Monday, December 2, 2013

Feiring av Morten og Cecilie i Thailand

Hurra for Morten og Cecilie som har blitt mann og kone, og tusen takk for at vi fekk være med å feire dykk!

15. november hadde våre gode venner Cecilie og Morten bestemt seg for å gifte seg i Phuket, Thailand. Vi var inviterte, og var også så heldige å få være forlovarar til dei, stor stas :)
Vi satte difor nasa sørvestover 14. november. Thai Airways tok oss trygt frå Busan til Bankok, og deretter til Phuket. Ein sjåfør vi fekk tak i på flyplassen tok oss videre til Karon Beach, men eg veit ikkje heilt kor trygt det var, kjøringa gjekk litt i rykk og napp, så det gjekk jo som det måtte gå - 15 minutt frå hotellet kasta frøkna opp. Heldigvis var vi litt forberedt slik at det ikkje havna så alt for mykje i bilen.
Det var eit hjerteleg gjensyn med brudeparet! Morten og Cecilie var våre gode naboer på Sola, der hadde vi det knallkjekt saman med vafler kvar søndag og ellers mykje triveleg saman :)
Vi fekk beskjed av brura om kvar dei skulle bu på Phuket, så då fann vi ut at vi ville bu der også, Møvenpick Resort Karon Beach. Her budde vi i ein liten bungalow slik at vi fekk stove i tillegg til soverommet.

15. November var altså den store bryllupsdagen! Etter ein god frukost og ein liten tur i bassenget var vi klare for bryllupsforberedelser. Mor og Morten bytta rom slik at vi fekk skilt brud og brudgom. Cecilie hadde ein knallflink frisør som kom til rommet og fekk stasa ho opp, men Morten måtte stase seg opp sjølv, med moralsk støtte fra far. Men det gjekk bra det også ;)



Bryllupet stod på ei strand, det var fantastisk laga til, nesten som på film. Brura var nydeleg, som ho alltid er, brudgommen også, og vielsen var veldig fin :)



Etter ein del fotografering og champagne, var det tid for middag på stranda. Alle sette seg ned, fekk drikke og frøkna fekk til og med maten sin, før himmelen fann ut at brura trang eit par dråper i sløret. Plutseleg begynte det å plaske ned på skikkeleg tropisk vis, slik at vi måtte springe under tak alle mann! På imponerande vis fekk personalet på restauranten flytta bord inn under eit tak av presenninger slik at vi kunne sitte der. Men det var trangt under taket og vått langs kantane, og ryktet gjekk om at det kunne begynne å regne endå meir, så vi flytta oss heilt inn på restauranten under tett tak. Der sat vi resten av kvelden medan vi spiste knallgod thaimat, høyrde på gode og rørande talar og kosa oss :) Tusen takk for ein fantastisk dag, Cecilie og Morten!
Foto: Steinar Eilerås
Foto: Steinar Eilerås 
Foto: Steinar Eilerås
Foto: Steinar Eilerås
Foto: Steinar Eilerås
Foto: Steinar Eilerås
Her skulle vi eigentleg spise middag...
Søndag var vi på utflukt med nesten heile bryllupsfølget. Turen gjekk til Phi Phiøyene. Denne dagen blas det litt, så vi spurte kapteinen på båten om det var høg sjø eller om han trudde det var greit. I følge han var det ikkje så gale sjø når vi kom litt ut fra land. Han hadde feil! Spruten stod medan vi hoppa bortover på sjøen, og då vi kom fram var alle klissvåte. Sjølv om mor og far var sikker på at frøkna kom til å bli dårleg på turen, var ho frisk og fin og utkvilt! ved ankomst til øyene. Ho sovna rett og slett i armane til mor, medan mor blei bleikare og bleikare utover turen. Heldigvis gjekk det greit :)



