Saturday, March 29, 2014

Venninnebesøk

Tirsdag etter at vi kom tilbake fra Vietnam kom endelig Eirin på besøk til oss! Eirin er ei av mor sine gode venninner fra barneskuletida, og det var knallkjekt at ho hadde lyst til å komme heile vegen til Sør-Korea for å besøke oss og oppleve landet!

Hurraaa for norsk pålegg!! Tusen takk Eirin, Therese og Ailin!!
Vi hadde lyst til å utforske øya vi bur på, men typisk nok var det månedens regnær to av dagane, så då endte vi på leikekafe, biltur, koreansk lunsj og middag og andre fine inneting. Fredag var det endelig finvær igjen, så då tok vi turen til Geoje Prisoner of War museum, før vi reiste ned i byen. Der blei det shopping korean style, vi tok nemlig turen innom eit innendørs klesmarked her, og handla med oss litt ting og tang som folk har bruk for.. Markedet i byen var vi også gjennom, må vise fram noko av det mest koreanske her :)








Laurdag var det nydelig vær, og vi tenkte oss ein tur til Busan. Christine var så snill og passa Sigrid eit par timer slik at vi fekk ein tur åleine. Kvelden før hadde nemlig far blitt overraska med eit utdrikningslag, så han var ikkje heilt i slag den morgonen stakkar.
Busan var kjempekjekt! Dagen var nydelig, så vi gjekk for ein utendørsdag med marked og Busan Tower. Vi prøvde oss også på markedsmat, det var egentlig ganske godt, så vi prøvde å oversjå reinsligheten der :p







Så var det dags for jentetur til Seoul, Eirin, Sigrid og mor! Også denne gang budde vi på vår andre heim i Korea, nemlig Fraser Suite i Insadong. Vi tok toget opp tidlig søndags morgon slik at vi var framme rundt tolv. Då var det like til hotellet før vi gjekk oppover mot Bucheon Hanok Village. Været var nydelig, og det var skikkelig god og avslappande vår- og helgestemning der, med mange fine hanokhus og butikker å sjå i.
Etter kvart gjekk vi til Changdeokgung Palace, her ville vi egentlig inn i hagen bak palasset (secret garden), men denne var berre open for guida turer, og dei var ferdige for dagen, så då måtte vi nøye oss med palasset. Men det gjekk fint det også, det var veldig fint og stort og nydelig dekorert. Sigrid var veldig fornøyd som fekk lov til å springe rundt der inne uten å bli masa alt for mykje på :)





Ellers fekk vi med oss ein god del andre ting i Seoul også. Vi var i Myongdong, shoppingområdet i nordlige Seoul. Her er det alltid ein haug med folk, og mykje musikk og lyd. Ein del butikker i dette landet har høgtalere på utsida av butikken slik at dei kan spele veldig høg K-pop ute også. I Myeongdong var det ei heil gate med slike butikker med musikk utenfor, så det blei egentlig berre bråkete. Men ellers ein veldig kul plass :)

Vi var også i N Seoul Tower, veldig fin plass å få litt oversikt over byen. Vi veit jo at Seoul er ein storby, men fekk ikkje heilt taket på kor stor den faktisk er før vi fekk sett det fra tårnet. Byen er rett og slett enorm!! Som turist blir ein nesten litt makteslaus av synet, for ein vil aldri i verden få tid til å sjå alt som byen har å tilby. Så vi fortsatte vår turistvirksomhet i samme område av byen i heile oppholdet vårt, så fekk vi iallefall litt oversikt der ;)








Namdaemun market var vi også innom. Her har dei absolutt(nesten) alt, og her var det også godt med folk. Vi valgte oss ut nokre områder av markedet og holdt oss der, det blei barneklærgata og voksenklærgata, vi fekk handla litt på begge stader :) Å ta med Sigrid på slike marked er egentlig ein ganske dårlig ide. Ho blir fort ein liten attraksjon i seg sjølv for dei andre på markedet, og ho har ikkje ro til å gå og sjå på alt mulig, slik som mor vil :) Så vi var ikkje der så veldig lenge, sjølv om både mor og Eirin kunne tenkt seg å leite etter fleire skatter der inne. På Namdaemun market fekk vi også prøvd oss på skikkelig koreansk bibimbap. Dette var noko ein kollega av Eirin hadde sagt at ho måtte prøve, så forventningene var høge. Turistinformantene i gatene i markedet viste oss til "food alley", her var det mange restauranter nedover med bord inne og utstillinger ute med det dei hadde å tilby, samt ei "innkasterdame", her var det berre til å velge og vrake. Sidan Sigird låg og sov i vogna si valgte vi ein av dei roligaste restaurantene. Bibimbapen blei bestilt, dama advara oss om at den var "haa haa", altså veldig sterk, så vi fekk ein med "no haa haa". Og den var kjempegod, godkjent av både Eirin og Mor :)








Seoul gav oss fleire kulinariske opplevelser også, den koreanske barbecuen i samme bygg som hotellet var kjempegod, heldigvis, koreansk barbecue har vi skrytt mykje av til alle som har vore interessert i å høyre på oss, vi er store fan!

