Wednesday, November 20, 2013

Oegosan Onggi Village

Laurdag for ei veke sidan var vi på Statoiltur til Oegosan Onggi Village. Hit er det ein ca 2 timers biltur fra øya vår. Statoil hadde ordna med buss for alle, men vi valgte å kjøre dit sjølv, då frøkna vår har ein lei tendens til å bli litt bilsjuk på både korte og lengre turer. Heldigvis gjekk både turen og returen bra for ho :)

Onggi er navnet på ein type koreansk keramikk, onggi-krukker blir mellom anna brukt til å foredle Kimchi i, men også andre matvarer, som soyabønner og chili. Desse krukkene står utenfor eit kvart koreansk hus.
Oeagosan Onggi Village er altså ein Village der dei produserer Onggi-produkter.

Først fekk vi ein omvisning på museumet der. Det vil sei, borna tok sin egen rundtur på museumet, medan dei andre fekk ein guida tur av ei som jobba der. Sidan mor og far hadde sin eigen lille guide, fekk vi ikkje med oss så mykje av det som blei sagt der, anna enn at verdens største onggi-krukke står på dette museumet.





Deretter var det lagt opp til at vi kunne gå rundt og sjå på produkta som er laga der. Dette var kanskje ikkje så veldig barnevennlig, det vil sei, borna hadde jo ikkje så mykje imot det, men det vart litt arbeid for oss andre å hindre dei i å rive ned alt som var på hyllene.




Mor har lenge hatt lyst til å kjøpe noko slikt som eit minne om dette landet, men det er ikkje alt som passer så godt inn i den skandinaviske interiørstilen. Likevel fann to vaser vi syns var fine, og som nok skal få ein fin plass i huset vårt på Askøy.





Til slutt fekk vi være med og sjå på når ein av dei åtte onggimasterene ved villagen laga ei stor krukke. I følge guiden som var med oss var han her den aller beste masteren her, og hadde jobba her i heile 48 år. Vi syns ikkje han såg såå gammel ut, men han har vel starta tidleg då vil eg tru.
Ei slik krukke som han laga kunne koste alt mellom 50 000 og 500 000 Won, det vil sei mellom ca 250 og 2500 NOK, alt etter korleis resultatet var etter brenninga.


I går kom vi heim frå ei lita veke på ferie på Phuket, Thailand, der vi var invitert til bryllupet til Cecilie og Morten. Det var deilig med litt varme igjen etter at hausten verkeleg har tatt tak her i Korea. Det kjem sjølvsagt eit blogginnlegg om denne turen også :)





Wednesday, November 6, 2013

Thank you. Lets run!

I det siste har far vore svært ivrig på treninga, han står opp før hanen (Sigrid) for å trene før jobb fleire gonger i veka, og han har også vore ute på joggetur eit par kvelder for å trene kondisen. Laurdag var det dags for å teste formen, då vart nemleg Samsungløpet arrangert. Thank you. Lets run!

Det var tre distanser å velge mellom, 5 km, 10 km og halvmaraton. Far konkurrerte på 10 km og hadde som mål å klare mila på under éin time!
Før han kunne setje i gang var det tid for høgtidleg åpningsseremoni på Samsung stadion. Etter felles oppvarming på grasmatta skulle ein representant for kvar sponsor komme opp på "scena". Ein av desse sponsorane var Statoil. Dei hadde dessverre ikkje så mange deltakarar i løpet, faktisk var det berre éin fra Valemonprosjektet som stilte, og det var far. Dermed måtte far opptre som selskapsrepresentant. Han måtte opp og sitte på podiet saman med ein del andre sponsorar og viktige ledarar fra Samsung, og kvar sponsor måtte i tur og orden reise seg, vinke og ta imot applaus frå alle. Til slutt skulle arrangementet opnast ved at alle representantane hadde kvar sin raude knapp som skulle trykkast på. Då blei det spelt seiersmusikk i riktig OL-stil, og det blei skutt opp fleirfarga fyrverkeri. Dette var startskuddet for dei som sprang halvmaraton.  For far var det ei ganske spesiell oppleving, men samtidig artig.
Deretter var det startskudd på samme måte for 10 km-løparane og til slutt for 5 km-løparane, men då utan hjelp frå dei høgtidlege sponsorane.
Der framme ein plass står far og viser seg fram for ein haug med folk.


Sigrid og mor kosa seg på grasmatta nede på stadion i nydeleg november(!)vær saman med eit fåtall andre supportere. Vi var likevel ikkje så lenge "åleine", for etter eit drøyt kvarter begynte det å renne inn folk frå den kortaste distansen.
Første mann i mål var denne mannen! Hurraa :)
Nei, bestemor. Ho har ikkje hue på seg. Ja, bestemor. Ho har nok klær på seg ;)

Mor hadde ikkje heilt oversikten over når far hadde lagt ut på tur, så ho stilte seg tidleg opp for å speide etter atleten sin. Hadde ho tenkt litt lengre så hadde ho kledd opp far i noko anna enn den kvite løpsgenseren som han og ca 95% av dei andre også hadde fått.. Han sklei uvanleg godt inn i mengden her for å sei det slik. Men etter å ha vinka og heia på ein heil del springande kvinner, menn og også nokre barn, fekk mor til slutt auge på den finaste springaren av alle!

Sjølv etter å ha sprunge ei mil var det overraskande mange som hadde energi nok til ein skikkeleg koreansk posering.
Heia heia!! 

Dette var eit veldg fint og familievennlig arrangement! Når dei fleste av deltakarane av 5 og 10 km var i mål var det underhaldning og aktiviteter for alle, det var matservering og god musikk medan ein venta på halvmaraton-galningane. Vi kosa oss veldig. Sigrid fann seg nokre koreanere å være med, far slappa av på matta og mor gjekk rundt og leika fotograf, altså flott for alle tre :)


Tauhoppinga var veldig populær blant mannfolka, medan damene tok til rokkeringen.


Desse dansa til ein veldig populær K-pop sang.


Desse lettkledde damene underholdt før premieutdelinga. 
Eigentleg var planen å være der gjennom heile premieutdelinga også, men det var så mange premier for unge menn, halvgamle menn, gamle menn, damer, unger osv for kvar distanse, så vi blei lei og gjekk heim litt tidlegare. Uansett, ein veldig fin, behageleg ( iallefall for mor og barn) og kjekk dag på Samsung Stadion! :)



Kva tid far fekk?
59 minutter og 49 sekund ;)