Sunday, February 24, 2013

Mommy the bithday kid!

Då var mor like gammel som far igjen :) 27 år!!

Bursdagen starta med at Sigrid berre vakna ein gang i løpet av natta. Lykke :D
Far hadde også lovd mor ein overraskelse om morgonen, så mor hoppa ut av senga for å sjå kva det kunne vere. Og der, på kjøkkenbenken, stod akkurat det mor hadde ønska seg: Peanøttsmør!! :)
La meg forklare: På vår første tur til butikken her i Korea, i jungelen av koreansk mat, der stod peanøttsmøret og smilte gjennkjenneleg til mor. Mor tenkte, det veit eg kva er, det er godt, det må eg ha, og tok med seg eit glas. Mor blei så glad i peanøttsmøret at ho åt skive på skive, berre for å få ete dette herlege pålegget. Etter to glas fann ho ut at ho måtte slutte å kjøpe meir peanøttsmør. Men saknet var stort, noko far tydelegvis hadde fått med seg.. På denne bursdagsmorgonen var difor eit glas peanøttsmør den beste gåva mor kunne fått!! :)



På formiddagen reiste mor og Sigrid til Okpo for å møte Ane, som også har bursdag 22. februar, Rolf Johan og ei anna kjekk Sigrid. Her drakk vi kaffi før vi gjekk på ein svært god tyrkisk restaurant og spiste bursdagslunsj. Tusen takk til Rolf Johan og Sigrid :)

Sigrid sovna, men sov godt bak oss i sofaen på den tyrkiske restauranten :)

Far kom tidlegare heim frå jobb for å være saman med bursdagsbarnet og den lille prinsessa. Han hadde også då ein overraskelse på lur til mor. Han hadde seg nemleg ein liten handletur åleine mandagskvelden for å sjå etter gåve og nokre andre små ting. Undervegs i handleturen ringte han heim for å høyre med mor "sånn heilt hypotetisk sett, viss eg skulle kjøpt noko til deg, kva skulle det vore og korleis skulle det vore". Mor prøvde så godt ho kunne å veilede han med hennar heilt spesielle krav til ting. Men, då han kom heim og sa at nei, han hadde ikkje funne noko så vi fekk gå ein handletur ilag slik at mor kunne velgje seg sjølv, trudde sjølvsagt mor på far. Overraskelsen var altså stooor då han drog fram ei stoor pakke til mor. Og ikkje kva som helst gåve heller, han hadde nemleg funne den perfekte veska som oppfylte alle mor sine krav: Svart, enkel utan dill dall, med skulderreim, stor, og ganske så fancy. Den var knallfin!!! Tuuusen takk finaste Yngve :)

Vi reiste også denne bursdagen til VIPS på D-cube for å ete bursdagsmiddag. Her sat Sigrid i barnestol for aller første gang, stor jente :) Det var så deilig å ikkje ha ho på fanget. Vi kunne bruke både kniv og gaffel samtidig medan vi var på restaurant! Sjølv om vi måtte plukke opp leikene hennas frå golvet eit par gonger syns vi dette gjekk veldig bra.
Vel heime vart det ein roleg kveld med The Voice of Korea. Koreanerene kan verkeleg synge altså!! :)

Stor jente i barnestol for første gang :D

Ein veldig fin bursdag med andre ord :)

No comments:

Post a Comment