Far var her i fjor vinter sammen med jobben, og prata mykje om kor fint og stilreint det var der, han skreiv til og med eit blogginnlegg om det her. Og ja, det var stilreint, skikkeleg alpestil, og stort og bra skitrekk!
Vi var litt spente på skiføret, som sagt så var det oppe i pluss 15 grader helga før, men gradestokken sank heldigvis ned til dei blå i midten av veka, slik at dei fekk produsert litt kunstsnø i tillegg til den naturlige snøen som også kom.
Vi delte oss slik at far og Jørgen kjørte ski først medan mor og Ragnhild passa dei søte små, drakk kaffi og kosa oss, for deretter å bytte slik at husmødrene også fekk kjørt seg litt. Først var mor litt redd for at morsinnstinktet skulle slå til og gjere mor til pyse, men heldigvis kom adrenalinet ganske fort i første turen nedover, slik at vi fekk litt fart og spenning vi også. Det var utruleg gøy rett og slett!!
Føret var overraskande bra syns eg, det var jo litt isete enkelte stader, men det var godt med laussnø også.
Etter middag var det same prosedure as last time, pappaene tok nokre turar, før mødrene fekk kjørt litt også. Heisane gjekk heilt til klokka to! på natta, men heiskortet vårt stoppa klokka ti, så då måtte vi gi oss, sjølv om vi kunne tenkt oss å holde på lengre.
Søndag stod vi på ski fram til tid for luren til dei små slik at dei kunne sove i bilen på veg heim.
Ragnhild hadde også bursdag då, så då fekk damene kjøre først ;) Far var lur og kjøpte akebrett til Sigrid medan mor fekk svingt seg, stor stas for frøkna.
Vel heime slengte oss på sofaen og blei liggande. Ein blir ganske sliten av frisk luft, men guri så gøy det var!
No comments:
Post a Comment