Monday, October 28, 2013

Busan Fireworks Festival 2013

Denne helga har vi vore i Busan i anledning Busan Fireworks Festival. Ein veldig spesiell og artig opplevelse!

Vi reiste opp tidleg på dagen for å unngå eventuell kø på vegen inn. Litt kø måtte vi likevel gjennom, men vi liker å tru at det kunne vore verre. Vel framme fann vi hotellet vårt, Hotel Riviera Haeundae, før vi gjekk for å få oss litt mat. Vi møtte nokon kollegaer til far undervegs som anbefalte oss å reise inn til festivalområdet tidleg, då det kom til å fyllast opp med folk ganske fort. Difor droppa vi den planlagte shoppingrunden denne dagen, og heiv vi oss på subwayen like til festivalstranda Gwangalli Beach etter at lunsjen var ferdig.
Gwangalli Beach er ei stor strand i Busan, og ligg i ei bukt i "midten" av byen. I sjøen utanfor denne bukta er det bygd ei bru med motorveg over to nivå, der øverste nivå går i retning aust og nederste i retning vest. Det var frå denne brua at fyrverkeriet blei skutt opp, og tilskuerplassen var langs heile Gwangalli Beach.



Då vi var komme fram til Gwangalli møtte vi Morten, Christine, Arnt Helge og lille Theodor :) Arnt Helge og Morten er kollegaer med far, Christine er husmorkollega med mor og Theodor er ein liten kjekkas på samme alder som Sigrid.
Vi tok oss ein kaffi på ein kafe langs stranda medan vi såg på folkestraumen som kom til. Då klokka nærma seg fem våga vi ikkje lengre å sitje på kafeen og sjå på at alle dei gode plassane blei tatt ein etter ein. Vi gjekk ut for å menge oss med resten av folket, sjølv om fyrverkeriet ikkje begynte før klokka åtte. Ved stranda fungerte det slik at alle måtte sitte, det var ikkje lov til å stå, og det var satt opp gjerder eit godt stykke oppanfor vannstripa slik at folk ikkje skulle komme for nære sjøen. Langs gatene var det salg av tepper til å sitje på og til å ha over seg, og ein kunne også kjøpe piknikkbokser med mat og drikke for å ha medan ein venta. For dette var i realiteten ein piknikk for ca ein million mennesker! Det var ganske sprøtt å sjå på folkemassene. Då vi gjekk ut var heile stranda full av folk, og mor var ei stund redd for at vi måtte stå og vente heilt til showet starta. Medan vi stod på fortauet og lurte på kva vi skulle gjere blei vi beordra av ein vakt til å setje oss ned, og vi så gjorde. Plassane rundt oss blei fylt opp i enorm fart, og vi måtte kjempe litt med naboene for å få plass nok til alle oss. Det sat folk til ca midtstripa i vegen langs stranda, der blei det satt opp band, og bak der måtte folk stå. Så her sat vi altså i tre timer før fyrverkeriet starta.


Med godt selskap, sjokolade, chips og to aktive unger gjekk tida overraskande fort, sjølv om Sigrid blei litt utålmodig og lei av å berre ha ca 1 kvadratmeter å bevege seg på over så lang tid. Dei som sat rundt oss hadde imponerande tolmodighet med våre to små, og dei tilbydde oss både mandariner, gimbap ( koreansk sushiroll-liknande greier) og soju. Vi fekk også tilbud om tørka blekksprut, men då takka vi høflig nei :p


Sigrid deler høflig :)



Klokka åtte begynte endeleg det vi var komme for å sjå, fyrverkeriet! Og for eit fyrverkeri! Det var imponerande frå start til slutt. Far var i ekstase og gjekk amok med fotokamera, eg trur vi har bilde av ca kvar rakett, dei vi ikkje har bilde av har vi iallefall på video. Nyttårsfeiringa heime i Norge blir nok aldri den samme etter dette er eg redd..





Midt i fyrverkeriet var det ein rolegare periode, og på storskjermane langs stranda blei det no annonsert at det var "proposal time". Vi såg ingen som gjekk ned på kne, far har jo allerede vore der, så han slapp ;)

Då fyrverkeriet hadde vart i ca 30 min begynte ein del folk som sat langt framme på stranda å reise seg og gå, sjølvsagt til store protester frå alle som sat bak dei og dermed fekk utsikten forstyrra. Dei ville sikkert gå før trafikken blei fullstendig kaos, men likevel, der har dei altså sete i fleire timer og venta på fyrverkeriet, og så går dei før det er ferdig. Merkeleg prioritering syns vi. Vi fekk iallefall med oss alt som var :) Showet varte i 45 minutter, og avslutningen var fantastisk rett og slett!



Etter showet blei stranda og gatene tømt for folk i ein imponerande fart. Når ein million mennesker skal bort fra stranda såg vi for oss ein bra lang kø til subwayen, så vi bestemte oss for å gå tilbake til hotellet. Vi sparte nok ikkje noko tid på dette, men vi sparte oss garantert for ein del frustrasjon og irritasjon som nok hadde oppstått om vi hadde gått for subway tilbake. Turen tok litt under to timer, ein fin kveldstur med frøkna sovende i vogna :)

Vi slapp heldigvis å leite etter frøkna i missing children-teltet


Søndag var den store shoppingdagen for vår del. Vi reiste til kjøpesenteret Shinsegae, ein kjempestor departmentstore i Busan. Grunnen til at vi reiste dit var fordi dei har ein svært bra butikk der. De har kanskje høyrt om den, sjølv om den er ganske eksklusiv. Louis Vitton har 4 butikker i Busan, Chanel Fasion har 5 butikker der, men den butikken vi var på jakt etter finns det berre 2 av i heile byen. Vi snakker sjølvsagt om o store Hennes & Mauritz. Denne butikken har alt, og i alle størrelser! Vi gjekk ut derfra med tre store og fulle poser, ein pose til kvart familiemedlem. No er vi litt betre skodd for hausten som til slutt har komme hitover også :)




Om ein skulle være så heldig å være i området rundt Busan rundt denne tida neste år, få med dykk fyrverkerifestivalen!! Neste år er det tiende gang den blir arrangert, FOR eit fyrverkeri det kjem til å bli! :)





No comments:

Post a Comment