Vi hadde først eit kort stopp på ei lita strand for å snorkle litt og slappe av etter den slitsomme turen. Deretter reiste vi til hovedøya der vi fekk oss ein matbit og ein kikk i butikkene der. Turen gjekk videre inn i eit lita bukt slik at vi fekk tatt nokre bileter av den fantastiske naturen, før vi reiste til Monkey Island. Her bur det ville aper som lever godt av turister og matpakkene deira. Det var fjære då vi kom hit, så for å få Sigrid i land måtte vi ha ho i baderingen og dra ho med oss over reva som ligg utanfor stranda. Men det gjekk greit det :) Alfaapen var den som møtte oss først, den markerte seg tidleg ved å forsyne seg grovt av bananen som mor til Morten hadde med. Då apen ikkje fekk heile banana tok den saken i eigne hender og hoppa opp og tok den sjølv. Etterpå tok apen seg til rette på ei apemor som hadde babyen hengande på magen. Ingen tvil kven som var sjefen der altså! Sigrid hadde eit merkeleg godt auge til apane. Ho peika og prata og kosa seg medan ho stod og såg på dei som sat oppå eit kvelva tre. Då dei hoppa ned på stranda vart ho endå ivrigare, og gjekk rett bort til ei apemor og bornet som sette seg ned for å ete litt banan. Sigrid sette seg rett framfor dei og syns dette var storvegs, ho lo og preika. Mor hadde ikkje like stor ro, og syns det var nok då apemora slo lett på hattebremmen til Sigrid. Då gjekk ho vidare til ein litt yngre ape, sette seg ned på eit par meters avstand og lo og preika vidare til denne apen, som også viste interesse for vår lille skapning. Mor er lettare skvetten når det kjem til dyr og sånt, så då apen begynte å peike og "frese" litt mot Sigrid, reiv mor ho med seg i frykt for at apen skulle sette fart mot ho. Frøkna blei litt skremt av mor si brå beslutning, og også ganske sint for at mor tok ho bort frå sine nye venner. Dessverre har vi ingen bilder frå denne øya, sidan båten ikkje kunne komme heilt inn til stranda.
Ellers fekk vi snorkla litt her også, mykje fint og spennande å sjå på i sjøen. I båten fekk vi vannmelon til å kose oss med, men tropiske fisker liker også slikt, så det var stilig å sjå kor ivrige dei blei då vi heiv uti nokre biter :)
Båtturen heimatt gjekk mykje betre enn båtturen til, og tok ca halvparten av tida.

Mellomstoppet vårt


Cecilie på shopping på PhiPhi

Apestranda

Heile tida ved ressorten fekk far høyre frå mor at det var litt for mykje vegetasjon på ressorten, ein veit aldri kva som ligg og lurer i buskene i slike tropiske området. Og trur du ikkje det var eit hovud som stakk fram i eit lite tre utanfor hytta vår! Medan Sigrid hadde seg ein lur den eine dagen, sat mor og far utanfor og las litt. Plutseleg såg mor noko som bevega seg i eit lite tre, eit lite hovud og ein kort kropp. Kanskje ei svær åme tenkte mor, men far var klar i sin tale, dette var inga åme! Så då det gjekk ein hotellansatt forbi fekk vi huka tak i han slik at han fekk "vurdert situasjonen". Han hoppa over gjerdet, henta ein klype og gjekk på jakt! Slangen skulle bort! Etter litt bal, mor hoppande  hylande bortpå stien og far ståande i stolen sin lettare nervøs, fekk han tak på slangen, tok den med seg og trakka den i hjel. Hadde han komme tilbake hadde han fått ein god takk og ein stor peng! Takk for hjelpa du :)



Ellers på ferien fekk vi bada, slappa av og kosa oss :) Sjøen hadde flott temperatur, og bassenga også. Maten var sjølvsagt knallgod, og selskapet også! Mor hater å prute, så det blei lite shopping på oss denne gangen, noko far syns var heilt greit. Sigrid hadde det også veldig fint, ho kosa seg med bading og mykje god oppmerksomhet frå både mor og far.



Vi reiste tilbake til Geoje den 19. november etter 5 flotte dagar i Phuket. Tusen takk igjen til Cecilie og Morten for at vi fekk være med på den store dagen dykkar :)





Wednesday, November 20, 2013

Oegosan Onggi Village

Laurdag for ei veke sidan var vi på Statoiltur til Oegosan Onggi Village. Hit er det ein ca 2 timers biltur fra øya vår. Statoil hadde ordna med buss for alle, men vi valgte å kjøre dit sjølv, då frøkna vår har ein lei tendens til å bli litt bilsjuk på både korte og lengre turer. Heldigvis gjekk både turen og returen bra for ho :)

Onggi er navnet på ein type koreansk keramikk, onggi-krukker blir mellom anna brukt til å foredle Kimchi i, men også andre matvarer, som soyabønner og chili. Desse krukkene står utenfor eit kvart koreansk hus.
Oeagosan Onggi Village er altså ein Village der dei produserer Onggi-produkter.

Først fekk vi ein omvisning på museumet der. Det vil sei, borna tok sin egen rundtur på museumet, medan dei andre fekk ein guida tur av ei som jobba der. Sidan mor og far hadde sin eigen lille guide, fekk vi ikkje med oss så mykje av det som blei sagt der, anna enn at verdens største onggi-krukke står på dette museumet.





Deretter var det lagt opp til at vi kunne gå rundt og sjå på produkta som er laga der. Dette var kanskje ikkje så veldig barnevennlig, det vil sei, borna hadde jo ikkje så mykje imot det, men det vart litt arbeid for oss andre å hindre dei i å rive ned alt som var på hyllene.




Mor har lenge hatt lyst til å kjøpe noko slikt som eit minne om dette landet, men det er ikkje alt som passer så godt inn i den skandinaviske interiørstilen. Likevel fann to vaser vi syns var fine, og som nok skal få ein fin plass i huset vårt på Askøy.





