Wednesday, September 25, 2013

Vietnam!

Sist veke var det Chuseok her i Sør-Korea, deira versjon av thanksgiving. Då har dei fleste fri frå onsdag til fredag, slik at dei kan reise til familiene sine og feire saman.
At far hadde fri heilt frå onsdag til søndag måtte vi sjølvsagt utnytte. Han tok seg fri heile denne veka, og lørdags morgon 14. september sette vi oss difor på flyet i retning Hoi An, Vietnam! :)
No er vi komme heim igjen til Geoje etter ei fantastisk flott veke på ferie i denne flotte byen.

Vi reiste heimefra ca klokka midt på natta natt til lørdag, då flyet vårt gjekk frå Busan klokka 07.00 om morgonen. Etter ein litt slitsom tur med ei noko utålmodig frøken på fanget var vi endeleg framme i Vietnam på formiddagen, sidan tidssona gav oss to timer ekstra :)
Frå flyplassen og ned til hotellet kjørte vi forbi kvite strender, smale og høge bolighus i fine pastellfarger, skulpturbutikker, hus som minna mest om skur like atmed store og flotte ressorter, svære risenger, scootere i massevis, mange og store reklameskilt for skreddere i Hoi An, kirker og templer... Her var stor variasjon, men eit nydeleg land!

Han her stod frå hotellet og venta på oss. Følte oss litt viktige då ja ;)
Vi budde på Sunrise Resort, 10 minutters taxitur fra byen. Dette var eit stort og fint hotell, og rommet vårt var veldig bra og med eiga stove, slik at mor og far slapp å legge seg samtidig som frøkna vår om kveldane.
På samme hotell budde ein anna norsk familie som også bur her på Geoje! Fedrene her er kollegaer og mødrene er også blitt godt kjent. Det var veldig kjekt å ha dei der også ;)


Lørdag brukte vi ved bassenget, vi bada og kosa oss. Temperaturen var rundt 35 grader kanskje, bassenga var nesten avkjølande, frøkna var i godt humør og feriefølelsen var herlig! :)





Søndag tok vi oss ein tur ned til Hoi An by.
Hoi An er som kjent skreddarhovudstaden i Vietnam, og ein kan få laga både klær, sko, vesker, lykter, dill dall, you name it... Vi hadde sjølvsagt planer om å få sydd oss eit plagg eller to kvar. På forhånd hadde vi hørt mykje om både antallet og kvaliteten på skredderene, men då vi reiste ned for å sjå litt fekk vi oss likevel ein overraskelse. Her var skreddere overalt, og for oss såg alle butikkene akkurat like ut med akkurat det samme utvalget av både stoff og klær. Korleis skal ein velge kvar ein skal gå då?


Her fekk vi oss eit par kjoler og skjorter, og vi var veldig fornøgde med både klær og prisen på dei :)
Vi sette oss ned på ein liten gatekafe for å la Sigrid sove i ro i vogna si, og for å la inntrykket sige litt. Her kom vi i prat med ei lokal dame. Vi hadde fått ein anbefaling ang. skredder frå hotellet, og dama bekrefta mistanken vår om at hotella fekk kompensasjon for å anbefale akkurat denne skredderen. I følge denne dama handla stort sett alle dei lokale klærne sine på markedet, då det var mykje billigere enn hos skredderene i butikkene.
Likevel ville vi handle via butikk, og vi var innom skredderen som vi fekk anbefalt på hotellet, men fann ikkje verken stoffet vi ville ha eller inspirasjonen vi trengte, så vi gjekk videre. Etter ei stund med gåing og sjåing fann vi ein butikk som mor hadde lest litt om, og gjekk inn dit. Der fann vi det vi ville ha og fekk service som gjorde oss trygge på at dette kom til å gå bra. Far bestilte rett og slett bryllupsdressen sin, og mor fekk bestilt seg eit par kjoler. Alle var blide og glade, bortsett fra ei lita frøken i vogna som syns det heile begynte å ta litt vel lang tid, og som også syns at skredderdamene til tider var litt for nærgåande.
Her fekk vi oss finkjole og bryllupsdress! :D


Når far blei målt opp og fram og i mente gjekk difor mor og barn for å treffe ingen ringere enn mor si venninne, Therese, og hennes Tor Gunnar. Dei var på tur i Cambodsja og Vietnam, så det passa jo heilt supert å treffe dei i Hoi An :) Det var utruleg koseleg å treffe dei igjen, og det er jo første gang dei får treffe Sigrid også. På kvelden var vi ute og spiste middag sammen, vietnemesisk mat er jo så utruleg godt, og med godt selskap i tillegg var det ein flott kveld :)
Dei var også innom hotellet vårt dagen etterpå og tok ein cola sammen med oss ;)


