Godt nyttår alle sammen, og velkommen inn i hestens år!
31. januar var det nemleg kinesisk nyttår, Seollal, eller Lunar new year i Korea. Då har dei fleste arbeidarar, i allefall dei som ikkje jobber i serviceindustrien, fri 30. og 31. januar, slik at dei kan reise heim til familiane sine og feire. Dette kan samanliknast med jul heime, der ein samler heile familien, spiser god mat og får gaver. Butikkane har dei siste vekene vore fulle av gavepakker i alle ulike varianter, her kan ein gi bort matolje, tunfisk, skinke, sjampoo, sokker, kremer, fisk, og mykje mykje meir, alt sirleg pakka inn i lekre esker. Då mor skulle kjøpe noko til ei koreansk venninne, måtte ho spørre nokon i butikken om kva som var vanleg å gi til nokon på samme alder. Beskjeden var at ho sikkert ønska seg ei pakke som bestod av 4 bokser med skinke og 3 flasker rapsolje, sjølv om mor syns det hørtes veldig rart ut. Men ho blei veldig glad altså!
Yngve hadde fri desse to dagane denne veka, så då blei det ein liten ferietur til Seoul for oss. For å få litt meir ut av desse fridagane tok far seg fri onsdag også slik at vi kunne reise oppover då. Vi flaug frå Busan til Seoul, og tok subway frå flyplassen til hotellet, samme hotell som sist, Fraser Suites. Dette er eit utruleg greit leilighetshotell ganske sentralt i Seoul.
|
Vi har ei lita ei som alltid hjelper til! |
|
Flyfoto over Seoul |
|
Vi budde også denne gongen i Insadong |
Sidan vi overtok huset vårt på Askøy har mor sett på interiørblogger og liknande for inspirasjon til innredning. Nokon tipsa om ei koreansk nettside med mykje bra av både møbler og anna pø. Problemet er at alt står på koreansk, bortsett frå eit par overskrifter. Den eine overskrifta på sida var "showroom", og på den linken låg det jammen meg eit kart og adresse til ein butikk i Seoul. Så onsdags ettermiddag tok mor med seg mann og datter ut på ein subwaytur sørover i byen for å finne denne butikken. Vi fann faktisk fram, men butikken var langt fra så stor som det såg ut på bildene på nettsida. Uansett, vi var innom og såg, skandinavisk design er i vinden her i Korea, og dei hadde mykje fint. Det einaste mor kom ut derfra med var likevel kun ei salt og pepperbøsse. Artig tur likevel :)
|
Pitstop på pizzahut på veg tilbake til hotellet |
Sigrid var litt småforkjøla onsdagen, så torsdag tok vi ein roleg dag for å la ho slappe av. Vi leika i leikerommet, bada, lot ho sove luren sin på hotellrommet, og vi forlot ikkje hotellet før halv to denne dagen, egentlig utruleg deilig. Resten av dagen gjekk med til å utforske Myeong-dong, shoppingdistriktet i Seoul, eller, dvs. at vi utforska vegen ned til Myeong-dong, Sigrid fekk gå ein del sjølv, og då tek ting litt lengre tid enn planlagt..
Fredag var den store nyttårsdagen som blir feira stort her i landet. Vi tok turen til Namsangol Hanok Village, der det var eit Lunar new year-arrangement. Utruleg kult! Det minna veldig om norsk 17. mai-feiring, med barn i flotte tradisjonelle hanboker, leiker og show. Vi gjekk ein tur i parken som ligg like ved, før vi tok turen innom nokre av hanokene ( koreanske hus) og kikka litt. Sigrid blei som vanleg hyppig fotografert av tilfeldige koreanere. Når vi seier at ho må sei hei til folk rister ho bestemt på hovudet og seier nei, men om vi seier at no må ho sei hade, så vinker ho fint, seier hade og "byby", snur seg og går, ho har forstått det med andre ord ;)
|
Seollal var ein nydelig dag! |
|
Ein gut som leika med ein eigenlaga drage |
|
"kimchiiii" |
Ellers hadde vi ein rolig lørdag i samme område som vi var i dei andre dagane, før vi tok flyet tilbake til Busan på ettermiddagen.
|
Myeong-dong |
|
Moro på flyplassen :D |
Her på Geoje har det vore ei lita hetebølge denne helga. Då vi reiste frå Seoul laurdag var temperaturene der rundt 5 grader, medan vi landa i Busan til herlege 15 plussgrader, berre 45 minutters flytur frå Seoul. I går, søndag, var det igjen opp mot 15 grader, så vi var ute og spaserte uten jakke og stilongs. Om eit par dagar er det igjen meldt minusgrader her, og det håper eg det blir også, for vi har nemleg tenkt oss på skitur! Stay tuned...