Denne våren har gått utrulig fort! Her kjem ei lita oppsummering av nokre av høgdepunkta Koreavåren 2014.
Familiedag med Statoil
15. februar blei det arrangert familiedag med Statoil, etterfulgt av fest for dei vaksne på kvelden. Familiedagen var alle tiders, og ifølge far var festen også det.. :) Ved familiedagen var det leigd ein stor kidskafe, der det var mykje god mat, ansiktsmaling, ballongkunstner og magi-og såpebobleshow. Spesielt såpebobleshowet var ein hit hos både store og små.
Busan med Theodor og Christine
21. februar tok mor og Christine med oss knoll og tott ein liten tur til Busan. Vi gjekk ein del rundt i markedsgatene ved Gukje Market og såg oss rundt. Ingen av oss hadde vore der før, så vi blei veldig positivt overraska over alt ein kunne finne der. Ungene var ikkje såå imponerte, det blei mykje gåing og stopping og fremmede som ville sei hei. Men dei var veldig fornøgde med å være med kvarandre ein heil dag ;)
Økonomiansvarlig... |
Utdrikningslag for far
14. mars blei far overraska med eit utdrikningslag. Han skulle berre hjelpe ein kollega med å flytte ein gigasofa, det blei flytting av flytande "næring" istadenfor saman med gode venner. Dei kosa seg med god mat og god drikke og gode taler. Far har nemlig rykte på seg for å være ein fremdragende toastmaster, så han måtte halde både velkomsttale, kvinnenes tale og herrenes tale på sparket. I følge han sjølv stod han med glans. Kvelden blei dessverre kort for far, men det var gøy så lenge det varte ;)
Utdrikningslag for mor
Lørdag 22. mars var vi invitert i 1årsdag til Ragnhild og Jørgen si Ingrid, men då mor skulle inn og pynte seg litt etter å ha vore ute ein tur med Sigrid, var alle damene på kjøkkenet og venta ;) Mor fekk seg massasje, det var knallgod lunsj ute i det fri, vi hang i line over Deokpostranda, før det var middag og meir moro hos Ane på kvelden. Ein fantastisk fin dag!! :)
Busan Aquarium
29. mars fann vi ut at vi sulle ha oss ein dagstur til Busan, og Busan aquarium var målet. Tanken var fin, men tanken til både mor og barn var dessverre tom, så humøret var litt så som så.. Men etter litt medbrakt var vi oppe og gjekk igjen, og hadde ein fin runde i akvariet, sjølv om Sigrid syns at hovudattraksjonen burde vore dei lange gangene der ein kunne springe og hoie i.. :)
Cherry blossom
No har det begynt å bli skikkeleg vårleg her. Cherry blossom har nett passert, det var nydeleg! Vi lar bildene tale for seg :)
Oedo Botania med Statoil
5. april var vi på tur igjen med Statoil. Denne gangen gjekk turen til Oedo Botania. Dette er ein botanisk hage som ligg på ei øy litt utanfor øya Geoje. På turen ut til øya tok båten ein liten tur til Haegumgang River, som er ei øy full av grotter og steinformasjoner. Oedo Botania var nydelig, der var grønt og fint og allerede mykje blomster. Etter at vi var ferdige på blomsterøya reiste vi videre til Hakdong Pebble beach der vi spiste lunsj og kasta stein :) Ein veldig fin og behagelig tur.
Koreansk matkurs
Sjømannskyrkja i Okpo har denne våren arrangert thai, indisk, norsk og koreansk matkurs. Desse kursa har vore så populære at dei har hatt kvart kurs to gonger. Sjølv om vi var lovleg seint ute, fekk vi heldigvis plass på koreansk matkurs. Her blei det laga bibimbap, som er ris med grønnsaker, og pajeon, som er koreansk pannekake med vårløk og sjømat. Begge deler var kjempegodt, og selsapet var også det :) Om ein ønsker oppskrifter på dette kan ein finne det her: Sjømannskirken i Okpo
Dagmamma
Kjære Yang Mi har denne våren passa Sigrid nokre timar to gonger i veka, slik at mor og datter har fått seg nokre pauser frå kvarandre. Sigrid har storkosa seg sammen med Yang Mi, og ho har gleda seg til kvar tirsdag og torsdag. Bryllupsplanlegging, trening og fjellturar har vore mor sine syslar desse dagane.
Azaleafjellet og andre fjell
Som sagt så har mor fått seg eit par fjellturer uten tung last denne våren. Fjellturer er ein flott måte å få sjå meir av denne øya på, både med tanke på utsikten når ein kjem på toppen, men også reisa til startpunktet tar ein ein liten runde på øya. Nokre fjellturar sammen med frøkna har det også vore, Azaleafjellet var ein nydeleg tur, der det var full blomstring då vi var der.
Ellers går dagane med til mykje leik og moro :)
Bestevenner |
Om under ei veke flytter vi heim til ein norsk kvardag igjen, blir bra det også :)
No comments:
Post a Comment