For ca ein månad sidan reiste besteforeldra Fosse og tante Silje med familie tilbake til Norge igjen etter 2 veker ferie her i Sør Korea.
Mor og Sigrid reiste saman med dei frå Norge til Sør Korea. Turen gjekk stort sett bra, flyet frå København til Beijing var forsinka nokre timer, men vi nådde flyet vårt frå Beijing til Busan likevel. Dei tre små reisekompisene våre var knallflinke heile vegen, og fann seg i både flymat, uvante sovetider og sovestillingar, gåing, bråk.. Det var ingen problem å reise med dei :)
Vi var 5 vaksne og 3 born med jetlag i tillegg til at her var høgare lufttemperatur enn vi var vande med, så aktivitetsnivået begrensa seg litt sjølv dei første dagane. Alle takla eigentleg jetlagen svært bra, både store og små. Dei to yngste sov litt meir på dagane og la seg litt seinare på kvelden enn vanleg dei første dagane, men det gjorde ingenting. Vi utnytta dei litt uvante sovetidene deira til å spise shabu shabu på mandagen og korean barbeque på tirsdagen. Ved begge desse rettane blir maten tilberedt på ein grill eller plate midt på bordet, og det er derfor litt upraktisk å ete dette saman med nokre etter kvart svært så mobile småtroll.
|
To gode venner |
|
Bestefar Fosse og barnebarn |
|
Bestefar og Bestemor Fosse hadde 30 års bryllupsdag 9. juli, og dette måtte sjølvsagt feirast med kake :) |
|
Tante Silje |
|
Håvard var ein racer i sklia på leikeplassen |
|
Sigrid og far på leikekafe |
|
Bestemor og bestefar Fosse er litt skeptiske til shabu shabu, men syns det var godt :) |
Far var på jobb den første veka besøket var her, så desse dagane holdt vi oss på øya. Vi var på stranda to dagar og kosa oss, nokon blei brune og nokon blei raude, slik det skal være etter ein tur på stranda. Ein tur ned til Gohyeon måtte vi jo også. Her var vi mellom anna på markedet. Ved den eine fiskeboden såg vi ein blekksprut på rømmen! Mor syns blekksprut er eit ganske ekkelt dyr, og var ei stund redd for at den skulle komme seg ned på bakken og suge fast i føtter eller sko eller andre ting, men den fann seg heldigvis ein stamp som den ploppa nedi.. puh...
|
Gujora Beach |
|
Strandløve |
|
Stas å leike med bestefar |
|
Tantekos på kafe Gohyeon |
|
Godgutten Håvard :) |
|
Skal det være ein sprellande larve? |
|
Eller kanskje ein blekksprut på rømmen? |
V var også på eit par leikekafear slik at dei yngste fekk ut litt energi, og vi fekk også ein liten rundtur inne på Samsungverftet, guida av ingen ringare enn far sjølv! Dette var veldig kjekt, det er enorme dimensjoner det er snakk om inne på verftet, og området er svært! Det var veldig interessant og imponerande å sjå kvar far jobber :)
|
Kompiser på leikekafe |
|
Valemon |
Laurdag reiste vi avgårde til Seoul! Vi kjørte til Busan og tok toget videre derfra og til Seoul. Vi hadde fått tips frå ein av far sin kollegaer om ein bra plass å bu, så vi booka oss inn på Fraisher Suites i Insadong. Dette er eit leilighetshotell, og vi hadde to leiligheter (maks personer pr leilighet var 5 personer) der. Det var eit flott hotell som låg i eit flott og gammalt område! Insadong var ei veldig fin bydel, med gater fulle av tradisjonelle koreanske hus, varer, restauranter, souvenirbutikker og kunst for å nevne noko. Ein plass for mor å slå seg laus med andre ord... :)
|
Litt utfordrande å sitje i ro på toget |
|
Godgutten :) |
|
Og endå ein godgutt :) |
Juli er regntid i Seoul, så det kom nokre gode byger innimellom i løpet av dagane. Søndagen var det ein god del regn, så vi bestemte oss for å reise på shopping denne dagen. Vi endte opp på Shinsegae departement store, der vi fekk trimma korta vår litt.
|
Værmeldinga... |
Mandag fann vi ut av vi skulle trosse regnbygene og gå på sightseeing. Vi valgte ut Bukchon Hanok Village og PALASS, då desse var i nærheten av både kvarandre og hotellet. Så vi tok med oss dei store paraplyane som stod på hotellromma, gjekk innom ein kiosk på vegen for å kjøpe fleire paraplyar og sette ut på gåtur.
