Tuesday, March 19, 2013

Langhelg i Kyoto

Denne helga har vi vore ein tur i Kyoto, nydelige Kyoto <3 Vi hadde ei kjempefin langhelg, og som alltid var Sigrid ein flott reiseleder og turkamerat :)

Vi reiste frå Geoje fredag morgon, tok fly frå Busan til Osaka og tok toget til Kyoto.
Det første vi møtte då vi gjekk av subwayen var massevis med jenter i knallfine kimonoer. Det viste seg at det var graduation party på hotellet vi budde på, så vi fekk sett kimonoer heile dagen. Makan til fin nasjonaldrakt! :) Mor prøvde seg som paparazzi for å ta bilde av dei, men det er nok ikkje yrket for mor, så dette blei desverre det beste eg fekk til :/ (Kunne jo alltids berre spurt om å få ta bilde av dei, men kvifor gjere det enkelt? )

Fredagen gjekk vi oss ein tur i bydelen vi budde i, og ein liten tur i sentrum av byen. Vi blei litt tatt på senga over kor fint og japansk det var her. Her var masse hus i slik japansk stil som ein ser på film, tempel og shrines, desse svarte og raude papir"ballongene" med japanske teikn som heng utanfor ein del butikker, damer i kimono, vi følte oss litt som om vi var midt i eit slags filmsett.







Kamo-elva
Laurdag gjekk vi til Heian Shrine, som låg ikkje så langt frå hotellet vårt. Heian er det gamle navnet på Kyoto. Dette shrinet blei bygd i 1895 som ein reproduksjon i 5/8 av det originale Imperial Palace. Det har vore brann her to gonger sidan den gongen, men det har heldigvis blitt bygd opp igjen begge ganger. Vi må nok takke wikipedia for denne informasjonen, for ved sjølve shrinet var det berre informasjon på japansk. Den eineste informasjonen som var på engelsk var "no smoking", "keep off" og liknande :p


Her kunne ein kjøpe ein planke og skrive eit ønske/bønn på og henge opp. 


Rundt Heian Shrine var det ein nydeleg hage som nok er endå nydelegare litt seinare på våren når kirsebærstrærne står i full blomst. Dette var ein hage som gir ein ro i sjela av å gå tur i, utruleg behageleg og ikkje var det så mykje folk der heller. Herlig :)



I alle parkene vi var i var der karpedammer med stoore karper, slik som her
Far vinker til Sigrid :)




Brudefølge



Vi var også på shopping sjølvsagt. Vi hadde heldigvis ikkje så mykje ledig plass i koffertene, så vi måtte begrense oss litt :) Vi var ein liten tur i hovudgata, og i to meir tradisjonelle handlegater.




Søndag tok vi turen til Nijo Castle. Dette var ein turistmagnet. Området var stort og flott, med palasset i midten og ein stor hage rundt. Palasset blei bygd i 1603 for Japans herskar, eller Shogun. Vi var ein tur inne i palasset, men her var det desverre ikkje lov til å ta bilder. Det bestod av mange store rom med malerier på veggene og matter på golvet. Det spesielle med dette palasset var golvet i gangen, kalla nattergal-golvet. Det skreik på ein måte litt når vi gjekk på det. Golvet blei laga slik for å beskytte herskaren mot angrep. Ganske stilig :)














Etter ein tur tilbake på hotellet for at Sigrid skulle få brukt litt energi, gjekk vi litt rundt i bydelen "vår", før me havna i Maruyama park. Dette var også ein veldig fin park (gode på det i Kyoto virker det som) Her var det ein del kunst plassert rundt omkring, og masse folk som gjekk tur.

Opp mot 20 grader betyr iiis :D
Kunst ;)

Rundt parken var der også eit tempelområde som heite Shion in Temple. Ved foten av området ligg Sanmon Gate, som er porten til tempelområdet, og det var her vi var inne. Ved å gå opp dei bratte trappene til 2. etasje kom ein til eit tempel med nokre store statuer inne i. Frå 2.etasje hadde vi også god utsikt over byen. Det var desverre ikkje lov til å ta bilder her heller. Vi hadde lyst til å gå i heile tempelområdet, men då sa vår lille reiseleder stopp, så det får bli ein anna gong.





Vi har også prøvd oss på litt japansk mat. Mellom anna spiste vi teppanyaki på ein liten lokal restaurant. Her fekk vi diverse japaske småretter som absolutt fall i smak. Sushien får vi reise tilbake og prøve seinare ;)

Kyoto var ein utruleg flott by som me har veldig lyst tilbake til. Kan absolutt anbefalast!! :)




1 comment:

  1. Så flott, jeg og Anna drømmer å reise dit en dag :)
    P.S. Sigrid er veldig søt! :)

    ReplyDelete