Sunday, July 27, 2014

Farvel, Korea. Hallo, Norge!

No har vi vore heime i Norge i over tre månader allerede, tida har verkeleg flydd, men så har vi hatt rikelig å halde fingrane i også sidan vi kom heim! Av og til savner vi vårt nærast bekymringslause liv i Sør-Korea, men samtidig har vi det svært fint heime i gamlelandet også, med nærhet til familie og venner, og kjente omgivelser.

Vi satte oss på flyet til Norge den 23. april, då var båtfrakten vår reist avgårde eit par veker i forvegen, og flyfrakten var henta eit par dager før vår avreise.De føles litt sprøtt at vi har vore der i nesten 1,5 år i Sør-Korea,og at det no er over!  

Noko kjærleik ved første blikk var det nok ikkje mellom Sognastrilane og Sør-Korea. Ved første turen dit i november 2012 var vi så døgnville at vi såg dobbelt, Sigrid sov kun når vi hadde avtale om leilighetsvisning eller medan vi spiste middag, og ho skreik stort sett heile natta og morgonen. Mor hugser ikkje stort fra den turen for å sei det slik..
Sigrid sov godt på sin aller første flytur, nesten 2 månader gammal.

Då vi flytta til Korea i januar 2013 sov heldigvis Sigrid noko lunde greit, men vi to andre var litt fortumla. Far brukte tid på å vende seg til koreansk arbeidsmetode, og mor syns det var kaldt, vindfullt og veldig grått med betongblokker over alt. Språket likna ikkje noko anna vi hadde høyrd, og her var ingen kjente ansikter.
Forandringer er ikkje mor si sterkaste side, men ho klarte heldigvis å forandre synet sitt på Geoje og Sør-Korea, sjølv om det er mange fleire grå betongblokker der no enn då vi først flytta dit, og far fann ut av koreansk arbeidsmåte også etter kvart. Etter ei stund var ikkje språket lenger fullt så skremmande, og vi fann ut at å lese koreansk skrift eigentleg var ganske lett, og då vi reiste måtte vi sei farvel til mange flotte mennesker som vi har blitt godt kjent med og glade i.


Sjølvsagt er det utruleg mange pluss ved å komme tilbake til Norge igjen, det å gå over vegen på eit fotgjengerfelt for eksempel går jo som ein leik her til lands i forhold til i Korea, men trass i sine skavanker er vi blitt veldig glade i øya Geoje og landet langt langt borte, og her er mange ting vi saknar når vi no er heime igjen.
  • Alle vi blei kjent med og som har var ein del av vår kvardag der
  • Eit bekymringslaust liv utan rekningar og faste avdrag
  • Nærheten til søraust-Asia
  • Utvalget av kafear og restauranter
  • Morgontreningen på fredagar, etterfulgt av frukost på hotellet (far og nokre kollegaer sitt lille prosjekt!)
  • Å sei "hei" og "hade" til heilt fremmede i heisen, på leikeplassen, på butikken eller uansett kvar ein går (mulig dette ikkje er heilt vanleg der, men vi gjorde det uansett...)
  • Den høflege bukkinga til alle og ein kvar som kan bety både hei og farvel og takk (Mor digger dette formelle, og Sigrid bukker framleis når ho takker)
  • Gatematpannekake med kanel og sukker og nøtter inni
  • Leikekafear!
  • "Happy mom service" på flyplassane
  • Begeistringen for små barn, uansett om barnet hyler eller ler eller kaster opp eller spring rundt
  • Utvalget i matbutikkene
  • Fine Yang Mi, nannyen til Sigrid
  • Været ( det vil sei, denne våren og sommaren har jo været i Norge vore heilt fantastisk, men eg reknar med at vi kjem til å sakne været i Korea når hausten kjem...)
  • God tid
Tida i Korea hadde aldri vore den samme utan alle dei kjekke kollegaene til far, deira familier, og den herlige "barselgruppa" som mor og Sigrid blei ein del av. Desse har betydd utruleg mykje for oss, og blei vår lille "koreafamilie". 