Hoi An blir for oss: Gamle små murhus med butikker i i lange vakre gater, kjolebutikker på rekke og rad, papirlykter med lys, stor interesse for vår lille lyshåra frøken med blå auge, knallgod mat, lukta av røkelse blanda med lukta av eksos, mopeder over alt i eit salig trafikkaos, backpackere på kafeene, lyden av trommer og tuting fra mopeder, sykkeltaxier og mopeder som vil fram mellom alle turistene, kaos, men kaos med sjarm ;)






Hoi An er ein gammal og liten by med ca 100 000 innbyggere, og i følge vår venn på kafeen kjente alle alle der.
Ein av tinga vi likte så godt med Hoi An var at det var så mange som kunne engelsk. Slik som den dama som vi traff for eksempel. I løpet av ein liten time sammen med ho fekk vi vite mykje om Vietnam som vi enno ikkje heilt veit om Korea. Berre det å kunne prate engelsk på restauranter, i butikker, i taxi, med folk på gata er for oss ferie og avslapping i seg sjølv!
Heile byen er dekka med wifi! HoiAnMega_WiFi, gratis!



Fornøgd far som har fått bestilt klær og ei litt mindre fornøgd frøken som er lei av å vente.
Det kom plutseleg ein kort, men kraftig regnskyll. Då var ponchoselgerene raskt ute, og mor fekk seg ein lekker, gul ein!
Endeleg var det leiketid! Og i sølepytter til og med :)

Om kvelden dukka det opp marked midt i eine gata.

Uansett kvar vi gjekk i byen høyrde vi tromming. Både små og store gutter (og kun gutter!) gjekk rundt i grupper ikledd like bukser i ein farge og underholdt på eit vis. Ein drog ei tromme på ei vogn, ein gjekk bak og tromma, nokre gjekk med masker og vifta på folk med ei slags vifte, to gjekk som ein drage med ein framme som styrte ansiktet og ein bak som bakbein, og ein del gjekk med og fulgte etter dette følget. Butikker fekk besøk, og restauranter og folk på gatene fekk også nærkontakt med desse. Penger var jo sjølvsagt det dei var ute etter, men det var også i forbindelse med fullmånen at dei gjorde dette her fekk vi fortalt. På kveldane hadde dei framvisning der ein klatra opp i ei stang som dei andre stod og holdt. Trur ikkje alle norske sikkerhetskrav var ivaretatt her, men det gjekk no bra likevel. Det var veldig artig å sjå og oppleve dette. Likevel fekk vi litt nok etter eit par kvelder med trommer og ståk kvar enn vi gjekk. Spesielt Sigrid syns det blei litt i meste laget.


Dei neste dagene var været litt av og på, tidvis svært bra og tidvis svært dårleg. Natt til onsdag laga himlen til eit lysshow utanom det vanlege, og onsdagen plaska det ned/bort stort sett heile dagen. Fru Skogland tok taxi ned til byen denne dagen for å prøve nokre klær, men måtte sitte på med ein scooterkar heim igjen, då det var flom i gatene slik at taxiene ikkje kom fram.  Det var visst nok ein tropisk storm, så på hotellet var palmane på stranda bunde godt fast i kvarandre, nederste bassenget var dekka med presenning, taka over nokre av uteplassane var bunde fast og sikra med sandsekker, og stranda var stengt. Dette har dei nok vore ute for før, dei klarte iallefall å sikre det meste. Det eineste vi fann på hotellet som hadde tatt skade av stormen var rosebuskene, og vår tolmodighet. Å være inne ein heil dag på eit hotell der det meste av aktivitet er lagt opp til å skje utendørs, var litt kjedelig både for store og små.




Dagen etter stormen var gata nærmest elva i byen enno oversvømt, og der det tidlegare i veka hadde vore mopedtrafikk var det no små robåtar som gjekk fram og tilbake. Den eine brua stod i vegen for ein del trær og busker som kom nedover med elva. Kvelden etter stormen var det på ny meldt om regnvær, og det var difor stor aktivitet på brua for å få buskene videre nedover elva før høljeregnet satte igang igjen. 





Litt utpå kvelden blei det solgt papirlykter til å sende nedover elva.

Været lysna heldigvis opp på torsdagen! Vi var ikkje så veldig kulturelle på denne turen, og fekk ikkje med oss andre attraksjoner enn gamlebyen og skredderene egentlig. Frøkna i vogna sa klart i fra at det ikkje blir fleire lange sightseeingdager i byer på oss på ein god del år, så då blei det bading og kos på oss dei siste finværsdagene i stadenfor, med ettermiddagane og middag i byen. I tillegg hadde både mor og far spabehandling ved hotellet desse dagane. Dette var jo heilt fantastisk deilig, ikkje andre måter å beskrive det på trur eg :)




Vi hadde ein utruleg fin og avslappande ferie, og ingen av oss hadde noko særleg ønske om å reise heim igjen då fredagen var over. No sit vi og drømmer oss bort, og ser etter hotell og fly i håp om at vi igjen kan få oss ein liten ferie til varmare strøk over nyttår. Ein skal ikkje sjå bort frå at det blir Hoi An på ny ;)





No comments:

Post a Comment