Tuesday, October 15, 2013

Jinju lantern festival

Laurdag reiste vi ein liten spotantur til Jinju på lanternefestival. Denne turen var så spontan at vi reiste uten noko særleg med batteri på verken mobilane eller kamera, og uten GPS. Eineste informasjon vi hadde om festivalen var nokre fine bilder mor hadde sett på facebook. Skikkeleg godt forberedt med andre ord..
Tidlegare på laurdag var vi i sjømannskyrkja for litt graut og godt selskap. Der var det nokre familier som skulle rett til Jinju etter kirkebesøket. Mor og far såg på kvarandre, nikka, og sa at "det skal vi også", så etter ein liten snartur oppom leiligheten for å hente eit par småting, reiste vi avgårde.

Jinju er by som ligg ein drøy time nord for Geoje, ved Namgangelva i innlandet av Sør-Korea.  I denne byen kjørte vi rundt i ein liten time litt sånn uten å vite heilt kvar vi skulle. Når temperaturen i framsetet steig til over det behagelige, brukte mor til slutt litt av sitt dyrebare mobilbatteri på å ringe nokon om kvar festivalen eigentleg var, for deretter å bruke sine siste batteriprosenter på å slå det opp på mobilkartet, slik at trykket i kabinen sank til tilnærma normalt nivå. Då vi omsider fekk parkert gjekk vi først innom ein kafe for å gi frøkna ein matbit, deretter gjekk vi ein liten tur i gatene i Jinju før vi gjekk til brua der vi hadde sett at det hang eit par lanterner.


Jinju
Like over brua traff vi på ein utruleg hyggeleg og pratesalig koreaner! Han var nok ikkje heeeilt nøktern, men likevel ein triveleg mann, og han og ei som enten var søstra eller kona slo følge med oss eit godt stykke innover langs elva. Engelsk var han ikkje så god på, han kunne berre eit og anna ord. MEN, han var svært god på kroppsspråk av alle ting! Det er normalt sett ikkje noko koreanere bruker i tide og utide. Å miste ansikt, å dumme seg ut, er noko dei prøver å unngå, og kroppsspråk er vel ei stor fallgruve der, så det kan av og til føles svært frustrerande når ein treng å forklare noko eller få forklart noko og vi står og veiver med armer og føtter for å forklare, men berre får ein slags vegg av eit menneske tilbake. Men altså, denne mannen prata og forklarte, spurte og smilte. Han kunne jo nokre få engelske ord, og far imponerte med å kunne eit par koreanske ord også! Mannen visste at Norge var gode på ski (han staka og staka med armene), og vi nikka og sa "yes yes". Så prøvde han også å sei at vi er gode i fotball (luftfotball som ein ekte proff), men då var far kjapp med å motsei han :p Vi prata meir om Norge, om Korea, om Sigrid og eittårsdagen hennes, om koreanske eittårsdager, om søstra hans i San Francisco, jobben til far, og diverse. Det skal seiast, vi fekk ikkje så mykje ut av kvart emne, men likevel, utruleg artig!

Då denne koselige mannen sa farvel, kom vi til eit lite tivoli etterfulgt at ein heil haug med boder! Her hadde dei mykje rart, rett og slett! Far kasta mellom anna piler på ballonger og vann ein liten bamse til frøkna, og vi spiste potet på pinne :)
Smågodt korean style!

Steikte blekkspruktenktakler, mmm...


Men SÅ! Så kom lanternefestivalen! Det var mykje større og bedre enn det vi hadde sett for oss! Elva lyste opp av ulike lanternefigurer, både koreanske krigere, båter, historiske figurer, blomster, disneyfigurer, og ein heil del anna.  På land langs elva var det også figurer av ulike slag, og langs festivalområdet var det ein laaang tunell av lanterner. Det var også mulig å gå på nokre flytebruer over til andre sida av elva, der det også var lanternefestival. Området var så enormt, vi gjekk langt oppover langs elva og berre såg og såg. Her kunne mor og far gått i evigheter, men frøkna på ryggen var ikkje heilt enig i at dette var alle tiders dessverre. Likevel, vi var der lenge nok til å få sjå ein heil masse, og til å bli imponerte! :) Jinju by var også svært fin, og har eit fort på andre sida av elva som såg veldig fint ut frå der vi var iallefall. Denne byen havna rett på hit må vi reise tilbake-lista vår, som etterkvart begynner å bli ganske lang!





Då vi skulle kjøre heim igjen spurte vi dama som sat i parkeringsboden om kvar det var best å kjøre for å komme oss lettest ut av byen. Ho gjekk rett og slett og henta ein triveleg kar som kunne engelsk og som kunne hjelpe oss. Først prøvde han å forklare oss kvar vi måtte kjøre for å komme oss i riktig retning, men då han såg at vi berre var litt sånn halvvegs med, sette han seg inn og blei med oss rundt kvartalet, slik at vi kunne sleppe han av i eit kryss og kjøre videre enkelt og greit ut av byen! Tusen takk til han :)

Ellers gløymde eg å legge ved eit bilete av frøkna i den flotte fotballdrakta si i forige blogginnlegg. Her er ho, klar til kamp, men med feil skotøy ser det ut som :p



No comments:

Post a Comment