Tuesday, March 12, 2013

Daehan Dawon Tourist Tea Plantation

Laurdag var vi ute på tur på nytt med Statoil-gjengen. Denne gangen gjekk turen til Daehan Dawon tourist plantation i Boseong. Vi reiste med buss frå Gohyeon klokka 09.00 på morgonen og var framme rundt klokka 12.00. Som alltid var mor og far spente på korleis bussturen skulle gå med Sigrid, men å reise med ho gjekk knirkefritt denne gongen også.


Vel framme var det lunsj, og vi fekk bibimbap. Dette er ein populær koreansk rett der ein blander bollen med grønnsaker og kjøtt med ein bolle ris, sesamolje og koreansk chilisaus. Mor hadde ikkje prøvd denne retten før, så det var kjekt å endelig få smake det. Var ikkje så verst, men eg trur nok det går ann å få ein betre versjon av det enn her.

Bibimbap


 Etter lunsjen gjekk turen til sjølve plantasjen, som ligg i åssida av eit lite fjell. Dette fjellet måtte sjølvsagt bestigast. Problemet var berre at vi ikkje heilt hadde planlagt å gå på fjelltur, og hadde derfor berre tatt med lillevogna til Sigrid. Yngve fekk seg difor ein liten ekstra trimtur når han måtte bære frøkna heilt til toppen. Men det gjekk jo bra det også :)

Trapper opp til toppen


Plantasjen var veldig flott, med rad på rad med tebusker, litt hekkeaktig egentlig. Då vi var der var det nettopp begynt å bli litt grønt i buskene, og med 23 herlige grader i lufta tek det nok ikkje så lang tid før åssida ser grøn og frodig ut. I mai er det green tea festival her, kanskje vi tek oss ein tur dit for å sjå og oppleve plantasjen då.




Her er arbeidarane igang med å "trimme hekken"
Bilde frå museet som viser korleis det ser ut der på seinvåren.
På toppen var det flott utsikt, men litt disig. Både Sigrid og far var ganske slitne etter ein litt strabasiøs tur oppover trappene til toppen. Heldige Sigrid kunne berre legge seg tilbake i armene til far og sove litt :)

  

Far og sovande Sigrid på veg ned dei til tider ganske bratte trappene.
Nede igjen møtte vi ein guide som fortalte litt om plantasjen og området, før ho tok oss med til eit temuseum like i nærheten. Der fekk vi sjå ein te-sermoni, samt at ein del damer viste oss ulike tradisjonelle måter å bukke på i ulike annledninger. Vi fekk sjølvsagt også smake på teen :) 





Sigrid var svært populær blant både store og små her også, og eg trur nok ho likte det :) Ganske praktisk for oss også, vi fekk sitje og følgje med på teseremonien medan denne frøkna passa på vår lille frøken.


Her er nokre bileter frå museumet.




Og her er eit bilete av heile gjengen:


Til slutt var vi ein tur innom souvenirbutikken der vi kjøpte, ikkje så overraskande, grønn te. Vi kjøpte også  green tea-pulver som vi kan bruke i bakevarer og slikt, samt green tea snop og green tea-is. Isen trur eg ikkje vi kjøper igjen, green tea gjer seg nok best i tekoppen :)


Ellers er det endelig vår her på Geoje! Har til og med sett ein løvetann, det sikraste teiknet på at gradestokken er på veg oppover :)



















No comments:

Post a Comment