Denne helga er det nyttårsfeiring i Sør-Korea. Ifølge lunarkalenderen, som blei brukt i Korea før den gregorianske kalenderen blei tatt i bruk, er 10. februar første dagen i slangenes år! Nyttårshøgtida blir kalla Soellal, og internett seier at dette er den viktigaste tradisjonelle høgtida i Sør-Korea. Dette er ein familieferie, der alle samlast heime hjå familien for å hedre forfedrene, spise god tradisjonell koreansk mat, leike tradisjonelle leiker, og slik eg har forstått det er det også litt gåver involvert. Borna liker denne høgtida spesielt godt, for dei får ofte penger frå dei voksne. Ved å bukke djupt til dei eldre i familien og ønske dei eit godt nytt år får dei kort med penger i tilbake.
For at alle skal ha moglegheita til å reise heim til heimlege trakter, varer høgtida i 3 dager. Det virker likevel som om handelsstanden kun praktiserer med 1-2 fridager, då dagen før dagen er ein stor handledag der det blir handla gåver og mat for festen.
Sidan far hadde fri ein ekstra dag denne helga, fann vi ut av vi ville reise ein liten tur til Busan. Her var vi frå fredag til søndag, og budde på Novotel Ambassador ved Haeundae Beach, fint hotell med nydelig beliggenhet.
Fredag reiste vi altså oppover etter at vi hadde fått oss ein matbit saman med kollegaene til far. Etter å ha stått ein del i kø og brukt litt lengre tid til Busan enn vi hadde tenkt, brukte vi kvelden på hotellrommet slik at frøkna kunne få rulle rundt på golvet og bevege seg litt. Å sitje fastspent i lengre tid er ikkje det ho liker aller best, så ho var fornøgd når ho fekk sprelle litt etter ein lang biltur.
|
Stort og godt rom med god plass til små rullande jenter :) |
Lørdag bar det avgårde på shopping. Vi gjekk frå hotellet og bort til Shinsegae, som visst skal være verdens største department store. Senteret var stort, med skøytebane inne, 10 etasjer med butikker, kino, restauranter, food court og mykje anna. Mor var svært glad då ho såg at dei hadde Hennes & Mauritz der, endeleg ein butikk med riktige størrelsar! Vi brukte heile dagen her, før vi tok subwayen tilbake til hotellet.
Trur nok frøkna var litt lei av vogn og bråk og kikkande koreanarar etter kvart, så vi tok samme løysing som dagen før, med room service til middag og fornøgd og sprellande jente på golvet :)
|
I stadenfor å ta trafikken gjennom byen er der bygd ei bru på to nivå rundt byen. |
|
Monument vi gjekk forbi på vegen til shoppingsenteret |
|
Shinsegae, verdens største department store |
|
Shoppingkupp ;) |
Laurdag var det også NM i brass i Bergen, og mor skulle veldig gjerne vore der og høyrt på alle korpsa og møtt masse korpsvenner. Desverre er det litt vanskeleg å få til når ein er i Korea, men TV2 Sumo gjorde kvelden litt lettare for mor, og sendte heile gildet direkte :) Mor sat altså framfor paddo og fekk høyrt mellom anna flinke Gjallarhorn, samtidig som ho prøvde å gje korpsentusiasmen vidare til Sigrid, skal tidleg krøkast osv... Ho grein ikkje, så eg tek det som eit godt teikn ;)
|
Mor og barn koser seg med NM brass medan far tek seg av økonomien ;) |
|
Heia Gjallarhorn!!! :) |
Søndag blei det ein liten spasertur langs stranda. Fordelen med å ha ei lita som vakner tidlig er at vi får mykje ut av dagene. Klokka 11 hadde vi spist frukost, pakka, gått tur og sjekka ut av hotellet. Ikkje verst til oss å vere :) Stranda var heilt nydeleg fin! Vi hadde utsikt over stranda frå hotellrommet vårt, og fekk god sommerstemning då vi såg ut vinduet. Sommerstemingen forsvant derimot når vi gjekk ut døra og kjente på temperaturen. Vi får reise tilbake når det blir litt varmare i været og havet tenker vi :)
Haeundae beach
|
Vi budde på hotellet til høgre på biletet. |
|
Familien :) |
Seollal er som sagt ei svært viktig høgtid her, difor var det meste av butikkar og også ein del museum, utstillingar og andre turistting stengt søndag 10. februar. Vi fann likevel eit museum som var ope, og havna på Busan Museum. Dette museumet viser Busan si rike historie,gjennom ulike epoker heilt frå istida og fram til i dag. Her var utstilling av ein god del arkeologiske funn som er gjort, hovudsakleg krukker og redskaper, men også nokre utstillingar av kvardagslivet og viktige krigar og slag. Det var svært interessant museum, men vi syns det er vanskeleg å ta med seg kunnskapen vidare, då vi ikkje har så mange knagger å henge informasjonen på. Vi har nok desverre ikkje fulgt godt nok med i historietimane på skulen.
|
|
Heimatt blei det ein liten omveg, då vi bomma på eine avkjørselen. GPSdama ville ha oss til å snu og kjøre tilbake til avkjørselen vi kjørte forbi, men trafikken stod stille den vegen, så vi kjørte heller ein lengre veg heim enn å stå ein time i kø. Då fekk vi også sett meir av regionen og oppdaga fleire plasser vi ønsker å besøke her :)
Vi hadde ei svært fin helg i Busan, og gler oss til å reise tilbake når det er litt meir vår i lufta og stranda og vakner til liv frå vinterdvalen :)