No har vi nett komme tilbake til kvardagen her på Geoje etter ein liten Norgesferie etterfulgt av Koreabesøk av Fossingane. Vi har hatt til saman 6 flotte veker saman med familie og venner :)
Leikanger |
Ostereidet |
Været var vi veldig fornøgde med, med stort sett oppholdsvær og sol. Nokre gode vestlandsbyger var det jo innimellom, men alt i alt syns vi det var bra!
Det blei litt kjøring opp og ned mellom Sogn og Nordhordland, men vi leigde oss ein god bil til ferien vår, så det gjekk greit både for ho i baksetet og dei to framme.
Vi kom stort sett for seint til fergene på vår lille vestlandsturne, men frøkna smiler likevel :) "E me framme snart?" |
To gode venner |
Tre generasjoner |
Knallkjekt med disse/ huske på Ostereidet! |
Bestemorkos på Fosse |
Søskenbarna på Fosse. Ikkje så enkelt for eldstemann å halde styr på dei små :) |
Stas med gyngehest! |
Oldemor og oldefar |
Det var godt å vere heime igjen, der ein forstår alt som er skreve og alt folk seier, både med ord og korpsspråk, der ein forstår kulturen, der ein veit kva som er i maten og kva det smaker, der ein finn alt ein treng i butikken, der ein kan gå over vegen på fotgjengerfelt uten å måtte speide etter kamikazemopedister eller fryktlause taxier (dette måtte vi faktisk minne oss sjølv på eit par gonger), der ein slepp å tenke på tidssoner og planlegge når ein vil prate med familien, der besteforeldra eller tanta kan passe gullet medan vi er ute på vift (Tuuusen takk for hjelpen!! )
Vi tok stort sett livet med ro i ferien vår, men fekk også tid til mellom anna:
Ein 30 årsdag
Jubilanten |
Eit bryllup
Nokre av bryllupsgjestene altså ;) |
Eit utdrikkingslag
Flottaste brura |
shopping og huskjøp!
Endeleg fann vi ut kvar vi vil bu når vi kjem heim til Norge til våren. Valget fall på Stongafjell på Askøy. Her bygger JM ut mange nye boliger, og vi skal altså bu i ein av dei. Viss de vil sjå meir kan de sjå her.
Vi gler oss :D
Far reiste tilbake til Sør-Korea 26. juni, medan mor og Sigrid blei værande i Norge nokre dagar til, og reiste tilbake 6. juli saman med besteforeldra Fosse, tante Silje, onkel Stig Henning, fetter Håvard og fetter Vebjørn.
Dei la sommerferien sin til Sør-Korea, noko vi syns var ein veldig god ide! :) Det kjem det meir om i neste blogginnlegg!
No comments:
Post a Comment