Til slutt fekk vi være med og sjå på når ein av dei åtte onggimasterene ved villagen laga ei stor krukke. I følge guiden som var med oss var han her den aller beste masteren her, og hadde jobba her i heile 48 år. Vi syns ikkje han såg såå gammel ut, men han har vel starta tidleg då vil eg tru.
Ei slik krukke som han laga kunne koste alt mellom 50 000 og 500 000 Won, det vil sei mellom ca 250 og 2500 NOK, alt etter korleis resultatet var etter brenninga.


I går kom vi heim frå ei lita veke på ferie på Phuket, Thailand, der vi var invitert til bryllupet til Cecilie og Morten. Det var deilig med litt varme igjen etter at hausten verkeleg har tatt tak her i Korea. Det kjem sjølvsagt eit blogginnlegg om denne turen også :)





Wednesday, November 6, 2013

Thank you. Lets run!

I det siste har far vore svært ivrig på treninga, han står opp før hanen (Sigrid) for å trene før jobb fleire gonger i veka, og han har også vore ute på joggetur eit par kvelder for å trene kondisen. Laurdag var det dags for å teste formen, då vart nemleg Samsungløpet arrangert. Thank you. Lets run!

Det var tre distanser å velge mellom, 5 km, 10 km og halvmaraton. Far konkurrerte på 10 km og hadde som mål å klare mila på under éin time!
Før han kunne setje i gang var det tid for høgtidleg åpningsseremoni på Samsung stadion. Etter felles oppvarming på grasmatta skulle ein representant for kvar sponsor komme opp på "scena". Ein av desse sponsorane var Statoil. Dei hadde dessverre ikkje så mange deltakarar i løpet, faktisk var det berre éin fra Valemonprosjektet som stilte, og det var far. Dermed måtte far opptre som selskapsrepresentant. Han måtte opp og sitte på podiet saman med ein del andre sponsorar og viktige ledarar fra Samsung, og kvar sponsor måtte i tur og orden reise seg, vinke og ta imot applaus frå alle. Til slutt skulle arrangementet opnast ved at alle representantane hadde kvar sin raude knapp som skulle trykkast på. Då blei det spelt seiersmusikk i riktig OL-stil, og det blei skutt opp fleirfarga fyrverkeri. Dette var startskuddet for dei som sprang halvmaraton.  For far var det ei ganske spesiell oppleving, men samtidig artig.
Deretter var det startskudd på samme måte for 10 km-løparane og til slutt for 5 km-løparane, men då utan hjelp frå dei høgtidlege sponsorane.
Der framme ein plass står far og viser seg fram for ein haug med folk.


Sigrid og mor kosa seg på grasmatta nede på stadion i nydeleg november(!)vær saman med eit fåtall andre supportere. Vi var likevel ikkje så lenge "åleine", for etter eit drøyt kvarter begynte det å renne inn folk frå den kortaste distansen.
Første mann i mål var denne mannen! Hurraa :)
Nei, bestemor. Ho har ikkje hue på seg. Ja, bestemor. Ho har nok klær på seg ;)

Mor hadde ikkje heilt oversikten over når far hadde lagt ut på tur, så ho stilte seg tidleg opp for å speide etter atleten sin. Hadde ho tenkt litt lengre så hadde ho kledd opp far i noko anna enn den kvite løpsgenseren som han og ca 95% av dei andre også hadde fått.. Han sklei uvanleg godt inn i mengden her for å sei det slik. Men etter å ha vinka og heia på ein heil del springande kvinner, menn og også nokre barn, fekk mor til slutt auge på den finaste springaren av alle!

Sjølv etter å ha sprunge ei mil var det overraskande mange som hadde energi nok til ein skikkeleg koreansk posering.
Heia heia!! 

Dette var eit veldg fint og familievennlig arrangement! Når dei fleste av deltakarane av 5 og 10 km var i mål var det underhaldning og aktiviteter for alle, det var matservering og god musikk medan ein venta på halvmaraton-galningane. Vi kosa oss veldig. Sigrid fann seg nokre koreanere å være med, far slappa av på matta og mor gjekk rundt og leika fotograf, altså flott for alle tre :)


Tauhoppinga var veldig populær blant mannfolka, medan damene tok til rokkeringen.


Desse dansa til ein veldig populær K-pop sang.


Desse lettkledde damene underholdt før premieutdelinga. 
Eigentleg var planen å være der gjennom heile premieutdelinga også, men det var så mange premier for unge menn, halvgamle menn, gamle menn, damer, unger osv for kvar distanse, så vi blei lei og gjekk heim litt tidlegare. Uansett, ein veldig fin, behageleg ( iallefall for mor og barn) og kjekk dag på Samsung Stadion! :)



Kva tid far fekk?
59 minutter og 49 sekund ;)