Vi sette kursen mot ei taubane der som vi har høyrd mykje bra om. Vår GPS vel ikkje alltid kortaste veg til målet, men denne gongen var det heilt greit egentleg. Den tok oss gjennom heile byen og langs havna før den viste oss taubana, så då fekk vi jo sett ein del av byen også og kva den har å tilby. Vi blei enige om at vi må reise til havna på ein anna søndagsutflukt då det såg svært spennande og livleg ut, med nokre skikkeleg koreanske markeder, ein del replika av gamle turtle ships liggande til kai, og eit yrande folkeliv.
Vel framme ved taubana var det også mange mennesker. Koreanarar, og då spesielt pensjonistane, er svæt glade i å reise på organiserte bussturer, så her var mange busslass med folk som også skulle med bana.
Vi hadde jo, som godtruande nordmenn, tatt med oss barnevogna til Sigrid, sjølv om det har vore ein dårleg ide på stort sett alle andre turistattraksjonar vi har vore på. Dette var jo ingen unntak, så vi endte med at ein bar frøkna og ein bar vogna. Men men, litt ekstra trim :)
Det ein treng før ein tur med taubana: søtpotetchips, maiskolber og steikte larvar. Mmmm... |
Ein mann som var meir opptatt av Sigrid enn av utsikten. |
Ein liten sprell på bordet :) |
Vi tok bana nedigjen, men det er også mogleg å ta beina fatt ned på flotte fjellvegar.
Etter "fjellturen" vår, reiste vi på Vapiano og spiste middag, før vi tok turen heimigjen og prata med besteforeldra på Ostereidet på skype. Ein veldig fin søndag rett og slett :)
Den obligatoriske kiwijuicen på Vapiano :) |