Her bur altså vi, 6. etasje i blokk 111, Xii. Leiligheten er mykje større enn den vi flytta ifrå på Sola, så vi har godt med plass føler vi. Her er tre soverom, eit kontor, to bad, stor garderobe, og ellers god oppevaringsplass.
Vi var jo ute på møbeljakt for ei stund sidan, og endte opp med dei to stolane de ser her, samt bokhylla. Vi kjøpte møblane på Casamia i Gohyeon. Stolane er eigentleg litt for store til at det ser bra ut med begge to i stova, men dei er så gode, så det ser ut som vi overser akkurat det.
Her ser de også at far har vore snill og kjøpt ein stor og fin bukett med roser til mor på den store valentinesdagen :)
Stova vår. God plass for Sigrid å boltre seg på. Legg merke til air condition i hjørnet. Vakker sak. |
Stort og godt kjøkken med massevis av benkeplass! Da lika me :) |
Vi har som sagt tre soverom, eit hovedsoverom i forbindelse med garderoben og eine badet, og to mindre soverom.
Det eine soverommet har det nok vore ei lita jente på før vi kom, for det er fint og rosa. Dette kunne fungert ypperlig som soverom til Sigrid når ho skal flytte ut, men huseiger har sett eit stoort garderobeskap her inne, slik rommet mista mesteparten av golvplassen her inne. Synd :/
Sengene her er forresten steinharde!! Vi har blitt vandt med dei, men kjenner det litt i ryggen om Sigrid har sove litt lengre enn normalt.
Hovedsoverom, garderoberommet i bakgrunnen. |
Jenterommet :) |
Gjesterommet |
Vi har også ein liten sminkepult til mor, litt luksus i kvardagen :)
Bada her er heilt utan oppvarming, det vil sei at det er ein kald fornøyelse. Slik er det over alt her i dette landet, bada og toaletta er kalde. Kvifor det er slik veit vi ikkje, men mor sin teori er at det har noko med hygiene å gjere, det blir jo litt varmt her utpå sommeren.
På det eine badet her er der som sagt eit toalett som er litt meir tekninsk enn det vi er vande med. Slike toalett er det i heile Sør-Korea. kloakkanlegga generelt i landet er visst ikkje bygd for å handtere store mengder toalettpapir og slike ting, så då er jo desse toaletta handy. Og for all del, dei er sikkert knallbra, Sør-Koreanerene kan jo sin teknologi. Vi trause nordmenn er likevel litt tilbakeholdne og skeptiske og held oss unna slike nymotens greier enn så lenge.
Dei som har budd her før oss har vore svært glade i wall stickers. Det heng klistremerker på vinduer, vegger og skap. I stova heng det noko som skal forestille ein sangtekst. Desverre har ein del av bokstavane blitt borte, slik at berre delar av diktet og orda står att. Mor syns det er så stygt at ho ikkje har tatt bilete av det ein gong! Men men, det er vel ein del av sjarmen med å leige og ikkje eige tenker eg.. Her er derimot bilete av nokre av dei som er heile:
Nokre av lysbrytarane er også litt utanom det vanlege. Kanskje dette er noko å ta med heim til Norge? :)
På veggen mellom kjøkkenet og stova er det ein høgtaler som kjem med litt informasjon i ny og ne. Dette er sjølvsagt på koreansk, så vi lar den dure og gå, den går desverre ikkje ann å slå av. Ein dag var det mykje prating i høgtalaren, og alt vi forstod var "apparment", så då hadde det jo noko med oss å gjere. Litt seinere på kvelden ringte det på døra til leiligheten, og far gjekk for å opne. Det var visstnok ein votering av noko slag, og dei gjekk ikkje der ifrå før han hadde stemt. Samtalen foregjekk på koreansk (noko far har begrensa språkkunnskapar i) så han stemte for...trur han. Håper ikkje det var eigeninnsats ved trappevasken han stemte for :/
I stova har vi eit kontrollpanel på veggen. Her kan vi styre lyset og varmen i leiligheten, og også slå på og av gassen om vi vil det. Der er kamera både ved hovuddøra og døra til leiligheten, slik at vi på kontrollpanelet kan sjå kven som banker på, og også sleppe dei inn via panelet. I tillegg kan vi sjå kva temperaturen ute er, som jo er svært greit :)
Alt står på koreansk på dei ulike apparata i leiligheten, men vi har fått ein kjekk liten perm frå utleigebyrået med oversetjingar av både panelet, vaskemaskin, oppvaskemaskin, TV og steikeovn. Det eineste dei ikkje har tatt seg tid til å oversetje trur eg er kontrollen på toalettet :p
Til slutt kjem nokre bileter av jenta på golvet :)
Slik er det altså her som vi bur :)
PS: alle bilder er tatt like etter at vaskedamene hadde vore der! Dei kan difor gje eit litt falsk bilete av tingenes faktiske tilstand...
Vokser så fort!
ReplyDeleteSå flott de har da! Kjekt å sjå de har gjesterom =P Då kan detta vera eit alternativ til neste husmorferie =P Klem
ReplyDelete