Onsdagen reiste Eirin den lange vegen tilbake igjen til Norge, medan Sigrid og mor tok toget heim igjen til far etter nok ein vellykka Seoultur.
Både Sigrid og mor syns det var stor stas å få besøk fra Eirin, Sigrid prater framleis om besøket, peiker på kjøkkenstolen atmed mor sin og meiner at den er "Enge" sin, eller gjesterommet som også er "Enge" sitt, eller at "Enge" og "Sigi" og "mamma" "sitta takibi" (taxibil, kjempegøy!!) Vi gler oss altså begge to til å sjå Eirin att :)

Thursday, March 20, 2014

Tilbake til Vietnam

Good morning Vietnam!
Vi berre måtte tilbake til dette herlige landet, desse herlige menneskene, den herlige maten, det herlige været, den herlige stemningen.
02. mars reiste vi sammen med tre andre "statoilfamilier" herfra til Danang, Vietnam, for ei vekes sydenferie. Denne gangen budde vi på Vinpearl Luxury Resort Danang, eit svært og fint hotell 15 min fra flyplassen og 25 min fra Hoi An. Vi hadde eit stort rom med balkong og utsikt ut mot både hage og hav, og med god plass til frøkna. Badet vårt var enormt, hinsides all fornuft, og utrulig digg! Her låg alt til rette for ein kanonbra ferie :)
Vi er klare for ferie! 
To gode venner :)
Utsikten fra balkongen vår den eine dagen.
Hotellet hadde ein haug med basseng, men vi benytta oss stort sett av det lille barnebassenget, her okkuperte vi både bassenget og solsengene kvar dag. Med temperaturer på 25-30 grader, pluss litt vind, var det perfekt for dei små, dei kunne være ute og leike og bade heile dagen uten at det var for varmt. Det føltes litt rart av og til, for det var nesten ingen andre enn oss ute ved bassenga, sjølv om hotellet visst nok var fullt.
Det var altså barnebassenget som blei vår lille oase, 8 voksne og 6 born, utrulig sosialt og avslappande. Sigrid storkosa seg her med både bading og å springe rundt saman med dei andre borna i reisefølget.







Dei fleste kveldane var vi i Hoi An for å spise, vietnamesisk mat er jo såå godt! Morning Glory blei favorittrestauranten vår, og fekk besøk av oss heile tre kvelder. Her var det knallgod mat og relativt god plass til dei minste. Vi passa på å reise ned litt tidleg slik at vi fekk bord til 14 personer, då fekk vi også restaurantene litt "for oss sjølv" ei lita stund iallefall. Vi fekk vel inntrykk av at ikkje alle gjestene i restaurantane syns det var sånn veeldig gøy å sitte atmed oss... men men, slik må det jo berre bli. Vi kosa oss iallefall!! :)





Vietnameserne derimot syns dei søte små var alle tiders! Det blei mykje akking og plukking på dei minste. Sigrid blei drittlei rett og slett, og freste mot dei så fort dei såg i hennar retning, ho seier iallefall ifrå om kva ho meiner om saken, det skal ho ha!



Shopping blei det også tid til gitt, kven skulle trudd ;) Det er rett og slett umulig å gå gjennom Hoi Ans gater uten å handle, der er skreddere over alt som kan lage akkurat (sånn ca) det du vil ha, både av klær, sko, vesker, smykker og sikkert mykje anna også. Vi kom heim med eit par fleire kjoler og skjorter i bagasjen for å sei det slik, kjekt å ha! Denne gangen var vi innom markedet i Hoi An og kjøpte nokre kjoler til mor. Sist gang vi var der møtte vi ei dame ved taxiholdeplassen som gjerne ville ha oss med til butikken sin på markedet. Den gong sa vi neitakk til det, men då samme dama møtte oss også denne gangen, blei vi med ho. Markedet låg i utkanten av byen, litt unna dei største turistområda, så her var det meir "autentisk", slik ein ser for seg at eit marked i sørøst Asia ser ut, med mat (både levande og død) ute i gatene, og klær, pø, verktøy, sko inni eit større markedsbygg. Veldig spesielt og spennande å være der også. Og sydama vår var kjempeflink! :)






Litt sightseeing fekk vi også gjort. Vår lille familie hadde ein dag der vi gjekk rundt i gatene i Hoi An og fekk sett oss rundt og kosa oss der. Dette er ein nydelig by med mykje sjarm og fantastisk atmosfære!








Mor var også ein tur på Marble Mountain. Frå hotellet vårt som låg like framfor fjellet, kunne vi sjå eit tempel og ein stor pargoda, samt ein del statueselgere langs vegen. Dette viste seg å berre være ein brøkdel av det dette fjellet kunne tilby. Ved foten av fjellet var der ein liten "landsby" av steinfigurbutikker. Det frista veldig å kjøpe eit par løver eller buddhaer til hagen vår, og gjerne også ei lita fontene, men vi hadde dessverre ikkje meir plass i bagasjen.. Typisk!
Fjellet overraska oss også! Her var det massevis med grotter, tempel både her og der, små utsalgsboder, og ikkje minst var her fantastisk natur. For ein opplevelse å sjå alt dette! Det var vel verdt turen og trappetrinna.








Ikkje akkurat koreansk turantrekk...



Utover ferien viste det seg også at vi var ein gjeng som hadde naturtalent for surfing faktisk! På stranda nedenfor hotellet var det mogleg å leige surftebrett, og mannfolka benytta seg av dette nesten kvar dag. Vi damene turde oss ikkje utpå før nest siste dag, då måtte vi overtale baywatchmannen om at vi kunne håndtere dette brettet, haha, vi sa til og med at mor hadde surfa før ( som er den einaste gangen eg prøvde meg i USA, og var til stor fare for alle andre i sjøen...). Mannen meinte at sjøen var for hard for oss damer (og så på kvinnedagen også då!), men sidan vi kunne svømme fekk vi lov til slutt. Og takk for det, det var kanongøy!! Så det blei surfing både lørdag og søndag :)






Her blei mange superlativer og bilder i dette blogginnlegget gitt, men det var vanskelig å la være. Dette er ein tur vi kjem til å leve lenge på og som vi ønsker at vi kunne tatt fleire gonger, for vi hadde det rett og slett fantastisk alle tre/fjorten!
Tusen takk for turen folkens :)