No er sommeren på hell også her på Geoje. Det vil sei, koreanerene meiner sommeren er over, eg trur nok vi nordmenn har iallefall ein månad igjen med sommerstemning før vi kjem til å sei det samme.. No har vi fine og passe varme dagar med +25 grader og under 20 grader om nettene. Deilig :)
Det har vore ein veldig fin og utrulig varm sommer. Gradestokken har stått på godt over 30 grader lenge, og flaggene har hengt ca rett ned, dvs. veldig lite vind. Koreanerene seier at det har vore uvanlig varmt i år, og skuleferien til borna på Geoje har i år blitt forlenga med ei veke på grunn av varmen... Frøken redhead med datter har holdt seg innendørs eit par av dagene her, rett og slett fordi det har vore for varmt til å få gjort noko fornuftig (og ufornuftig også for den del) ute. Det har vore litt for varmt om nettene også, noko vi har merka godt på Sigrid sin nattesøvn. Men for all del, det har jo vore luksus å vite at vi har hatt sol dag etter dag etter dag, og vi er jo svært positivt overraska, sidan juli ofte er regnværsmånad her.
I tillegg til varmen er det også høg luftfuktighet her. Vi har plassert ut fuktsamlingsbokser i alle skap i leiligheten for å redde både klær og mat, og aircondition står på heile tida. Sjølvsagt har vi vore forkjøla og småsjuke alle tre ein liten periode på grunn av dette, men det gjekk over, og det var verdt det! Vi har også gått ut ein gang eller to med litt for mykje klær på, pga kalde og gode temperatur inne, men har snudd fort når vi har møtt på badstutemperaturene utanfor ytterdøra.. Vi er ikkje så alt for vant med slike varme og fine somrar.. :)
|
Legg merke til real feel-temperaturene... |
Etter at Fosse/Hjelmelands reiste heim igjen vart det ganske tomt her på Geoje. Mange av våre venner var jo heime på ferie, og nokon reiste også heim for godt. Akkuat det er jo ein av dei kjedelige tinga med å være expats slik som dette. Men ein av dei kjekke tinga er jo også at det også kjem nye og kjekke folk hit heile tida.
Vi har mellom anna blitt kjent med nokon nye norske familier som er flytta hit i forbindelse med prosjektet som far jobber med. Dei bur i samme boligkompleks som vi gjer. Veldig gøy med nye og kjekke "naboer" :) Vi har vore på strandturer sammen, på lunsj, og vi damene har til og med hatt og ein frikveld sammen med shopping og øl som avslutning! Veldig koselig :)
Stranda har jo hatt besøk av oss eit par gonger denne sommaren. Sigrid storkoser seg i sanden, og også i sjøen. Mor har sjølvsagt også i år blitt solbrent, men Sigrid har vi heldigvis klart å holde noko lunde fri for slikt. På strendene kan vi leige oss både parasoll, gummibåt, baderinger og flytevester. Spesielt badering og flytevest er veldig populært, og det er jo veldig greit at ein slepp å drasse med seg ein eigen svær ein.
Koreanerene tenker litt annleis enn det oss når det kjem til badeantrekk! Det er ein kamp for ikkje å få sol på seg, og dei bader gjerne i både hettegenser, hatt, bukse og joggesko. Vi slepp iallefall noko kroppspress på strandtur :)
I tillegg er det veldig mange som leiter etter skjell og snegler som dei kan ha til middagsmat (trur eg). Dette gjeld både unge og gamle. Det seg egentlig ut som om dei koser seg med det. Kanskje det litt som for eksempel blåbærplukking i Norge? Godt, praktisk og koseleg på samme gang :)
|
Dei eldste jentene bygger flott sandslott |
|
Det var STOR stas å sitte i vannholet på land og grise :D |
|
Ungane har fanga krabbe :) |
|
Sigrid og nabojenta Pia leiker godt ilag :) |
|
Her blir det samla skjell, med stor iver! |
|
Gujora Beach |
Vi har også vore ein søndagstur på Windy Hill. Dette er ei vindmølle litt sør på øya som er eit veldig populært turistmål for koreanere. Det har mellom anna blitt spelt inn ein del scener frå filmer og TV-serier her. Litt synd at det var disig den dagen vi var der, men det var likevel ein veldig fin plass!
Denne gangen klarte vi heldigvis å forutsjå terrenget, og droppa vogna til fordel for bæremeis. Takk og lov!
|
Windy Hill |
Ellers har vi vore ein god del på vår lokale leikekafe, og om kveldane har vi vore på leikeplassen her. Sigrid har nemleg lært seg å gå! Så då føles leiligheten vår plutseleg mykje mindre, tida ho bruker frå eine enden til den andre har iallefall gått svært mykje ned. Då er det greit å gå ein anna plass slik at ho kan få springe fra seg.
|
Veldig kjekt når borna har lyst å leike med ho :) |
|
Litt ustødig enno, men det kjem seg kvar dag :) |
Forige veke kom det endeleg nokre regnværsdager. Det gjorde godt for både solbrendte nordmenn og tørre åkrer. Frukt og grønnsaker er visst ekstra dyrt i år på grunn av varmen. Dagen før første regnværsdag fekk vi pakke i posten fra bestemor og bestefar Tvedt med bursdagspakke til Sigrid. Her låg det passande nok eit par støvler, så når regnet då kom måtte vi sjølvsagt ut og prøve desse. Mor forsøkte å lære Sigrid å hoppe/trampe i dammer, men eg trur nok det var mor som hadde det kjekkast med akkurat det :)
|
Vi var heilt åleine på leikeplassen den dagen, resten av folket gjøymde seg under paraplyer eller tak.. |
No er temperaturene som sagt gått noko ned, og vi kan endeleg gå litt tur og leike ute midt på dagen. Herleg :) Ryktene seier at vi er på full fart inn i tyfonsesongen. Vi venter i spenning!!
No comments:
Post a Comment