Thursday, April 17, 2014

Våren vår

No er det herlig vår her, cherry blossom har nettopp passert, så no er det grøne trær ute og blomster er begynt å dukke fram her og der også. Temperaturene går litt opp og ned, men dei siste dagene har vore flotte!
Denne våren har gått utrulig fort! Her kjem ei lita oppsummering av nokre av høgdepunkta Koreavåren 2014.

Familiedag med Statoil
15. februar blei det arrangert familiedag med Statoil, etterfulgt av fest for dei vaksne på kvelden. Familiedagen var alle tiders, og ifølge far var festen også det.. :) Ved familiedagen var det leigd ein stor kidskafe, der det var mykje god mat, ansiktsmaling, ballongkunstner og magi-og såpebobleshow. Spesielt såpebobleshowet var ein hit hos både store og små.



Busan med Theodor og Christine
21. februar tok mor og Christine med oss knoll og tott ein liten tur til Busan. Vi gjekk ein del rundt i markedsgatene ved Gukje Market og såg oss rundt. Ingen av oss hadde vore der før, så vi blei veldig positivt overraska over alt ein kunne finne der. Ungene var ikkje såå imponerte, det blei mykje gåing og stopping og fremmede som ville sei hei. Men dei var veldig fornøgde med å være med kvarandre ein heil dag ;)

Økonomiansvarlig...

Utdrikningslag for far
14. mars blei far overraska med eit utdrikningslag. Han skulle berre hjelpe ein kollega med å flytte ein gigasofa, det blei flytting av flytande "næring" istadenfor saman med gode venner. Dei kosa seg med god mat og god drikke og gode taler. Far har nemlig rykte på seg for å være ein fremdragende toastmaster, så han måtte halde både velkomsttale, kvinnenes tale og herrenes tale på sparket. I følge han sjølv stod han med glans. Kvelden blei dessverre kort for far, men det var gøy så lenge det varte ;)

Utdrikningslag for mor
Lørdag 22. mars var vi invitert i 1årsdag til Ragnhild og Jørgen si Ingrid, men då mor skulle inn og pynte seg litt etter å ha vore ute ein tur med Sigrid, var alle damene på kjøkkenet og venta ;) Mor fekk seg massasje, det var knallgod lunsj ute i det fri, vi hang i line over Deokpostranda, før det var middag og meir moro hos Ane på kvelden. Ein fantastisk fin dag!! :)




Busan Aquarium
29. mars fann vi ut at vi sulle ha oss ein dagstur til Busan, og Busan aquarium var målet. Tanken var fin, men tanken til både mor og barn var dessverre tom, så humøret var litt så som så.. Men etter litt medbrakt var vi oppe og gjekk igjen, og hadde ein fin runde i akvariet, sjølv om Sigrid syns at hovudattraksjonen burde vore dei lange gangene der ein kunne springe og hoie i.. :)




Cherry blossom
No har det begynt å bli skikkeleg vårleg her. Cherry blossom har nett passert, det var nydeleg! Vi lar bildene tale for seg :)



Oedo Botania med Statoil
5. april var vi på tur igjen med Statoil. Denne gangen gjekk turen til Oedo Botania. Dette er ein botanisk hage som ligg på ei øy litt utanfor øya Geoje. På turen ut til øya tok båten ein liten tur til Haegumgang River, som er ei øy full av grotter og steinformasjoner. Oedo Botania var nydelig, der var grønt og fint og allerede mykje blomster. Etter at vi var ferdige på blomsterøya reiste vi videre til Hakdong Pebble beach der vi spiste lunsj og kasta stein :) Ein veldig fin og behagelig tur.









Koreansk matkurs
Sjømannskyrkja i Okpo har denne våren arrangert thai, indisk, norsk og koreansk matkurs. Desse kursa har vore så populære at dei har hatt kvart kurs to gonger. Sjølv om vi var lovleg seint ute, fekk vi heldigvis plass på koreansk matkurs. Her blei det laga bibimbap, som er ris med grønnsaker, og pajeon, som er koreansk pannekake med vårløk og sjømat. Begge deler var kjempegodt, og selsapet var også det :) Om ein ønsker oppskrifter på dette kan ein finne det her: Sjømannskirken i Okpo 



Dagmamma
Kjære Yang Mi har denne våren passa Sigrid nokre timar to gonger i veka, slik at mor og datter har fått seg nokre pauser frå kvarandre. Sigrid har storkosa seg sammen med Yang Mi, og ho har gleda seg til kvar tirsdag og torsdag. Bryllupsplanlegging, trening og fjellturar har vore mor sine syslar desse dagane.


