Helga 3. og 4. mai bestod mellom anna av ein liten ettermiddagspiknikk på Dokpo Beach sammen med nokre venner. Dette var Sigrid sitt føste møte med sand, og den vart sjølvsagt nøye undersøkt, med både smakstest og luktetest... Dokpo Beach var ei veldig fin strand, der det går an å gli i line tvers over stranda. Det såg veldig gøy ut, så det må vi prøve ein gang! :)
Søndagen samme helga var det aktivitetsdag med Sjømannskyrkja i Okpo. Der vart det spela fotball, kasta vannballongar, stafett, støvelkasting, og mykje anna moro. Far var først med på fotballkamp. Han spela for bar-overkropp-laget. Dei leda lenge, men mot slutten slo desverre trøyelaget til og vann knepent.
På støvelkastinga gjekk det derimot betre. Far slo til og kasta lengst av alle! Mor og barn hadde ein litt roligare aktivitetsdag, med kos i sola saman med våre svenske venner. Sjømannskyrkja har også skreve om aktivitetsdagen, det finn de her.
Laurdag 11. mai var det tur med Statoil til Tohyeong Ceramic Art Village her på Geoje. Keramikk er svært mykje brukt her i Korea, mellom anna til å konservere kimchi i, og utanfor alle tradisjonelle hus her kan ein sjå både store og små krukker. Risboller i keramikk er også noko ein ofte ser. Slik eg har forstått det har ein i Korea produsert og brukt boller av keramikk lenge. Då vi var på Busan Museum i ferbruar var der iallefall ein god del utstillingar av gamle keramikkboller som er funne frå eldgamle tider.
Mykje fint i butikken inne på keramikkskulen |
Far si krukke og mor sitt kunstverk i bakgrunnen.. Litt kvalitetsforskjell kan ein vel sei.. |
Vi reiste til Gujora beach, ei stor og flott strand som viste seg å være populær blant nordmenn. Her var iallefall mange andre norske, så det var svært kjekt :) Vi var uti med tærne, men det var alt for kaldt i sjøen til å bade syns vi, så vi holdt oss på land.
Ellers er siste nytt fra Sør-Korea at Sigrid er begynt å krype! Ho har difor oppdaga mange nye stader i leiligheten, mellom anna er kjøkkenet veldig interessant, og det samme er yttergangen. Så no må mor og far passe litt meir på enn før. Vi har på ein måte blitt litt betre kjent med ho no når ho kryp, då ho lettare kan "fortelje" kva ho vil og kvar ho vil osv. Veldig artig! Ho reiser seg opp også av og til, men føreløpig trivest ho best langs bakken :)
No nyt vi fineværet gler vi oss til tante Maria og onkel Frode kjem på besøk på torsdag. Hipp hipp hurra!!! :)
Det var siste nytt frå Sør-Korea :)
No comments:
Post a Comment