tida som kjem.



Vi har treningssenter i kjellaren av komplekset, men også ute er der moglegheiter for litt trim. Her er ein liten sirkel med ulike treningsapparat, 3 tennisbaner som også kan bli brukt til den populære fotballvolleyen, og også ei lita golfbane med eit hol. Eg har likevel enno ikkje sett at noko av dette har vore brukt til anna enn leilkeplassar for borna.



Her er nokre bilder av den finaste blomen :)





Håper de har det fint der heime i Norge, og at våren snart kjem til dykk også :)






No comments:

Post a Comment