At far hadde fri heilt frå onsdag til søndag måtte vi sjølvsagt utnytte. Han tok seg fri heile denne veka, og lørdags morgon 14. september sette vi oss difor på flyet i retning Hoi An, Vietnam! :)
No er vi komme heim igjen til Geoje etter ei fantastisk flott veke på ferie i denne flotte byen.
Vi reiste heimefra ca klokka midt på natta natt til lørdag, då flyet vårt gjekk frå Busan klokka 07.00 om morgonen. Etter ein litt slitsom tur med ei noko utålmodig frøken på fanget var vi endeleg framme i Vietnam på formiddagen, sidan tidssona gav oss to timer ekstra :)
Frå flyplassen og ned til hotellet kjørte vi forbi kvite strender, smale og høge bolighus i fine pastellfarger, skulpturbutikker, hus som minna mest om skur like atmed store og flotte ressorter, svære risenger, scootere i massevis, mange og store reklameskilt for skreddere i Hoi An, kirker og templer... Her var stor variasjon, men eit nydeleg land!
Han her stod frå hotellet og venta på oss. Følte oss litt viktige då ja ;) |
På samme hotell budde ein anna norsk familie som også bur her på Geoje! Fedrene her er kollegaer og mødrene er også blitt godt kjent. Det var veldig kjekt å ha dei der også ;)
Hoi An er som kjent skreddarhovudstaden i Vietnam, og ein kan få laga både klær, sko, vesker, lykter, dill dall, you name it... Vi hadde sjølvsagt planer om å få sydd oss eit plagg eller to kvar. På forhånd hadde vi hørt mykje om både antallet og kvaliteten på skredderene, men då vi reiste ned for å sjå litt fekk vi oss likevel ein overraskelse. Her var skreddere overalt, og for oss såg alle butikkene akkurat like ut med akkurat det samme utvalget av både stoff og klær. Korleis skal ein velge kvar ein skal gå då?
Her fekk vi oss eit par kjoler og skjorter, og vi var veldig fornøgde med både klær og prisen på dei :) |
Likevel ville vi handle via butikk, og vi var innom skredderen som vi fekk anbefalt på hotellet, men fann ikkje verken stoffet vi ville ha eller inspirasjonen vi trengte, så vi gjekk videre. Etter ei stund med gåing og sjåing fann vi ein butikk som mor hadde lest litt om, og gjekk inn dit. Der fann vi det vi ville ha og fekk service som gjorde oss trygge på at dette kom til å gå bra. Far bestilte rett og slett bryllupsdressen sin, og mor fekk bestilt seg eit par kjoler. Alle var blide og glade, bortsett fra ei lita frøken i vogna som syns det heile begynte å ta litt vel lang tid, og som også syns at skredderdamene til tider var litt for nærgåande.
Her fekk vi oss finkjole og bryllupsdress! :D |
Dei var også innom hotellet vårt dagen etterpå og tok ein cola sammen med oss ;)
Hoi An blir for oss: Gamle små murhus med butikker i i lange vakre gater, kjolebutikker på rekke og rad, papirlykter med lys, stor interesse for vår lille lyshåra frøken med blå auge, knallgod mat, lukta av røkelse blanda med lukta av eksos, mopeder over alt i eit salig trafikkaos, backpackere på kafeene, lyden av trommer og tuting fra mopeder, sykkeltaxier og mopeder som vil fram mellom alle turistene, kaos, men kaos med sjarm ;)
Ein av tinga vi likte så godt med Hoi An var at det var så mange som kunne engelsk. Slik som den dama som vi traff for eksempel. I løpet av ein liten time sammen med ho fekk vi vite mykje om Vietnam som vi enno ikkje heilt veit om Korea. Berre det å kunne prate engelsk på restauranter, i butikker, i taxi, med folk på gata er for oss ferie og avslapping i seg sjølv!
Heile byen er dekka med wifi! HoiAnMega_WiFi, gratis!
Fornøgd far som har fått bestilt klær og ei litt mindre fornøgd frøken som er lei av å vente. |
Det kom plutseleg ein kort, men kraftig regnskyll. Då var ponchoselgerene raskt ute, og mor fekk seg ein lekker, gul ein! |
Endeleg var det leiketid! Og i sølepytter til og med :) |
Om kvelden dukka det opp marked midt i eine gata. |
Dagen etter stormen var gata nærmest elva i byen enno oversvømt, og der det tidlegare i veka hadde vore mopedtrafikk var det no små robåtar som gjekk fram og tilbake. Den eine brua stod i vegen for ein del trær og busker som kom nedover med elva. Kvelden etter stormen var det på ny meldt om regnvær, og det var difor stor aktivitet på brua for å få buskene videre nedover elva før høljeregnet satte igang igjen.
Litt utpå kvelden blei det solgt papirlykter til å sende nedover elva. |
Vi hadde ein utruleg fin og avslappande ferie, og ingen av oss hadde noko særleg ønske om å reise heim igjen då fredagen var over. No sit vi og drømmer oss bort, og ser etter hotell og fly i håp om at vi igjen kan få oss ein liten ferie til varmare strøk over nyttår. Ein skal ikkje sjå bort frå at det blir Hoi An på ny ;)