Saturday, May 25, 2013

Besøk fra Maria og Frode og 17.Mai-feiring

Mor si søster, Maria, og sambuaren til Maria, Frode, har dei siste 6 månadene vore ute på reise med start i Cuba, videre gjennom Mellom-Amerika og Sør-Amerika, før dei reiste over til Singapore og oppover Sørøst-Asia. 16. mai kom dei endeleg til Sør-Korea og Busan! :)
Vi reiste til Busan den 16. for å møte dei der, og også for å feire 17.mai sammen. Det var veldig kjekt å sjå dei att etter så lang tid! Sigrid er jo blitt litt større medan dei har vore på tur, så det var artig for dei å treffe ho att også :)

17. mai feira vi i hagen til Novotel Hotel ved Haeundae Beach i Busan. Her stelte den kongelige norske ambassade i Sør-Korea i stand ei skikkeleg god norsk feiring, med pølser, vafler, is, tog, taler og kos. Dei hadde til og med korps!! :D  Været var fint, men det blas ein del no og då. 17.Mai-toget blei filma av Håkon frå Sjømannskyrkja, og dette blei vist på NRK i deira sendingar på dagen. Denne filmen kan de sjå her. Sigrid var dessverre blitt febersjuk natt til 17. Mai. Ho var difor ikkje heilt i form på den store dagen, men bortsett frå at ho var småsjuk så hadde vi ein veldig fin dag.

Etter middagen tok vi med oss tante Maria og Onkel Frode til Geoje, der vi feira videre med sjokoladekake.

Masse folk på stranda på denne dagen!






Dagens outfit hos Sigrid: Mariuskjole strikka av bestemor Tvedt, 17. Maisløyfe laga av mor Tvedt Fosse.

Sigrid var febersjuk både lørdag og søndag, så vi tok det roleg desse dagane. Tante Maria og onkel Frode fekk iallefall kosa og leika mykje med Sigrid, og ho storkosa seg, sjølv om formen ikkje var på topp.





Søndag våga vi oss ut ein liten tur på Prisoner of War-museet her på øya, og på kvelden var vi på Koreansk barbeque. Vi var på ein restaurant som ligg ikkje så langt frå der vi bur, men som vi aldri har vore på før. Der var det skikkeleg god mat! Onkel og tante likte det også veldig godt :)


Inngangen til museet 
Tante og mannen bærer bort ekskrementer
Medan onkel og mannen lager meir..


Etter at Sigrid var lagt seg for kvelden var det duka for bildeframvisning frå den fantastiske turen som dei har vore på. Utruleg spennande å sjå bilder frå der dei har vore og høyre om det dei har opplevd! Det høyrdes iallefall ut som om dei har hatt ein fantastisk tur :)

Mandag var heldigvis Sigrid frisk igjen, så då gjekk vi ned til byn slik at besøket fekk sett litt korleis det er her som vi bur. Vi gjekk mellom anna innom markedet der vi kjøpte med oss litt snop til onkel.
Tirsdag var det strålande vær her, så då var vi på stranda og kosa oss eit par timer før tante Maria og Onkel Frode skulle videre på turen sin.



Sigrid har storkosa seg sammen med tulletante og tulleonkelen, og mor og far syns også det var veldig kjekt å endeleg være sammen med Maria og Frode igjen :) Vi gler oss til vi kjem heimom i juni og kan være meir med dei.

Denne veka har det vore strålande vær, og i dag har vi igjen storkosa oss med lunsj og leik på stranda :)





Tuesday, May 14, 2013

Sommer og sol!

