Monday, October 14, 2013

Kosebesøk

Ja, kosebesøk. Bestemor Tvedt og tante Maria var på eit veldig koseleg kosebesøk hos oss sist veke, vi har rett og slett storkosa oss :)

Dei kom laurdags kveld den 5. oktober. Sigrid var dessverre sjuk den helga, med feber, sår hals og tett nase. Difor fekk ho lov til ca det ho ville den kvelden, og var altså vaken då far kom heim frå flyplassen saman med bestemor og tante (og den påfølgande natta (og natta etter der), men det er ei anna historie..). Sjølv om det ikkje var så kjekt at ho var sjuk, var det nok likevel veldig godt for besøket å få sjå ho med ein gong og ikkje måtte vente til dagen etterpå :) Sigrid kjente dei att, men eg trur ikkje ho heilt forstod kva dei gjorde der.. Vi er jo mest vande med å sjå familien i 2D på skype, men her stod dei altså i 3D, full size. Litt rart med ein gong, men ho blei fort vand med det.

Sigrid var sjuk søndag også, så denne dagen tok vi livet med ro og lot ho bli litt "kjent" med dei att. Ho er litt sjenert, så det tek noko tid før ho blir varm i trøya. Både bestemor og tante hadde med gåver til frøkna. Den kjekkaste gåva var noko så enkelt som eit par crocs som bestemor berre måtte kjøpe til ho då ho var på ferie. Dei gjekk ho rundt med resten av dagen og var stolt som ein hane! Ellers fekk den lille badenymfa vår ei badedukke med eigen badebalje, badeand, handduk og diverse anna badeutstyr. Onklane hadde vore så kjekke og kjøpt skikkeleg Manchester United drakt til ho, knallstilig! Dei prøver iallefall å vinne ho over tidleg :p

Kul jente med kule sko
Frøkna fekk eit kjempelurt puslespel frå tante som ho klarer å pusle heilt sjølv, alle bitane er like :D

Bestefar var også innom ein tur :)
Til mor og far hadde dei tatt med ein heil masse med "smuglervarer". Herleg med grovt mjøl, leverpostei, makrell i tomat, toro tomatsuppe osv... Slike enkle ting som plutseleg betyr så mykje og smaker ekstra godt når ein bur så langt unna!

Mandag gjekk vi tur ned til ein park ved byen her, og det var det veldig fint vær. Mykje finare enn vi hadde tenkt. Som ei kvar god bestemor er også denne bestemora redd for at ungen skal fryse, så her var det på med hue og jakke, og mor måtte pent ta med eit teppe også til stakkars barnet :p  Ikkje lenge etter at vi hadde begynt å gå måtte alle fire av med dei klærne som vi kunne ta av oss uten at det blei usømmeleg, og ved nærmeste kiosk var det inn for å få tak i drikke. Likevel, ein flott tur i hyggeleg selskap :)


Mor var 0, tante var X... :D
Onsdag denne veka var det av ein eller anna grunn fridag for far. Ein fridag i kombinasjon med bestemor på besøk må jo sjølvsagt bli til mor og far-dag! <3 Vi var og trente sammen på formiddagen, og på kvelden var vi ute og spiste middag, berre vi to. Det er komme ein ny brasiliansk restaurant her som har fått mykje skryt, så denne måtte vi prøve. Tipp om vi kjem til å skryte av den vi også! Menyen var kort, her var berre ein rett å velge, men ein trengte ikkje fleire heller. Vi fekk salat og litt sideretter til bordet med ein gang vi kom, og så kom servitørene rundt med store grillspyd som dei serverte oss fra, all you can eat. Det var mykje godt kjøtt fra både okse og kylling, pølser var det også, men det beste av alt var noko så enkelt som ananas med kanel på, det syns iallefall mor. Det må vi prøve på grillen neste sommer :)
Mors flotte date <3
Ellers fekk mor og tante litt tid for seg sjølv også, bestemor var nemleg meir enn villig til å passe frøkna ein dag til :)
Då blei det litt trasking i byen før vi prøvde oss hos frisøren. Hårstilen er litt annleis her enn det er heime, håret her er ganske "beint", både luggen og resten, nesten litt kleopatraaktig. Difor var det ei lita utfordring når mor kom og ville ha skrå lugg og oppklipt hår. Det gjekk heilt greit, ikkje heilt slik som mor hadde tenkt, men ok. Tante klipte seg også, og blei finfin :) Etter hårklippen var det føning og styling litt sånn korean style, stakkars frisøren til tante sleit litt med hennes ultrastritte hår, men fekk det til akkurat nok til at frisøren kunne ta bilder av oss til facebooksida si ;)

Torsdags kveld var det jentekveld, med koreansk barbeque og kaffi etterpå. Endeleg fekk bestemor smake ein god versjon av denne herlige maten.


Bestemor sleit litt med spisepinnene, så då kom dei med denne søte gaffelen til ho :D
Ellers har vi sjølvsagt fått tid til litt shopping, og far tok også med seg tante og bestemor på ein liten omvisning på verftet.
Men mest av alt har vi altså fått tid til masse kos sammen :)







Far kjørte dei til flyplassen laurdags morgon 12. oktober, då var besøket over for denne gang.
No er det mindre enn to månader til mor og frøken set seg på flyet i retning Norge. (Far kjem også altså, berre litt seinare). Då er det jo jul! Tenk så koselig det skal bli! :) Vi gler oss!!


No comments:

Post a Comment