Sunday, January 12, 2014

Hausten vår i Korea


Mor og barn har det på ingen måte travelt i denne expat-tilværelsen vår, men vi har likevel nok å fylle dagane med.
Denne hausten har vore knallfin, sol stort sett heile tida, kaldt og fint. Her kjem eit blogginnlegg om kvardagslivet vårt hausten som har vore, eller ei slags minnebok for oss om du vil.

Vi har vore mykje på leikeplassen om dagane, vi må iallefall ut ein gong før frøkna sin lur og ein gang etter. Dei fleste koreanske borna her går i barnehage om dagane, så vi har leikeplassen mykje for oss sjølv, iallefall om morgonene. Det vil sei, vi deler den broderlig med kråkene og nokre andre fuglar som liker seg på forlatte plassar. Sigrid er veldig interessert i desse, og alle fuglar seier no "kaaa kaaa". Mor har prøvd å foreslå "pip pip" også, men dette blir nedstemt.
På denne kule leikeplassen koser ho seg veldig!



Nokre guttar som syns Sigrid var stor stas :)
Av og til har vi selskap av Theodor og mammaen hans, Christine, på leikeplassen. Det er utruleg moro å sjå kor gøy dei små syns det er å berre være i kvarandre sitt nærvær, dei leiker ikkje så mykje sammen, men dei har det veldig gøy på samme plass til samme tid på ein måte. Og så er det jo litt kjekkare for oss mødre å være sammen på leikeplassen også ;)
Knoll og tott :D
Kvar onsdag denne hausten har vi gått på musikktreff saman med ein del andre expat-mammaer og born som vi er mykje saman med. Det aller meste her foregår på koreansk, men det er det jo berre vi voksne som legg merke til, dei små koser seg uansett språk. Det vil sei, det har vore litt utfordrande å få Sigrid til å sitje i ro, men det er moro å sjå kor mykje meir ho sat i ro dei siste gangene enn då vi først begynte på desse treffa. No hermer ho etter læreren heime, og syng til og med på nokre av songane! Når vi seier "Sigerid Anjong" (Hei Sigrid), vinker ho ivrig :)
Dei andre expat-mammaene og borna har vi også truffe ein del utanom desse musikktimane, og vi mødre har også unna oss eit par barnefrie kveldar med middag og godt i glaset gjennom hausten :)
Den  flinke læreren :)
Men Sigrid liker seg best her
eller her... Gøy er det likevel :)
Kvart haust blir det arrangert blomsterfestival her på øya. Hit tok vi turen ein dag saman med nokre venner. Det var stort sett den samme blomsten som var over alt på området, men i ulike farger og "formasjoner", fint var det iallefall. Langs blomsterbeda var det gode stier som var fine for dei små å gå på, noko som gjorde turen mykje lettare for mor iallefall :)
Over alt på festivalområdet var det barnehageborn, det verka som om samtlege barnehagar på øya hadde tatt turen dit den dagen. Det er facinerande å sjå kor rolege og disiplinerte dei små er, barnehagedamene hadde ei snor med håndtak på til kvart av borna. Slik hadde dei fin kontroll på alle sine søte små :) Sjølvsagt var det også mykje fotografering for barnehageborna, dei er skikkeleg gode til å bli tatt bilder av alså!
Barnehageborna står oppstilt ved snora si
Finaste blomsten vår :)


"Hana, dul, set, Kinchiiiiii"


Eit forsøk på å ta gruppebilde 
Denne øya som vi bur på har utruleg mange fine fjelltoppar, og felles for alle er at det er veldig godt tilrettelagt for å kunne gå fjellturar, frå kvar du vil til nesten kvar du vil. Til kvar topp går det iallefall 3-4 løyper trur eg. Denne hausten har vi vore litt flinkare til å utnytte dette vegnettet i fjellet. Vi var så heldige å få oss bæremeis av bestemor og bestefar Tvedt då dei var på besøk her i vår. Denne har mor prøvd eit par gonger, men syns dessverre at den er litt for lang for mor sin korte kropp, og vi har difor stort sett brukt bæreselen når mor og frøkna har gått turer uten far. ( No når det er blitt vinter og kaldt i været trur eg vi må fram igjen med bæremeisten slik at frøkna kan ha litt meir klær på seg. )
Desse flotte fjellturane har vi gått saman med våre norske naboer her, blir litt lettere å gå opp desse bratte fjella når ein er saman med fine folk :)
Stort sett har det gått bra å ha Sigrid med i selen, men det har sjølvsagt hendt at ho på ingen måte syns det er ein kjekk plass å være og helst vil gå på bakken saman med mor. Men men, bortsett frå dei gongane dette skjer så er desse turane rett og slett fantastiske! Fargane i naturen har også vore utruleg flotte, og fjellsidene har vore fulle i fine haustfargar.
Utsikten frå toppen bak boligkomplekset vårt
Lerketur
To spreke mammaer på veg opp Azaleafjellet


Venner i baksetet <3

Spreke Ragnhild med Ingrid på ryggen

Vi har også gått ein del tur langs vegane her, det er mykje som er veldig annleis her enn heime i Norge, så det er alltid interessant å gå og observere både folk, hus og alt anna ein ser. Ein kjem heim med ganske mange spørsmål etter slike gåturer for å sei det slik.
Nokon som rydder i risåkeren sin
Mor har også vore ein helgetur i Busan saman med to gode nabodamer, Kristine og Borghild, medan pappaene tok kontroll i heimane. Her fekk vi tid til å shoppe det vi ville, i dei butikkene vi ville, så lenge vi ville, ganske uvant for småbarnsmødre. Pengene fekk bein å gå på rett og slett, og vi kosa oss glugg! Det trur eg far og Sigrid gjorde heime åleine også :)
Juletre på Shinsegae Departement Store

Statoilkonene i Xii-komplekset her har også vore ute på vift eit par kvelder denne hausten, med god mat og god drikke. Det er utruleg kjekt å treffast utan born av og til, slik at vi får prate uavbrutt og berre passe på oss sjølv ( det kan jo være jobb nok det..). Eg håper vi får eit par kvelder til saman iløpet av vinteren og våren :)

Laurdag før første søndag i advent var det julebasar på sjømannskyrkja i Okpo. Her var det juletre og julekaker, pølse i brød og kaffi, fiskedam og loddsalg, noko for både store og små. Og det var mange store og små der også. Kyrkja er ein veldig fin samlingsplass for både nordmenn og andre skandinaver.
Mor og far vann dessverre ikkje noko denne gongen, men Sigrid vann to fine lyslykter som passa veldig fint på sofabordet vårt :)



Mor, Sigrid, Borghild og jentene hennes var også ein tur innom juleutsalget til ein heim for psykisk utviklingshemma her på øya. Her hadde dei mykje fint som dei har laga sjølv! Vi kjøpte mellom anna med oss litt julepynt heim, og Sigrid og jentene var så heldige at dei fekk nokre papirfigurer av nokon som budde der.





Ellers har jo Sigrid hatt ein formidabel utvikling denne hausten! No spring ho rundt, ho prater meir og meir, og vi forstår også meir og meir av det ho seier. Ho er definitivt ingen baby lenger :)

Kan eg fååå?

No er vi nett komme att frå Norgesferie, jetlagen er endeleg overvunne, og vi gler oss til fleire fine kvardagar her i annerledeslandet Sør-Korea :)





No comments:

Post a Comment