Dei to siste vekene har det vore strålande solskin og temperaturer på mellom 20 og 25 grader her på Geoje. Vi nordmenn er jo ikkje så vande med at det er sol og gode temperaturer fleire dagar, for ikkje å snakke om fleire veker, på rad. Difor har vi vore snare med å kome oss ut og nyte det flotte været så godt vi har kunna. Vi har vore på stranda, i parken, på leikeplassen og gått tur, berre for å nemne noko :)

Helga 3. og 4. mai bestod mellom anna av ein liten ettermiddagspiknikk på Dokpo Beach sammen med nokre venner. Dette var Sigrid sitt føste møte med sand, og den vart sjølvsagt nøye undersøkt, med både smakstest og luktetest... Dokpo Beach var ei veldig fin strand, der det går an å gli i line tvers over stranda. Det såg veldig gøy ut, så det må vi prøve ein gang! :)



Søndagen samme helga var det aktivitetsdag med Sjømannskyrkja i Okpo. Der vart det spela fotball, kasta vannballongar, stafett, støvelkasting, og mykje anna moro. Far var først med på fotballkamp. Han spela for bar-overkropp-laget. Dei leda lenge, men mot slutten slo desverre trøyelaget til og vann knepent.
På støvelkastinga gjekk det derimot betre. Far slo til og kasta lengst av alle! Mor og barn hadde ein litt roligare aktivitetsdag, med kos i sola saman med våre svenske venner. Sjømannskyrkja har også skreve om aktivitetsdagen, det finn de her.


Laurdag 11. mai var det tur med Statoil til Tohyeong Ceramic Art Village her på Geoje. Keramikk er svært mykje brukt her i Korea, mellom anna til å konservere kimchi i, og utanfor alle tradisjonelle hus her kan ein sjå både store og små  krukker. Risboller i keramikk er også noko ein ofte ser. Slik eg har forstått det har ein i Korea produsert og brukt boller av keramikk lenge. Då vi var på Busan Museum i ferbruar var der iallefall ein god del utstillingar av gamle keramikkboller som er funne frå eldgamle tider.


Mykje fint i butikken inne på keramikkskulen
Tohyeong Ceramic Art Village er ein keramikkskule, og vi skulle også vi få prøve oss i faget. Vi fekk litt enkel undervisning i korleis dette skulle gjerast før vi fekk prøve oss sjølv. Først skulle vi lage ein bunn, før ein skulle rulle pølser som ein "stabla" oppå bunnen for å lage skåla.

 Dette var lettare sagt enn gjort syns mor, men far fekk tidleg taket på det, og laga ei veldig fin mugge! Mor sitt kunsverk var derimot noko abstrakt, men moro var det :) Mange blei svært engasjerte i keramikkmakinga, og det blei mange flotte skåler og fat etter kvart.



Far si krukke og mor sitt kunstverk i bakgrunnen.. Litt kvalitetsforskjell kan ein vel sei..
Vi fekk også prøve å lage skåler på elektrisk dreieskive. Også her var far imponerande flink!! Det er greit å vite at han har noko å falle tilbake til om ingeniørkarrieren skulle feile.. :)



Søndag var det stranddag for familien Tvedt Fosse saman med nokre venner av oss. Før piknikken hadde vi handla inn både bøttegrill, parasoll og eit lite telt, så utstyret var iallefall i orden :)

Vi reiste til Gujora beach, ei stor og flott strand som viste seg å være populær blant nordmenn. Her var iallefall mange andre norske, så det var svært kjekt :) Vi var uti med tærne, men det var alt for kaldt i sjøen til å bade syns vi, så vi holdt oss på land.






Ellers er siste nytt fra Sør-Korea at Sigrid er begynt å krype! Ho har difor oppdaga mange nye stader i leiligheten, mellom anna er kjøkkenet veldig interessant, og det samme er yttergangen. Så no må mor og far passe litt meir på enn før. Vi har på ein måte blitt litt betre kjent med ho no når ho kryp, då ho lettare kan "fortelje" kva ho vil og kvar ho vil osv. Veldig artig! Ho reiser seg opp også av og til, men føreløpig trivest ho best langs bakken :)

No nyt vi fineværet gler vi oss til tante Maria og onkel Frode kjem på besøk på torsdag. Hipp hipp hurra!!! :)
Det var siste nytt frå Sør-Korea :)