Helga er allerede godt forbi, og snart er det helg igjen allerede! Kvar blir dagane av??
Forige helg starta veldig bra! Eit par gonger i veka treffest ein gjeng med mødre og barn på Sigrid sin alder for piknikk, lunsj, leikedater, musikk-klasser og lignande. Fredags kveld var det tid for eit treff kun for mødrene medan borna var heime saman med fedrene. Eit etterlengta avbrekk! Sjølv om vi treffest ein god del gjennom veka, er det ikkje alltid vi får prata så mykje saman. Difor er desse middagskveldene saman så gode, vi får sjans til å prate og le saman uten å bli avbrutt av born som gråter, sultne små mager, fulle bleier, hender som dreg i oss eller at vi må springe for å avbryte småfarlige situasjoner.. Vi hadde ein veldig kjekk kveld saman!
Laurdag hadde vi ein svært rolig dag før vi til slutt fekk oss ut døra og til Okpo. Der var det nemleg grillfest på Sjømannskyrkja. Der var mange folk, rundt 90 påmeldte, men der det er hjerterom er det husrom, så det var god plass til alle. Maten var god, og festen også :)
|
Far er på grillinspeksjon |
|
Borna leiker :) |
For dei minste var det arrangert fiskedam, Sigrid fekk også prøve seg og fekk ein slikkepinne på kroken. Ho syns den var veldig kjekk å gå og sleike på, ho visste heldigvis ikkje at det er meininga at plasten skal av før ein har den i munnen ;) Ellers var det loddsalg der hovudpremien var ei korg med både frukt og norsk sjokolade i. Denne gjekk nok til nokon andre denne gongen, men vi vann den forige gang det var fest på kyrkja, så det får vel gå bra. Inntektene frå loddsalget gjekk til eit prosjekt i Nord-Korea. Evangelisk orientmisjon fra Norge har fått innpass i Nord-Korea for å mellom anna bygge drivhus for å produsere mat. Meir om dette prosjektet finn ein
her.
Søndag var det familiefjelltur til fjellet Guksabong, i regi av Sjømannskyrkja. Været var nydelig denne dagen, og det gir jo ein ekstra boost, iallefall kom både liten og stor seg fint opp til toppen :)
Mor følte seg litt ekstra sprek denne turen, på fjellturene i kvardagane må jo mor bære frøkna på ryggen, men denne gangen var det far sin tur, så mor var eit par kilo lettere enn ellers ;)
|
Spreke pappaen og ei fornøgd frøken |
|
Håkon, som driv kyrkja saman med kona, Kathrina :) |
|
Familien tek seg ein pause i bakken |
|
Sigrid ville gå sjølv, og fekk god hjelp fra fine Maria :) |
|
Og far ;) |
Toppen av Guksabong er ikkje store flekken, og det er ganske bratt ned på nokre av sidene der. Her blei det difor berre tatt bilder, før vi snudde og gjekk ned til eit litt flatare område ca 400 meter nedenfor toppen. Der hadde vi lunsj, borna fekk leike litt både i og mellom treningsapparatene, som forresten står overalt i fjellet i dette landet, og det var ein liten andakt, før vi sette nasen nedover igjen.
|
Uten mat og drikke... |
|
Her er det dramatisering av "den barmhjertige samaritan" på gang :) |
Helga blei avslutta med middagsbesøk hos familien Skogland, med knallgode kjøttkaker og godt selskap :)
No til helga skal vi på fyrverkerifestival i Busan! Vi er spente, og gler oss!! :)
No comments:
Post a Comment