Men før vi kan reise har der vore ein del forberedelser som har måtte gjerast. Målet var å få unna alt som måtte gjerast før jul, slik at vi kunne slappe av og kose oss sammen med familie i romjula. Heldigvis ser det ut som om det har gått bra.
Samsung Heavy Industries, der Yngve skal jobbe |
Ser ut som vi bør lære oss litt koreansk.. |
Kong Vinter på Sola |
mandag 17. desember. Det blei litt meir kaos enn vi hadde tenkt sidan Rogaland fekk overraskande besøk av kong vinter den helga! Flyttebilen som skulle komme om morgonen fredag, havna i grøfta og kunne difor ikkje hente flyttelasset før morgon samme dag som utflytting. Så utvasken vart gjort rundt kasser med pø og rask, og siste rest måtte takast etter at flyttelasset endelig var ute mandag. Flyttehjelperene mamma og pappa Tvedt fekk seg ei natt på hotell i Haugesund på veg nedover, då ferja mellom Årsvågen og Mortavika vart innstilt heile natt til lørdag pga storm. Dei kom seg heldigvis over fjorden lørdags morgon, og hjalp oss med rydding og vask. Tusen tusen takk for hjelpen!! Også tusen takk til favorittnaboane for hjelpen underveis :)
Flyttelasset står klart |
Lykkelig uvitande lita jente midt i flyttekaoset |
Yngve i aksjon |
Godt å få flyttinga gjort, men svært vemodig å flytte frå ein så fin leilighet og ikkje minst gode naboer og venner. Vi har hatt det svært fint i Rogaland og kjem definitivt til å sakne å bu der.
Ellers er flyttelasset som skal til Korea også unnagjort. Vi har fått ein del hjelp frå nokon som bur der nede no med å finne ut kva vi treng å ta med ned, og kva vi kanskje kjem til å sakne. Så vi har pakka med litt eigne ting og ellers vore på shopping og kjøpt ekstra klær til Sigrid, litt matvarer som er vanskeleg å få tak i der nede, bukser til våre noko ukoreanske kroppsfasonger og ellers anna knask som kanskje kan vere kjekt å ha. Ellers får vi tilpasse oss om det er noko anna vi føler mangler.
No er det romjul og familiekos i Sogn, medan det blir nyttårsfeiring på Ostereidet. Så no skal vi slappe av og kose oss fram mot avreise 2. Januar!
GOD JUL og GODT 2013!!