Då er Sigrid plutselig blitt eitt år!
Og for eit fantastisk år dette har vore! På mange måter føles det som om det var i går at ho blei født, for tida har rast avgårde i ekspressfart. På ein anna måte føles det som om det er eit heilt liv sidan ho kom til verda. Berre tenk på kor mykje vi har fått opplevd saman med ho allerede, og kor mykje ho har utvikla seg på berre eitt år. Vi er heilt utruleg heldige som har denne fine frøkna, og er ganske så stolte over ho! :)
Ho har gått fra å være så stor:
|
3505 g, 51 cm |
Til å være såååå stor :)
|
10,5 kg, 76 cm |
Bursdagen hennes var lørdag 31. august. Då ho vakna fekk ho første gåva frå mor og far, ein leikemobiltelefon med litt meir lyd i enn det som var planlagt. Det er ikkje sikkert at vi kjem til å bytte batteri i den når det ein gang dør ut :p Etter frukost fekk ho gåve nummer to, nemlig ei dukkevogn! Det var akkurat det ho hadde ønska seg trur eg, for den var i bevegelse heile tida medan ho var heime. Då vi skulle gå ned i bilen for å reise i sjømannskyrkja måtte ho rett og slett trille den med seg ned i garasjen. Det blei litt rabalder då ho innsåg at ho skulle inn i bilen og at vogna måtte ligge i bagasjerommet, men men.
Vi var altså i sjømannskyrkja og åt graut og vafler og kosa oss sammen med både store og små. Det er komme mange nye barnefamilier til øya denne sommeren, og det er vi sjølvsagt veldig glade for :)
Vel heime igjen var det bursdagsskype med både besteforeldra på Ostereidet og besteforeldra på Fosse. Ho hadde vel egentlig ikkje tid til slikt, ho hadde jo tross alt ei vogn som ikkje kunne stå i ro, så samtalene blei litt sånn "on the go".
Middagen denne dagen var det bursdagsbarnet som hadde valgt, det vil sei, mor hjalp ho litt. Ho fekk iallefall potetstappe og pølse, innertier som vanleg ;)
Søndag hadde vi invitert nokon familier hit på kakebesøk. Det var utruleg koselig! Ungane leika sammen, herrene fann sin plass på kjøkkenet medan husfruene sat ved kjøkkenbordet og skravla. Sigrid fekk blåse lys på kaka, og vi sang bursdagssang for frøkna :) Mor hadde bakt ostekake og skillingsboller, og vi hadde også kjøpt ei sjokoladekake og ei iskake. Vi er jo ganske nye i dette bursdagsgamet, så vi var veldig usikre på kor mykje kake ein eigentleg må ha. Det viste seg heldigvis at vi hadde nok! Med ganske mykje rester etter festen har det ikkje blitt noko slanking på oss denne veka for å sei det sånn...
Før festen begynte var det litt rydding på gang i leiligheten. Sigrid er veldig fasinert av støvsugeren, og hjalp sjølvsagt meir enn gjerne til med forberedelsene.
Sånn flaks at ho fekk sin heilt eigne støvsuger i gåve frå nokon av gjestene! Då kunne ho jo være med på oppryddinga også :)
Mandag var det tid for bursdagsfeiring nummer tre sammen med ei gruppe barn og mødre som alle er expats her på Geoje. Vi har vore mykje saman denne våren, og vi gler oss til å leike saman med dei framover i haust også:) Kaker stod på menyen også her, saman med leik og skravling.
Då var altså vår herlige og nydelige Sigrid feira 3 dager til endes, og vi er ferdige for denne gang. Eller, vi har jo framleis litt kake igjen, så det kan hende vi feirer ho bittelitt til ;)
For et sjarmtroll! Så ut som om det ble en vellykket 1-årsdag i alle fall :) Håper dere koser dere i Korea! Det er veldig atig å følge med på bloggen.
ReplyDeleteGratulerer! Tadadarammmmm!!!
ReplyDeleteTusen takk for det ;)
ReplyDelete