Thank you to all our beautiful friends whom we were so lucky to get to know during our stay in South Korea. You made our stay a great stay, and you all mean a lot to both me, Sigrid and Yngve! We miss you alot, and hope to see every one of you again somewhere in this not-so-big-anymore-world.  You know who you are ;) 



Flyttinga til Norge varte lenge, vi hadde litt ting på lager i Stavanger som vi fekk kjørt opp til nyehuset vårt på Askøy, så dette, saman med koffertane vi hadde med oss sjølv frå Korea, var det vi hadde då vi flytta inn i Stongafjellsvegen. Flyfrakten vår kom etter tre veker, endeleg.  Og etter 6 veker kom til slutt båtfrakten vår også. Saman med litt nyinnkjøpte møbler, er vi no komme oss godt tilrette i denne nye heimen vår. Endeleg :)

Så kva har skjedd sidan vi forlot Geoje, Sør-Korea til fordel for Askøy, Norge?
Sigrid har naturleg nok blitt eldre, språket hennar skaut fart etter at vi kom tilbake til Norge, no prater og syng ho svært mykje, og vi forstår meir og meir av det ho seier. Ho er ein bestemt liten fant som stort sett smiler seg gjennom dagen :)


Mor og far har bytta roller etter at vi kom heim, mor har jobba medan far har hatt pappapermisjon ut juli. Alle tre har trivdes veldig godt med det, mor syns det er fint med litt vaksenliv igjen, og far og datter har storkosa seg i kvarandre sitt selskap :) No skal far fortsette i Valemonprosjektet i offshore-turnus fram til jul, medan Sigrid skal begynne i barnehage.
Vi har som sagt flytta inn i nytt hus på Stongafjellet på Askøy, og livet der vi ikkje hadde noko vi skulle ha gjort er dermed over. Men vi trivest med det, far koser seg med terrassebygging, og mor med innredning og framtidsplaner for huset. Sigrid liker godt lettvintheten her med å gå på leikeplassen eller ut i hagen på trampolina, og stortrivest med ikkje å ha nokon i ein leilighet under oss som vi må ta hensyn til. Og det gjer vi vaksne også :)



Vi feira sjølvsagt grunnlovens 200 års dag, nydeleg dag!


24. mai hadde vi vårt draumebryllup, vielsen var i Vike kyrkje, medan festen var på Fjordslottet på Osterøy. DS Oster kjørte gjestene over fjorden både frå Osterøy til Vikanes og tilbake igjen etter vielsen. Heile dagen gjekk som smurt (nesten), været var flott, maten var god, fine talar og flotte gjester gjorde at dagen blei akkurat slik vi ønska oss og endå litt finare :) Mor måtte jo sjølvsagt gløyme noko, denne gongen var det brudebuketten som blei lagt igjen på hotellet før vielsen, og dette blei oppdaga etter at båten var lagt frå kai. Men Fjordslottet hjalp til og fekk frakta buketten til nærmaste kai slik at Oster kunne komme inntil og ta imot dei flotte blomane, så mor fekk sin kvast med inn på kyrkjegolvet.

Mor si søster har også fått gifta seg med sin Frode, ein flott dag med vielse i Meland kyrkje og fest, god mat, flotte talar og fine folk i Strilatun på Seim :) 

Sommerferien dette året gjekk til å oppfylle nokre av mor og far sine barndomsdraumar. Endeleg fekk mor med seg ein Backstreet Boys konsert, og far sin draum om å reise til Legoland gjekk også i oppfyllelse. Sigrid har sjølvsagt også kosa seg på ferie, vi var altså i Danmark, og har kosa oss med bading og sykling og byvandring :)
Backstreet Boys!!
Konserten må dokumenterast godt ;)
Bergen by i Legoland
Far forklarer Sigrid kven den eigentlege Sognekongen er.. ;)
Sigrid spring "heia heia"

Sigrid syng ut i Århus
Dette mellom anna, saman med besøk både til og av familie har vore med på å gjere desse tre månadane i Norge innholdsrike og flotte! 


Med dette er reisebloggen vår ved veis ende. Tusen takk til alle som har fulgt med oss på Koreaeventyret vårt, det har vore ei glede å skrive om våre opplevelsar i dette annerledeslandet. kven veit, kanskje vi vender tilbake ein vakker dag?!? :) Men for no:

안녕히 계세요 Annyeonghigaseyo





No comments:

Post a Comment