Sunday, January 26, 2014

Juleferie i Norge

Som sagt, no er vi endeleg ferdige med jetlagen etter juleferien vår i Norge, det er ein høg pris å betale for å få ein tur til heimlandet, men det er verdt det :)
Vi har kosa oss med familie, julekaker, pinnekjøtt og ribbe, klementiner, kryssord, nytt hus, ny bil, julegåver, bittebittelitt snø, norske kvardagslege matvarer og TV-program, ei god norsk jul rett og slett. Det vil sei, sånn bortsett frå været sjølvsagt, makan til dårleg julevær skal ein leite lenge etter, det var ikkje kaldt ein gong! Uansett, tross været så har vi hatt det veldig fint :)

Frøkna og mor reiste heim 9. desember medan far var igjen i Korea for å jobbe litt lengre. Turen gjekk veldig bra, sjølv om det var litt slitsomt for mor å reise åleine med Sigrid. Vi reiste med Lufthansa frå Seoul til München, ein flytur som tok 11,5 timar! Det var litt i lengste laget for oss begge to, så det var godt då vi endeleg fekk føtene på bakken igjen slik at ho fekk litt meir plass å gå og springe på. Flyet til Bergen landa litt seinere enn planlagt grunna tåke på Flesland. Ei lita stund der var mor redd vi måtte lande på ein "naboflyplass" og bli stuck i Molde eller Stavanger eller kor enn dei pleier å lande, men heldigvis fann dei til slutt ei tåkeluke slik at dei fekk lande trygt i Bergen, hurra!! Der blei vi henta i Bergen av bestefar og bestemor Tvedt, gledeleg gjensyn som alltid :)

Den første dagen i Norge var det framleis litt snø att etter årets første snøfall, så vi måtte ut ein tur for å leike  i den medan den framleis var der. Sigrid syns snøen var alle tiders, og spesielt god å ete på, men med eit sjølvinnført vottenekt så blei det litt i kaldaste laget for ho. Likevel, kjempegøy! :D Dessverre forsvant den fine lille snømannen som vi laga allerede før det blei mørkt igjen..



Deretter var det eit par dagar der mor og frøken hadde eit litt travelt program, men ein får jo tid til overraskande mykje når ein står opp klokka 02.30 om morgonen/natta.. Vi fekk endeleg overtatt huset vårt på Askøy, vi kjøpte bil (det vil sei, far hadde kjøpt ein bil som vi var og henta, Volvo V70 for dei som er interessert i slikt..) og mor var innom jobben i Bergen og fekk prata litt med dei. Så no er vi klare for den endelege returen til Norge med hus, bil og jobb! Tusen takk til pappa og mamma Tvedt for hjelpa desse dagane :)
Etter eit par dagar hjå bestemor og bestefar Tvedt på Ostereidet kjørte mor og frøken i vår fine bil til sogn for å besøke besteforeldra og oldeforeldra på Fosse. Der var det feiring av bestefar sin bursdag, leik med fetrane, kos og avslapping, før vi reiste tilbake til Ostereidet for å feire jul der.





20. desember kom også endeleg far til Norge, hurra! Han gleda seg sjølvsagt til å sjå huset vårt, så vi tok ein tur på lørdagen for å ta igjen litt tapt familietid der, med piknik på golvet og herjing i sofaen (som også er vårt einaste møbel enn så lenge)




Julafta blei feira på Ostereidet saman med familien Tvedt, og det var ein fin og rolig dag med fine folk, god mat og kjekke pakker :)








2. juledag pakka vi i bilen igjen og reiste til Sogn for å være der ei veke, med nyttårsfeiring og familiehygge der.






1. nyttårsdag bar det tilbake til Ostereidet, og vi var der heilt til vi reiste tilbake til Korea 5. januar.
Mor og Sigrid fekk også vore med mor si venninne Eirin då. Det var utruleg koselig, og ho og Sigrid fann tonen med ein gong :D Eirin kjem også på besøk til oss i mars, og guri som mor gler seg til det!!!

Vi fekk også brukt nokre dager på å planlegge litt innkjøp til huset. Så no er iallefall seng bestilt slik at vi kan flytte rett inn når vi kjem tilbake. Vi gleder oss til å ta fatt på livet vårt på Askøy, sjølv om det kjennes veldig vemodig at vi snart skal reise fra dette landet som vi etter kvart er blitt både facinert av og glade i, og ikkje minst alle dei fine folkene som vi er blitt kjent med her. Men eg treng ikkje å bli sentimental heilt enno, vi har enno tre månader igjen som vi skal nyte til det fulle! :)






No comments:

Post a Comment