Monday, March 4, 2013

Okpo Great Victory Commemorative Park

Denne helga har vi hatt langhelg her, då 1. mars er nasjonal fridag i Sør-Korea. Vi har hatt ei rolig helg her på Geoje. Langhelga starta med korean barbeque torsdags kveld saman med nokon av far sine kollegaer. Korean barbeque vil sei at ein grillar kjøttet sjølv på ein grill i bordet. Knallgodt :)
Fredag hadde vi ein roleg og fin dag, med lunsj på Kafe Lemontable i Okpo og avslapping i heimen.


Langs vegane var det pynta med koreanske flagg i annledning 1. mars

Laurdag var vi i kyrkja og åt graut og vaffel, før vi tok turen til Okpo great victory commemorative park for å gå oss ein liten tur i fineværet her. Våren har endeleg begynt å komme her i Korea, med varmare dagar og varmande sol. 
Okpo great victory Commemorative park er ein park til minne om det første slaget som general Yi Sun-Shin vann mot Japanerene i 1592, i det som vert kalla Imjin-krigen. Parken består av eit shrine til generalen, eit museum, ein stor plass med nokre monument, og ikkje minst flott utsikt. Det var ein fin liten park som nok blir endå finare når våren er i gang for fullt her. 

Her kjem ein del bilder frå parken:
Mor med Sigrid i nyevogna.
Diktatorbilde ;)
Bilder frå shrinet til generalen. Flott utsmykking!


Modell av turtleship som blei brukt i slaga. General Yi var arkitekten bak desse.
General Yi Sun-shin




No comments:

Post a Comment