Azaleafjellet og andre fjell
Som sagt så har mor fått seg eit par fjellturer uten tung last denne våren. Fjellturer er ein flott måte å få sjå meir av denne øya på, både med tanke på utsikten når ein kjem på toppen, men også reisa til startpunktet tar ein ein liten runde på øya. Nokre fjellturar sammen med frøkna har det også vore, Azaleafjellet var ein nydeleg tur, der det var full blomstring då vi var der.
















Ellers går dagane med til mykje leik og moro :)

Bestevenner




Om under ei veke flytter vi heim til ein norsk kvardag igjen, blir bra det også :)



Thursday, April 10, 2014

Obeservasjoner i Korea

Mykje er annleis her enn i Norge, og mykje er også nytt for oss, ting vi ikkje har sett før og heller ikkje hadde høyrd om før vi kom hit. Ein kan kanskje sei at vi har fått eit lite "kultursjokk" på nokre punkt,vi kjem hit fullt klar over at ting her ikkje er som heime, men vi blir likevel overraska over forskjellene.

Barnehagebusser
Kvar morgon i nitida kjem det mange små stort sett gule busser hit til komplekset. Dette er busser som kjem og henter borna som skal i barnehagen eller skulen. Alle bussane har kvar sine faste stoppeplassar, og der står mor og barn klare for levering. Deretter kjører bussane til neste stopp og henter fleire born. Samme bussane kjem tilbake med borna til ventande mødre i 3-4 tida. Litt seinare på dagen, sånn i 5-6 tida, kjem det nye minibussar og henter litt eldre born til fritidsaktiviteter som for eksempel engelskskule, matteskule, taekwondo og liknande. Snedig opplegg :)

Telefonnummer i bilane
Her i Korea kan ein parkere ca kvar ein vil, det er iallefall slik det virker for oss noko parkeringsrigide nordmenn av og til. For eksempel her utanfor blokkene våre, der er det eigentleg 4 felts veg, men i praksis er der berre 2 felt grunna alle parkeringene langs vegkanten.
Og skal ein nett innom ein butikk og ikkje får parkering langs vegkanten  kan ein av og til sjå parkerte bilar i vegbana, men viktig viktig: med nødblinken på. Har du nødblinken på kan du nemleg gjere ca akkurat slik du vil nemlig. Neida, ikkje akkurat slik du vil, men ganske mykje iallefall.
Her er det heller ikkje uvanleg å parkere inne andre biler når det passer seg slik. Nokre parkeringsplasser legg også opp til dette. Det er der dette telefonnummeret i bilvinduet kjem inn! Stort sett alle har telefonnummeret sitt liggande godt synleg i framvinduet, slik at ein kan ringe deg for å få flytta bilen om ein treng det. Smart, ikkje sant? :)
Desse telefonnummer"skilta" kjem i mange ulike farger og fasonger. Far for eksempel har berre eit visittkort liggande i vinduet, medan andre har sine telefonnummer sirleg brodert på ein liten lapp eller pute, og ein får også kjøpt eigne skilt som ein kan skrive opp nummeret sitt på.

Gule klistremerker
Skulle ein være så uheldig å ha parkert ein plass der det faktisk ikkje er lov å parkere så kan ein risikere å få eit stort, fint og gult klistremerke påklistra nederst i høgre hjørne i framvinduet i bilen som ein slags straff. Nokre vakter klistrer det godt på vinduet, medan andre berre legg det forsiktig nedpå. Då kan ein jo lett få det av vinduet sjølv, men er du så uheldig å få det godt klistra på så må du rett og slett på verksted for å få det av.
Vi fekk oss eit slikt gult klistremerke då vi stod parkert i garasjen her vi bur utan adgangsmerket i vindauget, men fekk det heldigvis lett av igjen.


