Tusen tusen takk for alt sammen og for hjelpa!! :)
Både trøye og sokker frå bestemor :) |
Bestemor på shopping :) |
Moro (syns iallefall mor) på metroen. |
Eg må ha, eg må ha solbriller på!! |
<3 |
Lørdag reiste vi avgårde til Haedong Yonggungsa Temple, som ligg like utenfor Busan. Dette er eit litt spesielt tempel, då det ligg nede ved havet og ikkje oppe i ei åsside, slik dei fleste andre buddistiske tempel gjer.
Vi tok taxi ut til tempelet, då dei på hotellet sa at det var det enklaste. Det var sikkert rett det, men det var ikkje den mest behagelige taxituren vi har vore med på. Det veksla mellom bånn gass og å stå på bremsa, tuting for det eine og det andre, forbikjøringer og kjøring på mørkerosa.. Mor og far har sete på med ein del formel1-taxier her, men aldri så gale som denne. Onkel Ingvar var ganske uvell og bleik då vi endeleg kom fram til tempelet. Vi gav difor "pagoda of wish for traffic Safety" litt ekstra oppmerksomhet i håp om at tilbaketuren skulle gå litt betre...
Her var mange ulike buddhaer og monument for å gi til dømes akademisk oppnåelse, for å få ein son, for rikdom, for å bli frisk frå sjukdom og mange andre ting. Den største av dei alle, Podaehwasang Statue, ber ein til for at draumane skal bli til virkelighet.
Traffic Safety Prayer Pagoda |
Podaehwasang Statue |
På dei fleste ledige steinhyller rundt på tempelområdet var det plassert slike små buddhafigurer. Desse kunne ein kjøpe i både butikken inne på tempelområdet, men også i bodane som var plassert ved inngangen til området.
Her er nokre bilder av familien på tur :)
Vi var også ein tur og gjekk langs strandpromenaden. Haeundae beach er eit nydeleg område med avslappande atmosfære :)
Mor er jo litt opptatt av kjendiser og sånt, og fast leser av seher.no. Då det kom nokre gutar med kassegitarer gåande med ein hale av småjenter etter seg blei jo difor mor svært interessert. Dei hadde ein gratiskonsert nede ved stranda, og det var godt med folk som stod rundt og såg og høyrde på. Svært mange hadde telefonen oppe for å forevige konserten, inkludert mor :) Vi veit ikkje heilt kven dei var, men populære var dei iallefall, og flinke også.
På denne siste kvelden hadde mor og far lyst til å vise the Tvedts Korean barbeque. Dette er noko som vi liker veldig godt, men vi har dessverre ikkje vore ute og spist det berre oss, vi har alltid vore saman med andre som då tek seg av både å finne ein bra barbequerestaurant og også bestillinga av mat. På hotellet fekk vi vite at det låg to restauranter i hovedgata ved Haeundae beach, så vi gjekk dit. Vi stoppa utanfor ein restaurant som vi lurte på om var barbeque, og plutseleg kom det ein mann ut og plasserte oss ved eit bord, gav oss menyen og viste oss kva vi skulle ha. "Three of this one and three of this one, yes? " Far fekk heldigvis bremsa denne ein smule ivrige restaurantmannen litt, og fekk bestilt noko som såg greit ut. Maten var god og alt det der, men mannen sprang rundt på denne lille restauranten og var superstressa heile tida, så det øydela ein god del av matroen vår. Det endte opp med at vi spiste ferdig det vi hadde fått, før vi gjekk på hotellet og åt pizza og kosa oss der.
Utsikt over Haeundae Beach frå hotellrommet vårt |
Då var dessverre dette veldig kjekke koreaopphaldet til the Tvedts over for denne gang, og dei reiste med bussen til flyplassen klokka sju søndags morgon. Det føltes tomt i leiligheten etter at dei var reist, og mor hadde ein del heimlengsel dei neste dagane. Heldigvis er det ikkje så lenge til vi tek ein liten ferietur til Norge igjen, så vi får halde ut :)
Onklane har sørga for å forevige seg sjølv med mor sin telefon også, slik at ikkje saknet skal bli så ille. Heldigvis :)
No comments:
Post a Comment