2. Januar 2013 legg familien Tvedt Fosse ut på eit spennande eventyr. Vi reiser til Sør-Korea!
Her skal vi bu i 14 månader medan pappa Yngve jobber med ferdigstillelsen av plattformen Valemon. Dette Statoilprosjektet vert bygd på Samsungverftet som ligg på øya Geoje like sør for Busan, og det er også på denne øya vi skal bu.
Mamma Sara har eit års ekstra mammapermisjon, slik at ho og Sigrid kan være med på tur :)
Som så mange andre skal også vi ha ein reiseblogg, slik at nære og fjerne kan følgje med på korleis vi har det i dette landet langt langt borte.
Vi gleder oss alle tre, og trur dette blir ei spennande og innholdsrik reise!
Her er eit kart som viser kvar vi skal.
No comments:
Post a Comment