Tuesday, February 26, 2013

Fjelltur til Oknyeobong

Kvar torsdag går ein del av ektefellene til kollegaene til far på fjellturer her på øya. Lørdag arrangerte dei tur for heile statoilgjengen. Vi fekk låne ein bæremeis av nokon andre norske her, slik at vi kunne bli med på turen :)




Turen gjekk til fjellet Oknyeobong på 554 meter. Legenden skal ha det til at Okneyo, datter av den store guden Jade, synda slik at ho blei sendt ned til dette fjellet for å bli født på ny som menneske. Hennes menneskelige far begynte etter kvart å sjå på ho slik fedre ikkje skal sjå på døtrene sine, og ville altså ha ho. Ho sa då at han skulle få ho viss han klatra opp dette fjellet naken som ei ku. Han så gjorde og ropte muuu heile vegen. Plutseleg kom det eit lyn fra himmelen som traff han slik at han døde. Då steig Oknyeo til himmelen. Det står det iallefall i guideboka vår for Geoje Island :)

Der ser de målet i det fjerne
Først gjekk vi opp til ein gammal varde, eller beacon mound. Denne blei bygd på 1400-tallet, og blei brukt til å sende signal videre til andre varder om japanerene angreip eller det var andre farer som luska ute i havet. Korea hadde i gamledager fleire slike røyksignalruter i heile landet, men ein god del av vardene er no øydelagde. Denne blei restaurert i 1995.

Beacon Mound på Ongnyeobong Peak.
Familien på tur
Turen var slitsom og bratt ein del stader, spesielt den siste bakken mot toppen. Det blei ein god del stopp undervegs for å få igjen pusten, men også for å nyte utsikten som viste seg nokre av plassane. Det siste stykket fekk Sigrid litt fart i oss, då ho fann ut at ho var sulten, og ville ha mat akkurat då! Så då var det berre å komme seg til topps før ho kreperte hørtes det ut som.
På toppen var det nydeleg utsikt både mot nordaust og søraust. Vi såg mellom anna ned mot Daewoo DSME- verftet og fekk verkeleg sett kor stort dette verftet er.
Etter fjellturen var det afterhike på samsung guesthouse for heile gjengen med mat og drikke.

Yngve og Sigrid har nådd toppen!
Uten mat og drikke duger helten ikke..


Oknyeobong 554,7 meter

Her ser de DSME og Okpo i bakgrunnen.

Deawoo DSME
Her blir det tatt gruppebilde av heile gjengen.
Vi gler oss til neste tur, sjølv om kroppen framleis jobbar med å komme seg etter denne turen, med gangsperr både her og der enno :)

No comments:

Post a Comment