Hurra for Morten og Cecilie som har blitt mann og kone, og tusen takk for at vi fekk være med å feire dykk!
15. november hadde våre gode venner Cecilie og Morten bestemt seg for å gifte seg i Phuket, Thailand. Vi var inviterte, og var også så heldige å få være forlovarar til dei, stor stas :)
Vi satte difor nasa sørvestover 14. november. Thai Airways tok oss trygt frå Busan til Bankok, og deretter til Phuket. Ein sjåfør vi fekk tak i på flyplassen tok oss videre til Karon Beach, men eg veit ikkje heilt kor trygt det var, kjøringa gjekk litt i rykk og napp, så det gjekk jo som det måtte gå - 15 minutt frå hotellet kasta frøkna opp. Heldigvis var vi litt forberedt slik at det ikkje havna så alt for mykje i bilen.
Det var eit hjerteleg gjensyn med brudeparet! Morten og Cecilie var våre gode naboer på Sola, der hadde vi det knallkjekt saman med vafler kvar søndag og ellers mykje triveleg saman :)
Vi fekk beskjed av brura om kvar dei skulle bu på Phuket, så då fann vi ut at vi ville bu der også, Møvenpick Resort Karon Beach. Her budde vi i ein liten bungalow slik at vi fekk stove i tillegg til soverommet.
15. November var altså den store bryllupsdagen! Etter ein god frukost og ein liten tur i bassenget var vi klare for bryllupsforberedelser. Mor og Morten bytta rom slik at vi fekk skilt brud og brudgom. Cecilie hadde ein knallflink frisør som kom til rommet og fekk stasa ho opp, men Morten måtte stase seg opp sjølv, med moralsk støtte fra far. Men det gjekk bra det også ;)
Bryllupet stod på ei strand, det var fantastisk laga til, nesten som på film. Brura var nydeleg, som ho alltid er, brudgommen også, og vielsen var veldig fin :)
Etter ein del fotografering og champagne, var det tid for middag på stranda. Alle sette seg ned, fekk drikke og frøkna fekk til og med maten sin, før himmelen fann ut at brura trang eit par dråper i sløret. Plutseleg begynte det å plaske ned på skikkeleg tropisk vis, slik at vi måtte springe under tak alle mann! På imponerande vis fekk personalet på restauranten flytta bord inn under eit tak av presenninger slik at vi kunne sitte der. Men det var trangt under taket og vått langs kantane, og ryktet gjekk om at det kunne begynne å regne endå meir, så vi flytta oss heilt inn på restauranten under tett tak. Der sat vi resten av kvelden medan vi spiste knallgod thaimat, høyrde på gode og rørande talar og kosa oss :) Tusen takk for ein fantastisk dag, Cecilie og Morten!
Foto: Steinar Eilerås |
Foto: Steinar Eilerås |
Foto: Steinar Eilerås |
Foto: Steinar Eilerås |
Foto: Steinar Eilerås |
Foto: Steinar Eilerås |
Her skulle vi eigentleg spise middag... |
Vi hadde først eit kort stopp på ei lita strand for å snorkle litt og slappe av etter den slitsomme turen. Deretter reiste vi til hovedøya der vi fekk oss ein matbit og ein kikk i butikkene der. Turen gjekk videre inn i eit lita bukt slik at vi fekk tatt nokre bileter av den fantastiske naturen, før vi reiste til Monkey Island. Her bur det ville aper som lever godt av turister og matpakkene deira. Det var fjære då vi kom hit, så for å få Sigrid i land måtte vi ha ho i baderingen og dra ho med oss over reva som ligg utanfor stranda. Men det gjekk greit det :) Alfaapen var den som møtte oss først, den markerte seg tidleg ved å forsyne seg grovt av bananen som mor til Morten hadde med. Då apen ikkje fekk heile banana tok den saken i eigne hender og hoppa opp og tok den sjølv. Etterpå tok apen seg til rette på ei apemor som hadde babyen hengande på magen. Ingen tvil kven som var sjefen der altså! Sigrid hadde eit merkeleg godt auge til apane. Ho peika og prata og kosa seg medan ho stod og såg på dei som sat oppå eit kvelva tre. Då dei hoppa ned på stranda vart ho endå ivrigare, og gjekk rett bort til ei apemor og bornet som sette seg ned for å ete litt banan. Sigrid sette seg rett framfor dei og syns dette var storvegs, ho lo og preika. Mor hadde ikkje like stor ro, og syns det var nok då apemora slo lett på hattebremmen til Sigrid. Då gjekk ho vidare til ein litt yngre ape, sette seg ned på eit par meters avstand og lo og preika vidare til denne apen, som også viste interesse for vår lille skapning. Mor er lettare skvetten når det kjem til dyr og sånt, så då apen begynte å peike og "frese" litt mot Sigrid, reiv mor ho med seg i frykt for at apen skulle sette fart mot ho. Frøkna blei litt skremt av mor si brå beslutning, og også ganske sint for at mor tok ho bort frå sine nye venner. Dessverre har vi ingen bilder frå denne øya, sidan båten ikkje kunne komme heilt inn til stranda.
Ellers fekk vi snorkla litt her også, mykje fint og spennande å sjå på i sjøen. I båten fekk vi vannmelon til å kose oss med, men tropiske fisker liker også slikt, så det var stilig å sjå kor ivrige dei blei då vi heiv uti nokre biter :)
Båtturen heimatt gjekk mykje betre enn båtturen til, og tok ca halvparten av tida.
Mellomstoppet vårt |
Cecilie på shopping på PhiPhi |
Apestranda |
Heile tida ved ressorten fekk far høyre frå mor at det var litt for mykje vegetasjon på ressorten, ein veit aldri kva som ligg og lurer i buskene i slike tropiske området. Og trur du ikkje det var eit hovud som stakk fram i eit lite tre utanfor hytta vår! Medan Sigrid hadde seg ein lur den eine dagen, sat mor og far utanfor og las litt. Plutseleg såg mor noko som bevega seg i eit lite tre, eit lite hovud og ein kort kropp. Kanskje ei svær åme tenkte mor, men far var klar i sin tale, dette var inga åme! Så då det gjekk ein hotellansatt forbi fekk vi huka tak i han slik at han fekk "vurdert situasjonen". Han hoppa over gjerdet, henta ein klype og gjekk på jakt! Slangen skulle bort! Etter litt bal, mor hoppande hylande bortpå stien og far ståande i stolen sin lettare nervøs, fekk han tak på slangen, tok den med seg og trakka den i hjel. Hadde han komme tilbake hadde han fått ein god takk og ein stor peng! Takk for hjelpa du :)
Ellers på ferien fekk vi bada, slappa av og kosa oss :) Sjøen hadde flott temperatur, og bassenga også. Maten var sjølvsagt knallgod, og selskapet også! Mor hater å prute, så det blei lite shopping på oss denne gangen, noko far syns var heilt greit. Sigrid hadde det også veldig fint, ho kosa seg med bading og mykje god oppmerksomhet frå både mor og far.
Vi reiste tilbake til Geoje den 19. november etter 5 flotte dagar i Phuket. Tusen takk igjen til Cecilie og Morten for at vi fekk være med på den store dagen dykkar :)