Først gjekk vi til Bukchon Hanok Village. Dette er ein liten bydel med mange gamle tradisjonelle hanok-hus, og er sjølvsagt blitt ein populær stad for turister fra både Korea og ellers i verden å besøke. I tillegg til at det bur folk i ein god del av husa, har det også utvikla seg mellom anna mange restauranter, kafeer, små overnattingsstader, kunstgalleri, og utsalg her.
Som småbarnsforeldre står ein gjerne opp litt før alle andre, det var iallefall tilfellet her. Vi var ute og gjekk før mange av dei opne husa hadde opna, så det føltes litt stille og tomt enkelte stader i Bukchon. Vi gjekk opp til ein høgde der vi fekk sett litt på utsikten, før vi gjekk nedover mot palasset.
På vegen nedover var vi innom nokre butikkar som etter kvart var opna for dagen, ein kafe, og også innom National Folk Museum of Korea, samt National Childrens museum. National Childrens museum bestod av to utstillinger. Vi gjekk på den eine som hadde navn etter ei kjent koreansk barnefortelling (som mor ikkje hugser kva heitte) Det såg egentlig veldig kjekt ut, med aktiviteter for borna som for eksempel papirbretting, utkledning, historieforteljing og leik med gamle redskaper. Dessverre var alt sammen på koreansk, så vi var der berre ei lita stund og såg oss rundt.
På Korean Folk Museum var der utstilling om korleis livet var i gamledagar, frå feiring ved fødsel, den viktige eitårsdagen, vidare gjennom skule og utdanning, jobb, familielivet, feiring av dei gamle og til slutt døden og begravelsen. Dette var eit ganske bra museum. Det var også utstilling utanfor museet som vi kikka rundt på, før både magen og føtter sa at det var tid for ein liten lunsjpause.
|
Bukcheon Hanok Village |
|
Slik er Hanok-husa bygd opp |
|
Bukcheon Hanok Village |
|
Eit tun vi gjekk inn i, men som var stengt |
|
Korean folk museum |
|
Sigrid og Vebjørn er født i dragens år |
Etter ein lunsj på den første og beste plassen vi fann, var vi klare for ny attraksjon. Vi gjekk til Gyeongbokgung Palace. Her var vi så heldige å komme like før det var vaktskifte, så vi fekk med oss heile seremonien både utanfor porten og inne på plassen. Stilig :)
Vi nøyde oss med å sjå på vaktskiftet og Imperial Throne Hall, eit stort bygg med imponerande utsmykking i tak, på bjelker og langs søyler, og med ei stor raud trone i midten.
|
Vaktskifte ved Gyeongbokgung Palace |
|
Vaktskifte ved Gyeongbokgung Palace er ingen spøk |
|
Throne Hall |
|
Imponerande tak i Throne Hall |
|
Vebjørn koser seg på ryggen til tante Silje |
|
Cute! Cute! |
|
Dei små er ein attraksjon i seg sjølv. |
|
<3 |
Etter å ha gått ute ein heil dag, følte vi oss ferdige med sightseeingen og gjekk tilbake til hotellet. Vi kjente det godt på føtene at vi hadde gått svært mykje, og er superimponerte over fetter Håvard som gjekk og gjekk heile dagen uten klage! :)
Tirsdagen fekk vi med oss litt souvenirshopping i Insadong, før vi tok toget tilbake til Busan igjen.
Oppholdet i Seoul var svært kjekt, men vi innsåg også kor stor denne byen faktisk er! Hit må vi nok tilbake fleire gonger for å få med oss litt meir av alt denne flotte byen har å tilby!
Vel heime på Geoje gjekk dei siste dagane av besøket med til litt shopping både her og der, Onkel Stig fekk mellom anna kjøpt sykkel til tante Silje! Denne skal stå her hos oss slik at den kan bli med i kontainerflyttelasset vårt når me skal heim igjen. Kanskje mor får ta den med ut på luftetur før den tid ;)
Bestemor og tante Silje var også svært imponerte over skosokkene vi har på spisebordsstolene her, så etter ein del leiting fekk dei endeleg tak i slike. Bestefar Fosse fekk seg koreanerhatt, fetter Håvard fekk seg både lego, ein stilig bil/mann og sverd, og fetter Vebjørn fekk seg ratt med både lyd og lys :D
Sidan besøket ikkje er her når Sigrid har bursdag, fekk ho litt tidlige bursdagsgåver. Ho fekk mellom anna ein gåbil av bestemor og bestefar Fosse. Perfekt, sidan ho tok sine første steg då vi var i Seoul :)
|
Nyesykkelen til tante Silje |
|
Veldig populært med den nye bilen |
Laurdag morgon tok vi farvel med besøket etter to fantastiske veker saman her i Sør-Korea :)
No blir det å sjåast på skype framover, og så kan vi jo glede oss til å sjåast att i jula :)
Tusen takk for besøket!
No comments:
Post a Comment