Høgtalerbiler
Av og til kjem det kjørande forbi nokre bilar med speaker på taket. Her blir det fortalt både det eine og det andre, kanskje reklame, eller informasjon, eller politisk propaganda, ikkje veit vi. Vi veit berre at det som oftest skjer når Sigrid sover ute i vogna si, eller vi prater i telefonen, eller generelt når det passer dårligst. Lyden er høg og det bråker. Syns vi.

Møbelresirkulering
I komplekset der vi bur er det 15 boligblokker med til sammen over 20 trappeoppganger, og kvar trappeoppgang leder til minst 40 leiligheter kvar. Altså, det er veldig mange leiligheter her. Då er det jo naturleg at det er ein del som flytter både inn og ut av desse i løpet av året. Ein ting som er så greit her er at ein slepp å reise på søppelfyllingen sjølv med møbler ein vil kvitte seg med. Det set ein rett og slett ute ved sidan av søppelsorteringsstasjonene rundt i komplekset, slik at andre kan forsyne seg av det dei ønsker. Det som står igjen etter at folk har tatt det dei vil ha blir henta av lastebiler. Eg veit ikkje heilt kvar dei kjører dette, om det er søppelfyllinga eller om det blir brukt om att andre plasser.
Då vi først kom til Korea lurte mor veldig på kva desse møblane var til, og googla difor litt på spørsmålet. På ein blogg som ein engelsklærer i Korea hadde (det er mange engelske og amerikanske lærere som reiser hit for å være engelsklærere) stod det at mange av leilighetene til desse utenlandske lærere var innreda utelukkande med slike møbler som var henta på gata.
Ofte er det ganske bra ting som står der ute, men om ein ikkje er rask nok til å forsyne seg med dei, kjem det ofte eit klistremerke på dei. Eg trur dette klistremerket er reklame, og det blir plassert der det er mest synleg, for eksempel midt på skjermen til TVen, eller frampå garderobeskapdøra, eller oppå pulten.



Valentinesday og andre dager
Valentines day er ein stor dag her i Korea. I fleire dagar før sjølve dagen er det massevis med hjerteforma sjokolade og andre romantiske ting i butikkane. På sjølve dagen har kioskene i gatene stands utanfor med salg av bamser og blomer og sjokolade og alt ein treng for å gjere den andre glad. Visst nok er det her damene som skal gi mannen ei gåve. Men fortvil ikkje, menna skal få ein sjans til å gi tilbake! Her er nemleg fleire enn berre èin "valentines day", her er ein kvar månad! Ikkje alle er like mykje feira, heldigvis. Slik eg har sett det er det tre dager som er større enn andre, det er valentines day 14. februar, 14. mars som er white day, og 11. november som er pepero day.
14. mars er det dags å gjere opp for alt ein fekk på den verkelege valentines day. Då skal mannen gi noko tilbake til dama som han fekk valentinesgåve frå. Endeleg!
11. november er pepero day. Pepero er ein pinneliknande kjeks som er veldig populær her og som fins med mange ulike smaker. Originalt skulle ein på pepero day gi ei pakke med slike kjeks til venner og kjente med eit ønske om at mottaker skulle bli lang og tynn og dermed også lykkelig. No for tida gir ein det meir for å vise at ein er glad i dei, ein slags venne-valentines day.
Ellers kan eg nevne at 14. august er green day, og dette er dei single sin dag, i juni er det kyssedagen, oktober har vindagen og desember har klemmedagen, berre for å nevne nokon.
Pepero day
Valentines day
White day
For enda fleire uvanlege opplevelser (sett med vestlege auger vel å merke ) er her eit anna blogginnlegg som er verdt å lese:
http://www.ladventurers.com/top-10-weirdest-things-in-korea/


Denne hang i heisen vår ei god stund. Google translate gone wrong...
Veldig mange restauranter har modeller av maten utenfor, noko som er veldig greit når vi ikkje alltid forstår kva som står i menyen...
Tørking av chilli og bønner(trur eg),  i heile sommer og haust låg det slike tepper rundt omkring ute med chili, bønner, ris og anna snacks fra åkeren til tørk.